lørdag 31. oktober 2009

Kjensla av å vere heilt aleine

Denne helga er eg heilt aleine. Philip har reist på Society for Petroleum Engineers-treff på Voss, og der er det også vossahelg med halloweenfest. Eg er aleine heime med kvithai-influensa. Dette er ein variant som er mykje farlegare enn svineinfluensa (som du sikkert forstår) og som inntil no berre har vore oppdaga i to tilfeller - Philip og meg. Vi er definisjonen på det motsatte av hypokondere, så den dagen eg drar til legen er det sannsynligvis fordi eg ikkje finner igjen ein vital kroppsdel. Anyways - eg har ikkje hatt menneskeleg kontakt sidan torsdag formiddag når Guro var innom med ei appelsin. Det begynner eg å kjenne. Faktisk så godt at eg lyser opp og håper det "er noko der" når eg høyrer lyder i gangen. (Fryseboksen, toalettet som renner, vifta i dusjen osv.)

Så langt har eg brukt sjukedagane mine til å gjere følgande: vaske kle, tippe lotto, sjå på tv, øve med på å tolke litt (skal i praksis frå mandag av), bestille ellos-pakke, prøve alle kjolene mine, barbere leggar, sukke høgt, lese to kapittel i fysikkboka og funnet ut alle dei nyttige bruksområdene til eit putetrekk.

Eg vil avslutte dagens blogginnlegg med eit bilde som gjer meg til eit lykkeleg og optimistisk menneske midt i denne kvithaisjuka. På bildet ser du Walter øverst til venstre, meg under Walter og Sunniva midt i. Du ser det kanskje ikkje, men vi smiler.


3 kommentarer:

  1. Hahahaha, eg ler høgt av det bildet:D Det verste er at det jammensanten er eit kunstnerisk preg over det og! Ellers har Andreas også klart å gjere det samme, heile to ganga. Begge gangane var døra låst, dessverre..
    Ellers er eg busted i å drive å henge på bloggane til folk, sida eg støtt og stadig må kommentere alt eg ser.. Jaja, du får ta det som eit kompliment at du har ein original blogg, i motsetning til 100 000 andre:)

    SvarSlett
  2. Takk Siv, ingenting varmar som ein velmeint kommentar! Nå det gjelder bloggkvaliteten, så trur eg vi kan skylde på at eg er sjuk og har ingenting betre å ta meg til. Men eg skal gjere mitt beste ;)

    SvarSlett
  3. Så bra at eg og endelig kan kommentere. Ikkje nok med at det var ei tragisk hending frå Philip si side, men bildet var jo kjempekult!

    SvarSlett