fredag 18. november 2011

Reiseguri og hennes likesinnede mann

Sitter på kontoret (altså, midt i eit svært lagerrom med 7 meter takhøgde og ræva akustikk) i Nordnorge og ser fram til juleferie i Dubai. Gi meg pompøse byggverk og billige taxier, overkommelig temperatur og daglig room service!

I begynnelsen av året kan eg hugse at eg tenkte "dette året blir det nok litt reising på meg, ja".
Så satt eg her ein dag når det slo meg at "dette året har det blitt litt reising på meg, ja".
Dette blogginnlegget er nok ikkje av veldig underholdningsverdi for noken andre enn meg, men her kjem eit forsøk på å oppsummere reisene eg har gjort i 2011!

Februar var ein perfekt måned å reise til Bottrop med Sunniva i heile 9 dagar. Det var håplaust å dra heim igjen utan å ha planlagt ein ny tur, så i april tok vi turen igjen - denne gangen med heile Flågespetakkelet. Ikkje meir enn eit par veker seinare var det sesongstart på Voss. Pangstart på sommeren og mange kvalitetshopp frå full høgde var god medisin etter ein hard vinter. Ikkje lenge etterpå, i begynnelsen av mai tok eg meg ein spontantur til London for å besøke Karoline. Knapt ein månad seinare satt eg på flyet til Dublin for å besøke mamma og Garret. Det var i juni altså. I juli flaug eg over til Sverige for betre værforhold og god stemning. Ferien fauk avgårde (lurer framleis på kor det blei av sommeren i år?) men det gjorde ikkje så masse - for i september venta jo ein laaang ferie til Baku og Dubai med Philip. Vi var ikkje heime før uti oktober, etter å ha svinsa innom Bottrop på veg tilbake også. Det gav meirsmak, og eg måtte tilbake igjen dit no i begynnelsen av november. I tillegg til alt dette har eg vore i Mo i Rana i totalt 3 mnd i løpet av året, og det er minst like langt opp hit som det er ned til kontinentet. For å avslutte det heile skal eg til Dubai igjen på ferie, som sagt, i desember.


Mon tru om eg har brukt opp CO2-kvota mi i år?
(For ikkje å nevne dei 130 fallskjermhoppa eg gjorde i sommer?)

Og man skulle kanskje tru at dette var meir enn nok. Men sjølv om det har vore mykje reising kan eg legge til at ein klubbtur til Russland var sårt sakna i år, og at eg meir enn gjerne skulle hatt meg enda ein tur til Dublin på samvittigheten. Eg har begynt å få eit respektabelt beløp med poeng på SAS Eurobonus-kortet mitt, og Choice-medlemskapet mitt er oppgradert frå Basic til Silver automatisk grunna høgfrekventert overnatting i jobbsamanheng.

Midt i all galskapen har vi slått oss til ro. Leiligheten er framleis flett ny og forlovelsen er rykande fersk. Eg HATA å vere vekkreist når Philip er heime, og når Philip er vekke er det nesten litt kjipt å vere for mykje heime aleine. Det heile er eit puslespel med litt ujevne brikker, men vi er begynt å bli skikkelig gode på legge det slik at det går opp.

Men når vi er heime begge to, har deilig musikk på i stova, alle lysa er tent og vi sitter i vinterhagen med kvart vårt glas raudvin.. Eller har spist taco og slenger oss på gjestesenga for å sjå episode opp og episode ned av Greys Anatomy eller Boardwalk Empire i ein trygg armkrok.. Då tenker eg at alt av kvardagskaos er verdt det.

Utan å vite om det eine, er det vanskelig å sette pris på det andre. 

torsdag 20. oktober 2011

Ja, det vil eg!

Kjæresten min i fire og eit halvt år, som eg har kjent i seks og eit halvt år, spurte meg på søndag om eg ikkje kunne tenke meg å gifte meg med han! Kroppen min, hjernen min, hjertet mitt og all form for fysisk og psykisk Stine svara umiddelbart "JA, det vil eg". Ingen betenkningstid behøvdes. Det trur eg er fordi eg har ein sterk fornemmelse av at det er sånn det skal bli. Då meiner eg ikkje at eg skal bu i Norge og jobbe som døvetolktolk, eller drive med fallskjermhopping for evig. Det er sånne ting eg ikkje veit noke om. Men at eg skal vere sammen med Philip underveis, det er eg overbevist om.


