fredag 20. november 2009

Juleshopping på internett

Eg er snart ferdig med å handle julegåvene for i år. Eg handla faktisk dei tre viktigaste presangane i løpet av éin dag! (Du tenker; "wow, how does she do it?")



Internett! Enklaste sak i verden, klikk "kjøp" og tast inn mastercardnummer, og vips så er mor, søster og sambuar happy-happy.

Praksis er straks over. Fysikkeksamen blei omhyggeleg feira med juleøl og taco på tirsdag, etter ein velfortjent karakter 5. Snart er det jul, og til nyttår blir det bryllaupsfest på Runde med Torkild og Ragnhild som hovudpersonar. Eg gleda meg heilt hinsides til fleire ting, rangert i tidsperspektivet "langt fram i tid til i dag":

- Resten av livet
- Russland neste sommer
- Bli ufaglært og begynne å jobbe frilans som tolk
- Muse- og ellospakke i posten
- Lasagne til middag seinare i dag

Sunniva og Siv er forresten eit ekstra stort sakn no i desse juletider. Akk, eg får vel sjå Love Actually med Philip då, men det blir sikkert kjedelig og tårefritt og heilt uten first price-cola.. Kanskje Sunniva vil bli med? Bedre med to S'a enn ...fire? (Stine, Sunniva, Siv og Sillyme?)


2 kommentarer:

  1. JA, eg henger på internett om dagen. Koffor? Fordi eg er NETT-student, og fordi eg "les" til eksamen:p
    Uansett: dette innlegget smilte eg stort av:D For nåken fantastiske bilder! Og, ja, to s`ar er bedre enn fire.. (eg hadde heilt glømt sillyme!!) Så eg syns du skal invitere Sunniva på 1.desember-kveld:) Eg skal nok klare å få nåkenlunde samme stemninga likevel!

    Ellers er eg enig i at juleshopping på internett er tingen, eg var ferdig for to veker sidan grunna nokre enkle klikk, og eit kortnummer eg kan utenat:)

    SvarSlett
  2. Hørte eg Love Actually? Eg er med! Har filmen i lomma (sågodtsom) og stiller opp kor det måtte vere på kort varsel for julebrus og pepperkaker og filmen som er så klissete at man får hull i tenna! Hurra for førjulskos!

    SvarSlett