søndag 20. desember 2009

Ting? Kor?

Eg blei så smått inspirert av Voe si liste over "topp tre gode kjøp", der ho av mystiske årsaker legger ut bilder av seg sjølv og bijouteriet sitt. Eg kjenner meg straks igjen. Kan berre nett nevne Only-buksa eg (og Sunniva, etter inspirasjon frå Åshild) kjøpte i fjor haust, til 249,-. Den er vakker. Eg har og ei veske, eller to, kjøpt henholdsvis på Penneys i Dublin (3€) og markedet bak Nevskij Prospekt i St. Petersburg (650 RUB), som nærmast slåss dagleg om å få bli med meg ut. I could go on and on!

Men så går eg gjennom bildene mine på dataen, og kva ser eg? Ingen ting! Massevis av folk og ein god dose naturbilder, men ingen verdens ting. Eg tar altså ikkje bilde av gjenstandar. Her skal eg gjere eit forsøk på å visualisere dei siste bildene eg har tatt som har ein gjenstand i fokus:






















Dette er eit stjerneskuddhjul. Brukast nyttårskvelden på følgande måte:
1. Fest stjerneskudd
2. Fyr på
3. Start elektrisk motor som får sykkelhjula til å gå rundt
4. Nyt synet og takk bestefar for god fantasi













Erdinger weissbier alkoholfrei, veldig god sak.

















Grillmat på Skåtøy 1.mai-helga i år. Og eg begynner å forstå koffor eg ikkje tar bilder av ting. Det er jo ufattelig kjedelig å sjå på. Eg har prøvd å finne eit bilde av veskene mine eller buksa, men det ser ikkje ut til at dei har latt seg avfotografere så hyppig. Så kos dåke meg grillings, akoholfri øl og nyttårshjul så lenge.
(Forresten så fant eg eit bilde av den russisk veska, men grunna ekstrem festing på Tuborg Greenfestival og Fatboy Slim sin utekonsert i St. Petersburg føler eg det er mitt ansvar å skåne dei andre på bildet for å bli distribuert over internett utan samtykke. Det er jo slett ikkje sikkert dei hugsar at dei var der eingang.)

Framleis god søndag!

mandag 14. desember 2009

Glad i å låne, flink til å pante

Eg er veldig glad i pantereklamane med Odd Børretzen. "Skulle ønske eg kunne pantes", seier han med stjerner i auga. Og eg panta alltid flaskene vi har her i huset. Det er stort sett snakk om saftflasker og ein og anna julebrusflaske no i desse dagar. Ikkje noke å skryte av, sånn kronemessig. Stort sett er det panting for panting's sake. Bortsett frå éin dag i året - Philip sin siste juleeksamensdag. Det er blitt ein tradisjon at Philip avsluttar semesteret ved å invitere klassen sin på lunsj her hos oss. Først har dei eksamen, sånn omtrent fram til kl. 12. Derifrå går dei direkte på Knøderen for å spise brownies, og deretter straka vegen til vinmonopolet, og så heim til oss. No er klokka kanskje rundt 13-13.30, og dei har allereie venta lenge nok på å bli fulle - så ingen grunn til å drøye!

By the time I get home (ca 16.00) er det allereie eit høgt lydnivå i toppetasjen, og eg har to valg:
1. Bli med å drikke øl eit par tima, til dei stikker ut på Sotra på klassens julebord
2. Stikke

Det fins ingen mellomting. Heldigvis er klassen til Philip ein gjeng reale menneske med god humor og sans for fjas. Sannsynlegvis blir eg med å drikke ei øl eller to, før eg sender dei avgårde og kryssa fingra for at dei ikkje kjem tilbake for nachspiel når uteplassane stenger...

DÅ har vi litt pant, faktisk. I fjor hugsar eg at vi panta og spiste pizza for alle penga. Eg er i utgangspunktet flink til å levere tilbake når eg har lånt. Eit godt eksempel er sparebøssa mi. Der har eg eit x antal kronestykker på, og når det begynner å bli lenge sidan lønn, då er det godt å rote litt i sparebøssa og kjøpe trøstesjokolade. Men eg er god på å betale tilbake når eg har lånt pengar av meg sjølv.

lørdag 12. desember 2009

Slutt å kline på offentleg plass!

Det er sannsynlegvis ikkje så sunt for meg å vere på juleshopping. I dag hadde eg ingen plana, og blei derfor med mamma til Åsane for å sjekke ut julehandelen der. Overraskande nok var det ikkje 200 meter kø ved inngangen til Arken, men derimot passe romslig i butikkane. Eg var storfornøgd. Tenkte; dæven, eg har kanskje forhåndsdømt juleshopping ganske kraftig i år. Konklusjonen min no i ettertid er at eg aldri hadde vert så lett til sinns i butikkane i dag viss det ikkje var for at eg er ferdig med alle julegåvene. Så eg shoppa igrunn mest til meg sjølv.

På vegen tilbake var det litt rush på bussen. Vi måtte stå, eller rettare sagt sitte på hjulbue-kassane fremst i bussen. Ingenting å klage på - ein heilt nydelig rosa himmel i skumringstimen, såg ut som eit silketeppe over sotra. Men så kom det eit skår i gleden. Eg hørte eit digert slafs rett ved mitt høgre øyre, og snudde meg til: dei nyforelska drittungane. Jenta var 17 og hinsides usikker på seg sjølv. Bleika hår, lue, uryddig sminke, tygga tyggis, sa nesten ingenting. Gutten var liten av størrelse, men ein svær pikk til sinns. Sikkert 19 år. Heilt tydeleg at det var han som gjorde jenta usikker på seg sjølv. Han såg ikkje glad ut. Dei klina heile vegen, konstant. Faen i helvete, slutt med det der folkens!! Grøss.

Mamma: "Det der kunne aldri Garret blitt med på!"
Meg: "Flott."

fredag 20. november 2009

Juleshopping på internett

Eg er snart ferdig med å handle julegåvene for i år. Eg handla faktisk dei tre viktigaste presangane i løpet av éin dag! (Du tenker; "wow, how does she do it?")



Internett! Enklaste sak i verden, klikk "kjøp" og tast inn mastercardnummer, og vips så er mor, søster og sambuar happy-happy.

Praksis er straks over. Fysikkeksamen blei omhyggeleg feira med juleøl og taco på tirsdag, etter ein velfortjent karakter 5. Snart er det jul, og til nyttår blir det bryllaupsfest på Runde med Torkild og Ragnhild som hovudpersonar. Eg gleda meg heilt hinsides til fleire ting, rangert i tidsperspektivet "langt fram i tid til i dag":

- Resten av livet
- Russland neste sommer
- Bli ufaglært og begynne å jobbe frilans som tolk
- Muse- og ellospakke i posten
- Lasagne til middag seinare i dag

Sunniva og Siv er forresten eit ekstra stort sakn no i desse juletider. Akk, eg får vel sjå Love Actually med Philip då, men det blir sikkert kjedelig og tårefritt og heilt uten first price-cola.. Kanskje Sunniva vil bli med? Bedre med to S'a enn ...fire? (Stine, Sunniva, Siv og Sillyme?)


tirsdag 10. november 2009

Motebloggdebutant

I dag skal eg debutere som moteblogger! Eg har nemlig shoppa på internett. Dette gjer eg ein gang iblant når eg i eit ukristeleg øyeblikk ikkje tenker på økonomien. Det var det som skjedde i dag når eg hang rundt på www.muse.mu, nemleg.

Resultatet blei denne fabelaktige t-skjorta..

 

..som eg var på jakt etter når vi (eg og Muse) var i spektrum i oktober, men på grunn av togtider og omtrent 8000 folk foran meg i kø, blei det til at eg lot det passere. Men no har eg altså investert i ei finfin fargerik t-skjorte. Total pris med frakt blei 23.60£ og eg anser dette som eit godt kjøp.

















Sånn ellers skjer det ikkje så mykje på motefronten. Eg har vert i fjøset med Besta ein tur, og då prøvde eg ein ganske kul kjeledress.

