lørdag 15. august 2009

Å drikke te

Eg har aldri vore av den te-drikkande typen. For berre eit år sidan blei eg fortruleg med å drikke kaffi, uheldigvis. Det er jo både smakfullt og vanedannande, og når eg i tillegg får drikke så mykje eg treng på jobben, og jobbar mykje nattevakt... Ja, då blir det for mykje kaffi.

I sommar har eg for første gong smakt te, og likt det. Tidlegare har eg smakt te, men ikkje heilt skjønt greia. Det smakar varmt vatn med eit hint av (fyll inn). Eg har alltid likt smak betre enn hint. Twist, heiter det vel på engelsk. "Sparkling water with a twist of lemon", for eksempel. For meg er te sånn, og inntil nyleg har dette ikkje vore godt nok.

Men under mitt 16 dagar lange opphald i Kolomna utanfor Moskva i juli endra eg meining. I restauranten på hoppfeltet serverte dei halvlitere med te, i mange ulike smakar. Det var berre å mjuke ut prinsippane og dynge på med sukker. Resultatet har vist seg i natt. Eg drakk ikkje kaffi heile dagen i går, og i fire-tida i natt kom eg på at eg ikkje hadde drukke kaffi i det heile tatt. Og så tok eg meg ein kopp med te.

Og hemmeligheten? Brunt sukker. Mmm!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar