torsdag 20. oktober 2011

Ja, det vil eg!

Kjæresten min i fire og eit halvt år, som eg har kjent i seks og eit halvt år, spurte meg på søndag om eg ikkje kunne tenke meg å gifte meg med han! Kroppen min, hjernen min, hjertet mitt og all form for fysisk og psykisk Stine svara umiddelbart "JA, det vil eg". Ingen betenkningstid behøvdes. Det trur eg er fordi eg har ein sterk fornemmelse av at det er sånn det skal bli. Då meiner eg ikkje at eg skal bu i Norge og jobbe som døvetolktolk, eller drive med fallskjermhopping for evig. Det er sånne ting eg ikkje veit noke om. Men at eg skal vere sammen med Philip underveis, det er eg overbevist om.


Så no skal eg og Philip prøve å planlegge eit bryllup. Korleis skal vi gjere dette då? Skal vi ha det på vinteren eller sommeren? Ute eller inne? Utlandet? Bømoen? Hegreneset? Skal vi planlegge i god tid, eller vere litt spontane? Levande musikk? Piñata? Øl eller vin eller begge deler? Korleis skal kjolen vere? Og kem skal "gi meg bort"? Det einaste vi veit er at det kjem til å skje. Ingen særlig grunn til å stresse, iallefall. Alle gode idéer mottas likevel med stor takk.

Stor, lykkelig klem til alle sammen frå meg!
Heia kjærleiken.