God tur til Moskva, Sunniva. Eg er ikkje missunneleg i det heile tatt. Er det nokon som har lyst å vere i mine sko ei lita stund? Dei er størrelse 37 og godt brukt no om dagane. Ta konakt for å oppleve kjensla av å ikkje ha eit liv!

torsdag 5. november 2009

Nokon som veit?

Denne blogginga har gitt meg ny giv når det kjem til å kikke gjennom gamle bilete. Eg kom over eit som eg ikkje heilt forstår:




Dette er eit bilete av Sindre og Sunniva i Terminus Whiskeybar i september 2008. Denne kvelden var eg og Sunniva representanter fra Huset Pub når Hansa arrangerte vinsmaking på Verftet. Vi pynta oss og gjekk ut sammen med Sten og Jarle.



 Det var ein trivelig dag! Eg huska at vi syns den dyraste vinen var den beste. (Men etter å ha vert med på vinsmaking opptil fleire ganga har eg jo skjønt at den beste vinen ofte er den dyraste. Utrivelig ofte.)
Det var kjempefint vær og eg tenkte "dette er den siste ordentlege sommerdagen". Og så hugsar eg ikkje så masse meir.

Men tilbake til Sunniva og Sindre. Vi besøkte han på jobb, og klokka var vel begynt å bli litt over midnatt og vel så det. Eg hugsar den rosa-oransje drinken, den smakte godt! Tippa vi satt og lo og prata, og plutseleg var det ein ting som var så viktig at vi måtte ta bilete av at det var ein avtale. Og no har vi altså den fotografiske ekvivalenten til å "legge det på ein lur plass".

Tips?

tirsdag 3. november 2009

Ting tar seg opp

Vips, etter fem dagers sjukdom bar det ut i praksis og plutselig har eg ikkje oppdatert blogg lenger. Skal ikkje så masse til igrunn. Berre antydinga til eit ordentlig liv.

Praksis er i korte trekk litt slitsomt, meir nyttig og mest av alt alvorlig gøy. Eg og Valgeir har blitt kasta ut i tolkelivet, og allereie i dag (dag 2 av totalt 35) har vi tolka heile skuletimar aleine. Vi får fortløpande tilbakemeldingar og rettleiing, og er kjenner at dette sannsynlegvis er siste gang læringskurva mi skal stige brått. Fårhåpentlegvis. Praksisen krever ca 80% av min totale dagsenergi. Det betyr 20% igjen til å handle, lage middag, gå på matte- og fysikkurs, vere sosial osv. Med andre ord: dette er livet mitt dei neste vekene. Men, eg tek det ikkje så tungt. Eg håpar berre sjefen forstår at eg ikkje har kapasitet til å jobbe nattevakt i helgene i tillegg.

Eit bilete er på sin plass:















Her er eg og Ufo i Stavanger på besøk hos Philip hausten 2006. I denne augneblinken undrar vi oss over den klassiske "poseskuffen", som ein finn i dei fleste heimar. Vi kom aldri til bunns i den skuffa. Det var virkelig drøye mengder poser oppi der. Ufo, håpar du har det bra :)

lørdag 31. oktober 2009

Kjensla av å vere heilt aleine

Denne helga er eg heilt aleine. Philip har reist på Society for Petroleum Engineers-treff på Voss, og der er det også vossahelg med halloweenfest. Eg er aleine heime med kvithai-influensa. Dette er ein variant som er mykje farlegare enn svineinfluensa (som du sikkert forstår) og som inntil no berre har vore oppdaga i to tilfeller - Philip og meg. Vi er definisjonen på det motsatte av hypokondere, så den dagen eg drar til legen er det sannsynligvis fordi eg ikkje finner igjen ein vital kroppsdel. Anyways - eg har ikkje hatt menneskeleg kontakt sidan torsdag formiddag når Guro var innom med ei appelsin. Det begynner eg å kjenne. Faktisk så godt at eg lyser opp og håper det "er noko der" når eg høyrer lyder i gangen. (Fryseboksen, toalettet som renner, vifta i dusjen osv.)

