mandag 14. desember 2009

Glad i å låne, flink til å pante

Eg er veldig glad i pantereklamane med Odd Børretzen. "Skulle ønske eg kunne pantes", seier han med stjerner i auga. Og eg panta alltid flaskene vi har her i huset. Det er stort sett snakk om saftflasker og ein og anna julebrusflaske no i desse dagar. Ikkje noke å skryte av, sånn kronemessig. Stort sett er det panting for panting's sake. Bortsett frå éin dag i året - Philip sin siste juleeksamensdag. Det er blitt ein tradisjon at Philip avsluttar semesteret ved å invitere klassen sin på lunsj her hos oss. Først har dei eksamen, sånn omtrent fram til kl. 12. Derifrå går dei direkte på Knøderen for å spise brownies, og deretter straka vegen til vinmonopolet, og så heim til oss. No er klokka kanskje rundt 13-13.30, og dei har allereie venta lenge nok på å bli fulle - så ingen grunn til å drøye!

By the time I get home (ca 16.00) er det allereie eit høgt lydnivå i toppetasjen, og eg har to valg:
1. Bli med å drikke øl eit par tima, til dei stikker ut på Sotra på klassens julebord
2. Stikke

Det fins ingen mellomting. Heldigvis er klassen til Philip ein gjeng reale menneske med god humor og sans for fjas. Sannsynlegvis blir eg med å drikke ei øl eller to, før eg sender dei avgårde og kryssa fingra for at dei ikkje kjem tilbake for nachspiel når uteplassane stenger...

DÅ har vi litt pant, faktisk. I fjor hugsar eg at vi panta og spiste pizza for alle penga. Eg er i utgangspunktet flink til å levere tilbake når eg har lånt. Eit godt eksempel er sparebøssa mi. Der har eg eit x antal kronestykker på, og når det begynner å bli lenge sidan lønn, då er det godt å rote litt i sparebøssa og kjøpe trøstesjokolade. Men eg er god på å betale tilbake når eg har lånt pengar av meg sjølv.

2 kommentarer:

  1. Å dette var eit koselig innlegg! Blei det øl med klassen til Philip? Eg gleder meg til å komme til Bergen imåra!

    SvarSlett
  2. Til Stine Sky: Eg må dessverre meddele at julegaven din i år tok litt lenger tid enn planlagt. Derfor "tar eg en Philip" og gir deg heller en nyttårsgave:p Dette har eg ingen dårlig samvittighet for, nettopp av den grunn at du sikkert ikkje kunne brydd deg mindre:)Måtte du ha ein fabelaktig juleferie!

    SvarSlett