søndag 20. desember 2009

Ting? Kor?

Eg blei så smått inspirert av Voe si liste over "topp tre gode kjøp", der ho av mystiske årsaker legger ut bilder av seg sjølv og bijouteriet sitt. Eg kjenner meg straks igjen. Kan berre nett nevne Only-buksa eg (og Sunniva, etter inspirasjon frå Åshild) kjøpte i fjor haust, til 249,-. Den er vakker. Eg har og ei veske, eller to, kjøpt henholdsvis på Penneys i Dublin (3€) og markedet bak Nevskij Prospekt i St. Petersburg (650 RUB), som nærmast slåss dagleg om å få bli med meg ut. I could go on and on!

Men så går eg gjennom bildene mine på dataen, og kva ser eg? Ingen ting! Massevis av folk og ein god dose naturbilder, men ingen verdens ting. Eg tar altså ikkje bilde av gjenstandar. Her skal eg gjere eit forsøk på å visualisere dei siste bildene eg har tatt som har ein gjenstand i fokus:






















Dette er eit stjerneskuddhjul. Brukast nyttårskvelden på følgande måte:
1. Fest stjerneskudd
2. Fyr på
3. Start elektrisk motor som får sykkelhjula til å gå rundt
4. Nyt synet og takk bestefar for god fantasi













Erdinger weissbier alkoholfrei, veldig god sak.

















Grillmat på Skåtøy 1.mai-helga i år. Og eg begynner å forstå koffor eg ikkje tar bilder av ting. Det er jo ufattelig kjedelig å sjå på. Eg har prøvd å finne eit bilde av veskene mine eller buksa, men det ser ikkje ut til at dei har latt seg avfotografere så hyppig. Så kos dåke meg grillings, akoholfri øl og nyttårshjul så lenge.
(Forresten så fant eg eit bilde av den russisk veska, men grunna ekstrem festing på Tuborg Greenfestival og Fatboy Slim sin utekonsert i St. Petersburg føler eg det er mitt ansvar å skåne dei andre på bildet for å bli distribuert over internett utan samtykke. Det er jo slett ikkje sikkert dei hugsar at dei var der eingang.)

Framleis god søndag!

3 kommentarer:

  1. Hey! Det stjerneskuddhjulet var jo ein fantastisk idè!:D

    SvarSlett
  2. Hey, ikkje diss folk som tar bilde av ting. Ting rocker! Eg er meir glad i tekoppen min enn dei fleste folk eg omgir meg med til daglig, så det så ;)

    SvarSlett
  3. Eg har begynt å ta bilder av ting etter at denne blogginga begynte.. Er som Sunniva seier, eg er også meir glad i tekoppen min enn diverse andre folk:p Og er viktig å vise det som gjer ein glad! Materialistiske jævla:)

    SvarSlett