Så langt har eg brukt sjukedagane mine til å gjere følgande: vaske kle, tippe lotto, sjå på tv, øve med på å tolke litt (skal i praksis frå mandag av), bestille ellos-pakke, prøve alle kjolene mine, barbere leggar, sukke høgt, lese to kapittel i fysikkboka og funnet ut alle dei nyttige bruksområdene til eit putetrekk.

Eg vil avslutte dagens blogginnlegg med eit bilde som gjer meg til eit lykkeleg og optimistisk menneske midt i denne kvithaisjuka. På bildet ser du Walter øverst til venstre, meg under Walter og Sunniva midt i. Du ser det kanskje ikkje, men vi smiler.


fredag 30. oktober 2009

Progresjon


Sitter i influensatåka mi og kikka gjennom loggboka. (Sannsynligvis verdens beste underholdning, spør du meg.) Her er eit eksempel på progresjon i løpet av kort tid. Desse hoppa er utført samme dag, eit tidleg på dagen og eit seinare. Kjekt med progresjon! 

No gav eg meg sjølv eit hett tips til korleis fylle denne kjipe sofadagen med noke interessant.. Eg skal sporenstreks begynne å leite etter flybillettar til Moskva neste sommer! Hurra! 
(Fy flate, det kribla godt.)

torsdag 29. oktober 2009

Ode til familien


Dette bildet tok vi i august på The Guinness Brewery i sommer. Eg og Karoline tok flyet til Dublin og overraska mamma og Garret med ei vekes opphold.

Eg er kjempeglad i familien min. Den har i ein god del år bestått av Karoline, meg og mamma. Dei siste åra har Garret kom inn og tilført spennande og positive vibrasjoner. Eg vil også sei at Philip er ein del av min familie. 

Forøvrig er eg veldig glad kvar gang Karoline gjer seg til på bilder. Det stiller meg i eit kjempefint lys. 

tirsdag 27. oktober 2009

Haustfløyen


Forhåpentlegvis til inspirasjon for alle dei som held på å miste grepet og falle i vinterdvale. Fløyen er aldri så vakker som på hausten. Pakk med kakao og kjeks, sett favorittmusikken på headset'et og rusle i sjølvvalgt tempo. Min favorittaktivitet no om dagane!

fredag 23. oktober 2009

Pus og Muse

I dag er det fredag. Av ein eller anna framleis ukjend årsak, er eg på jobb. Her er det fleire folk bak bardisken enn det er utanfor, foreløpig. Men ettersom det er fredag, så tenker eg at det ramlar inn både slitne stamgjester, ungfoler med falsk legitimasjon, skjenkekontroll og tidlegare ansatte i løpet av dei neste timane.


Oh. Robyn og han eine i Röyksopp var innom og spurte etter fyrstikker i sta. Eg gav dei fyrstikker og dei takka pent, lånte dassen og gjekk. Eit celebert toalettbesøk, med andre ord. Eg hadde ikkje peiling på dette før Thomas informerte meg om det etterpå. Haha!


Denne veka har vore eit sant slit, men no er den snart over. I morra klokka 07.58 sitter eg på toget til Oslo. Ved sidan av meg sitter Philip - ein ufatteleg bra fyr. I lomma har vi tannbørstene våre, ei rein truse, fotoapparat og billetter til MUSE i Spektrum på søndag. Dette har eg både gleda meg til, og fortjent.
Men denne veka har også vore ganske så koseleg. Eg og Philip har vore pusevakt for Edvard Lurkepus, som er katta til mamma, Garret og Karoline. Ho har vore litt deperimert, men ikkje meir enn at ho framleis malar konstant. (Men det er vel naturleg å vere trist pus når ein må vere inne i ein leilighet i Bergen sentrum i ei veke i strekk.) Verdens finaste pus? Ja!

Til slutt: eit bilde av ein kjekkas.

søndag 11. oktober 2009

Tid kjøpes, det meste av interesse!

I dag har vert ein ordentlig slapp dag. Nattevakt er både fryd og forargelse samtidig. Fryd fordi eg får rusle rundt på jobben i mitt eget selskap, spotify eller P3 på høgtalarane og tilgang til eit hotellkjøkken (!) med ein brukbar timelønn. Forargelse fordi eg går glipp av masse. Fallskjermhopping på dagtid og øldrikking på kveldstid, samt ei god natts søvn om natta er berre nokre tilfeldige eksempel.

Eg har brukt litt tid i dag på å tenke over tida mi, og korleis eg disponerer den. Vi har trappa opp skulearbeidet i haust, og det kjennes både naudsynt og effektivt. Men korleis eg skal få tid til alle dei andre tinga eg skulle gjere i haust er eit framleis ubesvart spørsmål.

I mellomtida skal eg lage ei lita oppmuntrande liste over ting eg har:

  • Ei vanvittig motiverande yogainstruktørjente. Superfresh!
  • Problemstilling til bacheloroppgåva mi
  • Mamma, Garret og Karoline i samme fylke!
  • Arbeidslyst (manglar berre tid!)
  • Sparekonto med navn "Russland 2010"
  • Noken herlige jenter i klassen, som gjer skuledagane ekstra underhaldande
  • Nylig blitt tante til Theodor
  • Min fantastiske sejelevenn og kjæreste - Philip
  • Mange nye venner i Bergen Fallskjermklubb


(Påken 2009: Slakkline med tøysko og kortarma genser. Deilig!)

Everybody, Somebody, Anybody and Nobody

This is a little story about four people named Everybody, Somebody, Anybody, and Nobody.

There was an important job to be done and Everybody was sure that Somebody would do it.
Anybody could have done it, but Nobody did it.

Somebody got angry about that because it was Everybody's job.

Everybody thought that Anybody could do it, but Nobody realized that Everybody wouldn't do it.

It ended up that Everybody blamed Somebody when Nobody did what Anybody could have done.

lørdag 12. september 2009

Are you british?

Klokka 00.58 går eg ut i bakgården og begynner å svinse tett opp i folks samtaler og sigaretter i håp om å klare å bryte opp og jage alle mann inn i pub'en igjen. På eit av borda sitter fem mannfolk, i aldersgruppa "britisk-pop-rock-band-i-etableringsfasen." Dei ser mistenkeleg britiske ut. Og rockete.

Stine: Unnskyld, men snakka dåke norsk?
Ein av dei: Ja (nikkar)
Stine: Ok, no er klokka snart ett, og då pleier vi å stenge bakgården. Dei som vil røyke må gå ut på framsida og all alkohol forblir heretter innendørs.
Alle fem: (ser ut som spørsmålstegn)
Ein av dei: Sorry... we don't speak norwegian..
Stine: Oh, but you just said.. Hmm.. Are you british?
Alle fem: yes
Stine: I thought so! (Forklarer alt på nytt, på engelsk.)

Eg diskutera saken med Sunniva, som kan bekrefte at dette faktisk ER eit britisk band, som er hyra inn til å spele under Phonofestivalen i Bergen, og som bur her på hotellet.
Ærlig talt, eg trudde ikkje det gjekk an å sjå SÅ britisk ut. Fem stykk!

mandag 17. august 2009

I fritt fall til hausten?

I morgon er det skule igjen. Prøva å akklimatisere meg etter ein ubeskriveleg bra sommer, men det er neimen ikkje enkelt. Eg veit at det blir kjekt å komme igang med skule og å fullføre bachelorgraden, men når eg heile tida blir minna på dette: 

...så kan ein trygt sei at kvardagen har mykje å bevise før den blir heilt rå. Heldigvis skal eg tilbake til Russland og hoppe meir fallskjerm neste sommer! (Berre 476 640 minutta igjen til 14. juli 2010, for ordens skyld.)

lørdag 15. august 2009

Å drikke te

Eg har aldri vore av den te-drikkande typen. For berre eit år sidan blei eg fortruleg med å drikke kaffi, uheldigvis. Det er jo både smakfullt og vanedannande, og når eg i tillegg får drikke så mykje eg treng på jobben, og jobbar mykje nattevakt... Ja, då blir det for mykje kaffi.

I sommar har eg for første gong smakt te, og likt det. Tidlegare har eg smakt te, men ikkje heilt skjønt greia. Det smakar varmt vatn med eit hint av (fyll inn). Eg har alltid likt smak betre enn hint. Twist, heiter det vel på engelsk. "Sparkling water with a twist of lemon", for eksempel. For meg er te sånn, og inntil nyleg har dette ikkje vore godt nok.

Men under mitt 16 dagar lange opphald i Kolomna utanfor Moskva i juli endra eg meining. I restauranten på hoppfeltet serverte dei halvlitere med te, i mange ulike smakar. Det var berre å mjuke ut prinsippane og dynge på med sukker. Resultatet har vist seg i natt. Eg drakk ikkje kaffi heile dagen i går, og i fire-tida i natt kom eg på at eg ikkje hadde drukke kaffi i det heile tatt. Og så tok eg meg ein kopp med te.

Og hemmeligheten? Brunt sukker. Mmm!

lørdag 9. mai 2009

Sovetid

Om ca ein halvtime (eller tre kvarter, om eg kjenner dei rett) kjem Anna og Lene for å avløyse nattevakta mi. Det har vore særlig slitsomt i natt. Dette på grunn av tre ulike faktorar:

1. Folk renner inn og ut dørene som om vi var eit offentleg toalett på ei fredagsnatt. Makan.
2. Eg har berre ei nattevakt pga konfirmasjon på søndag, og hadde håpa å også få bytta vekk denne eine..
3. Eg har besøk av mamma og Karoline, Besta er i Bergen og har bursdag i dag, og Sunniva sa ho skulle besøke meg i natt men ho har eg ikkje sett snurten av.
4. Eksamen? Var det i år altså? Jaha.. Neste veke, sa du? Pokker heller.

I dag trur eg avisbudet har forsovet seg. Jarle fortalte meg om ein teknikk han hadde benytta seg av i sin tidligere avisbudjobb. Berre fest å fjas så lenge som ønskelig, og levér avisene på veg heim etter nachspiel. Burde jo passe sånn tidsmessig.

Godt eg ikkje skal bli mattegeni når eg blir stor. Ser jo det at lista består av fire ting og ikkje tre. Og når eg får tenkt meg litt om, så består punkt 3 av ytterlegare 3 underpunkt.

Da svidanja!

onsdag 29. april 2009

Det våres

Først: eg kom på enda eit punkt på "sanga eg har hørt for mange ganga i pub'en"-lista. Den makelause drittlåta "Bed of Roses" med Bon Jovi. Splitte mine bramseil!

All obligatorisk undervisning er ferdig for i vår, til både glede og skrekk. Det betyr eksamenstid, russetid, vårforkjølelse, akutt solbrente skuldre, konfirmasjonar, dyr utepils og ikkje-eksisterande treningslyst. Men det er jo så deilig å slippe å stå opp og gå på skulen kvar dag :-) 

I morgon skal BFFL ut av vinterdvale. Vi drar til Gudvangen i morra kveld, og tidleg fredags morran tar vi til beins oppover dei slakke stiane og ut mot dei stupbratte fjellsidene. Været er ikkje heilt med oss, men vi satsar hardt på å fullføre tidleg, for så å dra på hyttetur resten av helga. Det låter som ein perfekt plan i mine øyrer!

Håret er blitt rødt. 

søndag 19. april 2009

Topp fem

Etter nesten tre vekers pause er eg tilbake bak bardisken på Huset Pub midt i by'n. Med ny hårfarge, litt fregner i ansiktet og kroppen full av blåmerker (etter påkeboogie med lett festing og fallskjermhoppaktivitet) er det alltid kjekt å servere iskalde vårpils til stamgjester og andre kjekke mennesker. 