Så no skal eg og Philip prøve å planlegge eit bryllup. Korleis skal vi gjere dette då? Skal vi ha det på vinteren eller sommeren? Ute eller inne? Utlandet? Bømoen? Hegreneset? Skal vi planlegge i god tid, eller vere litt spontane? Levande musikk? Piñata? Øl eller vin eller begge deler? Korleis skal kjolen vere? Og kem skal "gi meg bort"? Det einaste vi veit er at det kjem til å skje. Ingen særlig grunn til å stresse, iallefall. Alle gode idéer mottas likevel med stor takk.

Stor, lykkelig klem til alle sammen frå meg!
Heia kjærleiken.





mandag 19. september 2011

Mud volcano Sunday!

På forhånd har eg gjort litt research, og laga ei slags oversikt over ting som kan vere kjekt å få med seg i løpet av denne turen til Az. Ei av dei tinga var "mud volcanoes", som er eit fenomen eg aldri tidligere har hørt om, men som fins i det småkuperte landskapet på kysten sør for Baku, i retning Iran. I Lonely Planet sitt syltynne hefte som omhandler både Aserbajdsjan, Georgia og Armenia, står det eit ørlite avsnitt om gjørmevulkanane samt ein relativt tvetydig veibeskrivelse, men nok til at vi i går la ut på ekspedisjon.


Vi heiv oss i bilen og la avgårde. Det regna første halvtimen, og temperaturen låg på komfortable 21 grader. Straks det slutta å regne og vi inntok semi-ørkenen sør for Baku tok det imidlertid ikkje lang tid før vi var oppe i 31 grader i skyggen. Philip er ein stødig sjåfør i den ellers håplause trafikken, og tok oss (til tross for heit diskusjon rundt betydningen av order "junction") på riktig avkjørsel. Vi surra litt rundt i det tørre ørkenområdet før ei babushka skjønte ka som var greia og peika oss i riktig retning.



 Det bar oppover ein sandete, svingete vei langs "a hill on your right hand side" som Lonely Planet beskriver det. Ikkje eit menneske å sjå i mange kilometers omkrets. Vindstyrken kunne kjennes godt på den lille poloen, og sanden som virvla rundt på utsida kunne fortelle ka som venta oss når vi skulle ut av bilen. Ikkje rart egentlig, når vi skulle på toppen av ein 120-meters sanddyne, med kast frå det Kaspiske Hav rett inn fra øst.


Siste bakken opp var det reine Dakar-showet, men den lille poloen med automatgir imponerte kraftig og tok oss heilt opp. Der var det éin anna bil, men den forsvant når vi kom. Så då var vi aleine med alle gjørmevulkanane!


No skal eg ikkje sei at eg er vitenskapelig overbevist om dette her, men eg antar at vulkanane dannes fordi det kjem gass opp fra jorda som treffer vatn og sand underveis - derav gjørme. Så kjem denne gassen opp gjennom kanaler i bakken, og derfor munner den ut samme sted kver gang. Det finnes også brennande fjell her i Az, og prinsippet er det samme. Då kjem det gass opp fra bakken, som antennes pga svært høg varme når den kjem ut av fjellet. Forskjellen her er at gassen i vulkanane altså treffer vatn, og derfor ikkje antennes. Høyres det plausibelt ut?

Eg kosa meg veldig oppå haugen med gjørmevulkanane, det var som ein enorm leikeplass! Når det kom store bobler laga dei ordentlig morsom lyd! Blubb... Blubb blubb..






Til slutt tracka vi litt rundt på toppen av den største vulkanen (kraftig vind ja) og så satte vi oss i bilen igjen på vei tilbake til Baku. Langs veien fant Philip forøvrig ein liten oljedam og lot seg jublande fotografere.


Men så kjørte vi heimover og plutselig blei vi stoppa i fartskontroll og Philip måtte inn på dette politikontoret mens eg satt i bilen og venta...


Og når han kom tilbake var vi 60 manat fattigere. Haha! Første fartsbot, tatt i 96 km/t i Az der det i utgangspunktet ikkje fins fartsgrenser? Jaja. 1-0 til det lokale politiet. 

lørdag 17. september 2011

Baku - where all the buildings are brand new..



