onsdag 29. april 2009

Det våres

Først: eg kom på enda eit punkt på "sanga eg har hørt for mange ganga i pub'en"-lista. Den makelause drittlåta "Bed of Roses" med Bon Jovi. Splitte mine bramseil!

All obligatorisk undervisning er ferdig for i vår, til både glede og skrekk. Det betyr eksamenstid, russetid, vårforkjølelse, akutt solbrente skuldre, konfirmasjonar, dyr utepils og ikkje-eksisterande treningslyst. Men det er jo så deilig å slippe å stå opp og gå på skulen kvar dag :-) 

I morgon skal BFFL ut av vinterdvale. Vi drar til Gudvangen i morra kveld, og tidleg fredags morran tar vi til beins oppover dei slakke stiane og ut mot dei stupbratte fjellsidene. Været er ikkje heilt med oss, men vi satsar hardt på å fullføre tidleg, for så å dra på hyttetur resten av helga. Det låter som ein perfekt plan i mine øyrer!

Håret er blitt rødt. 

1 kommentar:

  1. Damn! Har du kjøpt sjølvklebande fregner og?:D
    Btw, sjekk ka eg fann då eg (av alle ting)googla "idolsiv":
    http://vgd.no/utdebattert/idol/tema/793874/tittel/endelig

    Og ja, eg trur eg er på vei til å bli ei bloggefitte, grunna Sunniva + ein god dose skrive-om-meg-sjølv-lyst, som eg ikkje anar kor kjem ifrå!

    SvarSlett