I dag gjorde eg eit fallskjermhopp som gjekk litt på tryne, bokstavlig talt. Eg kasta ut alle hopparane på feil plass, og landa medvinds i ein hage utanfor Stend. Fekk meg noken deilige blåmerker, litt naseblod og ei kameralinse som blei revet av i landingsfallet. Det kom ein snill mann bort og hjalp meg med å plukke skjermen ned frå eit tre, og så kjørte han meg til Stend etterpå. Det var vel generelt dårlig stemning på hoppfeltet, og etter at ein tandem måtte ta av OG lande med flyet to ganga på rad (på ein dag) så kansellerte vi hoppinga. No er eg full i paracetamol og prøver å tenke positivt. Men alltid kjipt å ha dårlige opplevelser i ein så potensielt farlig sport. 

Eg jobba med Jarle i helga. Han har ein heilt utrulig musikksmak. Eller, eg veit ikkje om eg kan spore alle desse låtane tilbake til Jarle direkte, men det er iallfall han som setter på spelelista som heiter "500 best rock songs" gang på gang.

Topp fem klisjélåter som eg og Sunniva alltid skrur av:

1. Scorpions - Wind of Change
2. Eye of the Tiger
3. Eric Clapton - Cocaine ("Anders! Vi har kommet til en norsk film-fest!")
4. Alt av Metallica
5. Alt halvfulle halvstamgjester begynner å synge med på, og spør om vi kan skru opp litt sånn at dei kan synge enda høgare. 

søndag 29. mars 2009

Jobbmaraton!

Det er i underkant av halvannan time igjen av nattevakta mi for denne gang. Eg har hatt eit sanneleg arbeidsmaraton denne mnd, med fullt fokus på den hjarteleg velkomne påska. Om kort tid er det altså over to veker til neste vakt, og eg skal NYTE friperioden min!

Påska skal i år tilbringast på Voss, som i fjor og året før. Og året før. Her setter eg min lit til godt selskap, fint vær, varm badstu og kald øl. Kanskje eg tør driste meg til ein liten rusletur i Flåm eller Gudvangen, dersom sjansen byr seg?

I sist innlegg spurte eg "når blir den neste?". Det blei dessverre på torsdag. Ein vanvittig sympatisk fyr, har eg forstått. Eg kjente han ikkje, men gremmes over statistikken likevel.

Sunniva drar til Russland natt til mandag, og her sitter eg igjen i Norge og kunne glatt bytta vekk ei tå eller to for å bli med. Ho fekk med seg eit påskeegg på turen, komponert av meg, Siv og mamma. Camilla skal ha cred for å dukke opp på avskjedsfesten til Sunniva, sjølv om Sunniva ikkje kom. Og med tanke på at Camilla sjølv skal reise vekk i snarare 6 mnd, så blei heile episoden ganske snodig. "Shoes me", som Jarle pleier å sei. Men i egget er det iallfall masse snop, og ein småsjuk Sunniva blei lykkelig. No blir det påske i St. Petersburg også! Takk og lov for at eg har Påkeboogien. Men når sant skal seiast; Vasiljevski Ostrov, eg saknar deg.

I kveld drar eg, mamma og Karoline på Bergen Impro Laug og drikker øl. Knallfint.

tirsdag 3. mars 2009

Husarrest

I dag har eg gitt meg sjølv husarrest. Eg var ute med Kaia og Guro (fra klassen) i går, og drakk kanskje to øl for mykje. Iallfall trur eg Philip var ganske oppgitt over meg når eg kom heim i natt. Han meiner fullt ut at eg var kjelda for hans dårlege nattesøvn, ettersom eg låg og pusta han i ansiktet med min herlige ølånde. 

Dermed har eg i dag husarrest. Får ikkje lov å gå ut. (Uff så trist.) Men Philip har laga middag til meg, og no er han ute ein tur og har lova å kjøpe sjokolade på veg heim. Det er ikkje (!) synd i meg.

Fikk vite i dag at ein bekjent har tatt kvelden. Ei base-ulykke i Sveits i helga. Når ein er med i eit så uforutsigbart miljø, er det berre eit tidsspørsmål når det gjeld dødsulykker. Når var forrige? Når blir den neste? Kven blir det? Eg har gått litt og tenkt på at eg har vert veldig heldig så langt. Ingen av mine næraste har hatt fatale ulykker enda. Men i dag blei eg rimelig trist. Roar var ein fin fyr, og no kan han slappe av.