NB: Langt innlegg. Sorry!
 
Fy søren det var godt å sjå min kjære Philip igjen! Han kom og plukka meg opp på flyplassen i Baku. Jippi. 

  

I skrivande stund sitte eg på senga til Philip i Bul-Bul Prospekt, ei reltativt sentral gate i Baku sentrum. Senga står ikkje midt i gata egentlig, den står på rommet i leiligheten. Som er gigantisk og meget luksuriøs. I tillegg til blanke fliser på alle (!) overflater, vegg-til-vegg-speil i gangen, tre-fire lysekroner i alle rom, megasvær TV og tomanns-dusjkabinett, så kan denne leiligheten i 7. etasje tilby ein suveren utsikt, nesten 4 meters takhøgde, air contidion og vaskehjelp. Ho heiter Sara og er meir enn villig til å skrubbe badet og vaske undertøyet til dei norske ansatte i AGR. Bingo. Her er utsikta på kveldstid:




Her er leilighetsbygget i bakgrunnen og Heydar Aliyev park i forgrunnen. Veldig mange fontener her, det setter eg pris på. Syns det er superfint!

Eg har denne veka fått smake på livet som expat-wife. Det fins mange expat-wives i denne byen, og mitt store mareritt er å bli akkurat det. Desse damene har meir eller mindre  blitt med oljemannfolka sine til denne tilfeldig utvalgte byen på ubestemt tid, og har derfor ingen spesielle planer med oppholdet. Ofte resulterer det i at dei finner kvarandre og danner små expat-wife-klubber eller kanskje heller gjenger. Dei går på kafé. Og til neglesalongen. Og så er det jo lunsj og då blir det jo restaurant eller kafé igjen. Så er det vel nesten kveld og då er det på tide med ein cocktail og iallefall viss dei har shoppa i mellomtida, då er dei sikkert slitne. Så går regninga til mannen, som dei betaler uten å merke det på kontoen så klart, og så er alle fornøgde. Den einaste eg har møtt er Tammy, men ho er nok av dei litt meir normale expat-wivesa. Morsom amerikansk dame. 




Så dei siste dagane har eg som sagt gjort litt av dette, bortsett frå ein liten detalj: eg har gjort det aleine. (It helps.) Eg har tusla som aldri før, tippa eg har tusla eit halvmaraton dei siste dagane. Philip har vert med på masse, mens andre ting har eg måtte gjere mens han sitter på kontoret. La meg fortelle!



Mandag var ”bli kjent med byen”-dagen. Philip tok seg fri og vi brukte heile dagen ute. Eg var ikkje forberedt på desse temperaturane, og lurte i begynnelsen fælt på korleis det skulle gå med berre ein kjole og ein shorts i bagasjen. Så kom vaskehjelp-Sara og problemet var løst. Philip må gå i bukse uansett, for i henhold til tradisjoner må alle menn gå i lange bukser. Kvinner derimot, må gjerne gå i miniskjørt. Vi gjorde turist-ting, men var ganske bevisst på kor vi skulle ettersom Philip er godt kjent her allerede. Vi rusla bl.a. i gamlebyen, som er eit geografisk område i sentrum, omgitt av ein mur. Det var slik Baku såg ut før oljebyen begynte å eksplodere etter frigjøringa i 1991 og det nye styresettet var på plass i 1994. I gamlebyen var vi innom ein moské. Eg og Philip måtte gå inn i kvert vårt rom (det var forskjellige rom for kvinner og menn) og det var ein spesiell opplevelse. Ingen andre turister å sjå, så vi tok så lite plass vi klarte. Heldigvis var det ingen som egentlig oppdaga oss, for alle andre der inne var jo opptatt med hodene ned i teppet.







 
Tirsdag stakk Philip på jobb og eg måtte klare meg aleine. Kjempekjekt igrunn! Eg elska å finne ut av steder på eiga hand. Gjekk igrunn rett ned til ”havet”, som treffer byen langs ein lang boulevard, ”Bulvar”, som er nydelig å tilbringe kveldane på. Dette er også midt i sentrum av byen. Herifra kan vi sjå over til verdens lengste flaggstang med verdens største flagg på! Snodig ting å konkurrere om, men for alle del. Pick your fights. Ellers ser man utover det Kaspiske Hav, som er ganske grumsete så nært byen. I horisonten ser man oljeplattform på oljeplattform på oljeplattform på ...




Etter lunsj tok Philip seg fri igjen, og vi lånte bilen til sjefen hans (eller egentlig dama til sjefen), og kjørte ut av Baku. Vi ville på stranda på nordsida av ”halvøya” som byen ligger på, og det tok ein liten halvtime å køyre dit. Badekomplekset vi ville besøke var stengt, men vi heiv oss rundt og kom oss omsider inn på ei offentlig strand i nærheten. Var veldig deilig temperatur i sjøen, tippa mellom 20-25 grader. Bølgene var ganske store, og strømmen i området var veldig sterk og rar. Vi plaska rundt ei stund, og når vi gjekk opp igjen såg vi ”NO SWIMMING”-skiltet som var satt opp på stranda. Godt vi hadde skjønt det for lenge sida, at vi måtte passe oss for den rare strømmen. Men deilig var det uansett! Baku betyr forøvrig ”vindenes by” og det blåser alltid her. Det gjer ingen verdens ting når luftfuktigheten ellers gjer det utålelig varmt.

 

Tilbake kjørte vi ein liten omvei, for å få sett litt meir av den Aserbajdjanske landsbygda. Her kunne kvaliteten på veiane variere kjapt. I det eine sekundet kjørte vi på sandete underlag og med null sjans for å slippe forbi motgåande trafikk, og i det neste sekundet var vi muttens aleine på ein nyasfaltert firefelts motorvei. Som plutselig stoppa. Så måtte vi snu og køyre tilbake. Det var på denne veien at vi møtte ein gjeng kameler som såg ut som dei skulle på bingo eller kanskje dei var på vei på stranda. I dette området har det i mange mange år vert vanlig å hente opp olje som ligg berre like under jorda. Ein måte å hente opp denne oljen er å bruke såkalla ”nikkepumper” som er veldig visuelle mekaniske maskiner, ganske så fascinerande å sjå på. Ellers er dette eit sånt område der du ser gamle damer med skaut, skjegg og manglande fortenner sitte på trammen mens ho prøva å selge ei ku som står bundet til eit tre litt lenger borte i det tørre ørkenlandskapet.





Onsdag var eg såvidt ute av døra før Philip ringte og ba meg bli med på lunsj med jobben hans. Så stakk vi innom dei nye kontorlokalene til AGR for å sjekke dei ut (snart flyttes det!) og det blir stort og fint. Så skulle Philip på jobb igjen, men der hadde det jammen dukka opp ei arbeidsoppgåve som EG kunne ta meg av! Så eg blei sittande på AGR sitt kontor resten av ettermiddagen med ein egen pc og gjennomførte eit offshore sikkerhetskurs. Lurer på når eg skal starte bedrift. Sunniva? Er du med?

I går tok Philip igjen bilen til dama til sjefen, og etter lunsj reiste vi ut til verkstedet for å hente noke som han hadde glømt der. På veien tilbake stakk vi innom eit svært marked, av den ordentlige typen. Det var så enormt og så merkelig plassert (”her er det god plass, vi lager et marked” ”men det er jo midt i ørkenen og langt til alt?” ”drit i det.”). For eit vanvittig sted, og så sjukt med ting. Eg sjekka prisen på ein stavmikser, og etter at eg hadde rynka på nasa når han sa 30 AZN, så kosta den plutselig berre 10 AZN. Og sånn var det med alt. Vi blei omtrent kasta ting etter. Eg fekk på følelsen at det oftest var Azerier eller andre lokale folk som handla der. Vi kunne iallefall drite i å snakke engelsk, så det gjekk på ein glad blanding av den-russisken-Stine-kan og den-azerien-Philip-kan, og så fant vi ut av det meste til slutt :) Vi gjekk derifra uten å ha brukt ei einaste krone, eller skal vi sei ein einaste manat. Det bekrefter teorien (regelen?) om at for stort utvalg gjer det masse meir vanskelig å bestemme seg, og ofte også vanskeligere å finne noke som er interessant.

Trafikken her nede er eit kapittel for seg sjølv. Eg har igrunn ikkje lyst å sei noke særlig meir enn GRØSS.

I dag har eg sjekka ut den lokale frisøren. Han hadde ein fjong salong (hehe) ganske sentralt i Baku, og klipte meg med stor presisjon og andaktig innlevelse. Fornøgd med klipp og vask til 20 AZN (gang det med sju) men må sei eg blei litt slått ut av stylinga. Når eg gjekk ut av salongen såg eg verre ut enn det eg vanligvis gjer når eg står opp! Så takk for hjelpa, men no må eg heim og dusje.



No er det helg og Philip er snart heime fra jobb. Vi hadde egentlig plana om å leige bil og reise litt rundt i Aserbajdsjan denne helga, men Philip har fått i seg noke rart og har vondt i magen. Men det gjer meg ingenting å ta ein dag eller to i armkroken på sofaen heller, med deilig kulinsrisk mat fra alle verdenshjørner. Sjølvsagt lett tilgjengelig i denne byen der øst og vest møtes i veldig respekt for kvarandre.

Vi går ut og spiser middag kvar dag. Lunsj blir også ute, uten at det eigentlig eg nødvendig, men fordi Philip er på jobb så møtes vi ofte ein plass og spiser sammen. Dette er mest fordi det er rimelig, godt utvalg og som oftest meget deilig mat å få. Folka som driver restaurant her har virkelig genuin interesse av at maten skal falle i smak. Øl er også godt her nede, og ganske billig både i butikk og på restaurant. I motsetning til fleire andre muslimske land er det heilt vanlig å både selge og nyte alkohol her. Som Philip seier; folka her er omtrent like muslimske som vi i Norge er kristne.



Det bygges her nede. Overalt. Og det bygges i store mengder. Litt uttafor sentrum er det nettopp ferdigstilt eit enormt leilighetskompleks beståande av sikkert 10 bygninger med 20 etasjer i kvart bygg, men det er ingen som bur der. Enda. Sånn er det fleire steder i byen. Mange steder er det halvferdige bygg, som ikkje jobbes på lenger. Teorien er at alle bygg som er under 70% ferdige ikkje blir skattlagt. Folk spara penga på alt her nede! Ein gang var det eit hus på 16 etasjer som falt sammen under bygging fordi sementleverandøren hadde blanda ut sementen med dobbel mengde vatn. I tillegg er det fasaden som betyr noke - innvendig og bak er det ikkje så viktig korleis det ser ut, så lenge det ser bra ut fra gata. Dette er sjølvsagt lett å sjå når man ser det ovenfra.



Neste helg stikker vi til Dubai, og tar fire netter på hotell og to timer i tunnel der nede. Blir spennande og sikkert ganske hektisk, men deilig for Philip med noken daga på tur :)
Skal prøve å bli flinkare til å oppdatere mens eg er her, men internettet i leiligheten er av varierande kvalitet og ikkje til å stole på. Det kjem når det kjem!

Kjapp oppsummering; eg storkosa meg!

onsdag 31. august 2011

Smak og behag

Enkelte ting kan argumenteres for på ein sånn måte at det blir delvis forståelig. For eksempel det faktum at vi ikkje enda har kjøpt oss bil. Eller at eg ikkje har tenkt å feire jul i Norge i år. At det kanskje blir litt voldsomt å satse livet sitt på å bli jagerflypilot. Og så videre.

Ein ting eg derimot aldri heilt kjem til å forstå, er kva samtlige husmødre og interiørdesignspirer tenkte på når dei dekorerte hus og heim rundtom i landet frå omtrent etterkrigstid og fram til 90-tallet.
For å illustrere dette vil eg gjerne introdusere deg for huset til mine kjære besteforeldre. I tapet-utgåva!














Kan dette virkelig argumenteres for? Var besteforeldra mine utilregnelige i gjerningsøyeblikket? Anyone?

onsdag 17. august 2011

Detox needed

Kva dag er det i dag? Onsdag ja? Javel. Skal sei det er lenge til neste sommer, gitt.

Skal eg prøve å oppsummere årets sommer, må det blir kortfatta. Heilt sidan 2005 har eg kvart einaste år tenkt at "yess, denne sommeren har vert den beste sommeren i mitt liv", og 2011 var ingen unntak. Eg og Sunniva har mange ganga spurt oss sjølv kor det skal ende - kor lenge kan det holde på å berre bli bedre og bedre?!


Det begynte med påken (okei, no er eg langt tilbake i tid, men reint temperaturmessig var det her sommeren begynte. Og slutta). Påken på Voss i år var legendarisk. Så kom mai, og eg reiste på spontantur til Karoline i London. Deretter var det 17. mai (fiasko) og litt jobbing før eg stakk til Dublin og besøkte min fine familie i begynnelsen av juni. På returen til Norge stakk eg like gjerne innom Flying Chicks, der vi hoppa i tordenvær og drakk oss fulle. Like etterpå kom Philip heim (hurra) og vi stakk til Voss. Så begynte veko. Så stakk Philip til Baku igjen (buhuu) og så regna det heile veko (buhuu). Men vi gleda oss til det blir vindtunnel på Voss i 2012, så slipper vi å hate regndagane på Voss nokonsinne igjen!

 

Etter den katastrofale veko, med innslag av diverse film-, lese- og familiespillaktiviteter (for ikkje å nevne festeaktivitetene, men til og med festinga blei halvhjerta) var det på tide med ...tja... for eksempel 27 varmegrader, vindstille og knallsol i Strømstad-traktene. Lett! Eg heiv meg med Jan og Beechen fra Voss til Näsinge, eit lite hoppfelt med eit stort hjerte i Sverige. Der kom eg meg liksom aldri vekk fra. Sjølv om turen blei aldri så lite annerledes enn planlagt, tok det heile 10 dagar før eg klarte å surre meg heimover. Og korleis klarte eg det? Ved å treffe på Tonny på Nordbysenteret, tilfeldigvis med snuta retta mot Voss og ledig plass i bilen (hurra). Trengte ikkje spele lotto den dagen heller.


Vel heime fekk eg konversert litt med Sunniva og bestemte meg for å dra til Førde for å treffe igjen klassen fra videregåande etter fem år. Det var trivelig og Siv imponera som tapas-chef. Så stakk eg til Besta og Besten og hang der i dagevis, det var det første innslaget av mental detox eg hadde i sommer. Reiste heim til Bergen dagen før Philip kom heim igjen (hurra) og så plutselig blei folk massakrert på Østlandet (buhuu). Makan.

Eg og Philip var heime noken daga og vaska klær, men så bar det til Voss igjen og VFF - Voss Freefly Festival. Og eg har ikkje så masse meir å sei enn; DÆVEN DØTTE. Og mamma kom på overraskelsesbesøk fra Irland, har aldri blitt så surprised før i mitt liv :-) Kjempekoselig.
Avslutta VFF-festen på lørdag med å plukke opp Philip fra bålområdet ca kl. 08.00 søndag morgen (hurra).





Eit par daga heime var det einaste vi fekk, før Philip stakk til Baku igjen (buhuu) og eg stakk på NM (hurra) med eit einaste mål; å få pallplassering. Målet var liksom ikkje så håplaust gjennomførbart med berre tre påmeldte lag, men alt anna enn bronse ville jo bli ein bonus. Så når eg søndag formiddag satt på flyet til mitt 2. detox for i sommer; jobbveke i Mo i Rana, med gullmedaljen rundt halsen (hurra) blei eg jo gratulert av både sikkerhetsvakter og piloten på widerøe-ruta eg flaug.



Eg har møtt så mange fantastiske mennesker. Mine skada venner har det bra, alle sammen. Eg har hoppa 130 fallskjermhopp til tross for generelt drittvær. Eg har tilbragt tid med viktige familiemedlem. Eg har møtt igjen gamle klassekamerater. Bada i elva. Klatra i trær. Løpt langt og masse. Kvitta meg med noken personlige issues. Grått. Fnist. Lært å stå på hendene. Blitt norgesmester.


Så no sitte eg her og lurer på kas dag det er, for første gang siden slutten av mai. Sol-opp-sol-ned har vert meir enn bra nok for meg i sommer. Men no begynner hausten, som eg ovehode ikkje grua meg til; tvert imot. Denne hausten skal eg fly alvorlig masse i vindtunnel, reise rundt og tolke ein heil del, besøke Philip i Aserbaijan og svippe innom Dubai på turen, henge litt i den herlige leiligheten vår og plutselig blei det jul.

(Må stikke. På tide å drikke te og å lese bok om uttøying.)