tirsdag 14. juni 2011

Irland, vakre Irland!

(Innlegget er skrevet fredag 10. juni)


Er på veg til Norge igjen etter enda ein avslappande men effektiv ferie (eller skal vi kalle det heimreise?) til moderlandet – Irland!

Den vanligvis gjennomført avslappande timeplanen min har denne veka fått prøvd seg. Til tross for at vi har sove til meir enn klokka 08:00 kvar dag, det er 09:00 i Norge folkens, og lagt oss før midnatt kvar kveld, har vi jammen fått gjort ein del desse fem dagane.

Dag 1: Det begynte med at mamma plukka meg opp på flyplassen søndag formiddag, etter eit par travle døgn med fallskjermhopping på Voss og knapt med tid til pakking og soving. Så då sovna eg, og så når vi stod opp var det ingen bønn – pub’en here we come. Vi tusla mot byen og tok inn på den første vi passerte; The Bridge Inn i Chapelizod-området. Der var det ingen andre, berre oss og eit band som satt klar til å spille når det kom folk. Ekte irsk stemning og kjempegodt med pints! Så blei vi litt på ein snurr og kom oss (som tidligere nevnt) heldigvis heim før midnatt likevel :-)




 Dag 2: Shopping! På grunn av eit charity run i parken var det håplaust å komme seg på bussen til byen. Det var 40.000 damer (!) som løp for ulike veldedige organisasjoner i ein innsamlingsaksjon. Flaks for meg, det gjorde jo at antall damer i Penneys var litt redusert, iallefall velger eg å tru det! Vi tok taxi til byen og kosa oss med shopping og pints, før vi – etter å ha møtt på ein harry norsk gjeng på tur fra Hønefoss – tok bussen tilbake til Palmerstown og spiste take-out fish’n’ships og anna fritert digg mat til kvelds. 

Dag 3: Avgårde til vestkysten. Garret kjørte heile vegen til Galway, ein tur på ca 2,5 tima. Etter å ha hørt på eit radiprogram som diskuterte Rooneys hårtransplantasjon store deler av turen var det fint å endelig ta inn på hotell Eyre Square og nyte opplettet som heldigvis fulgte. Kjempetrivelig liten by! Ut på pub grub på kvelden, i fin kjole og greier, men så knakk vi sammen og sovna før kl 22:30. Haha for ein slapp gjeng.





Dag 4: Den store turistdagen: På veien tilbake til Dublin bestemte vi oss for å gjere ein vri; vi køyrte sørover mot Limerick og tok av til the Cliffs of Moher, som akkurat denne dagen kunne by på orkan styrke i kastene. Det gjorde faktisk opplevelsen litt ekstra merkverdig. Bortsett fra at klippene er blitt ein typisk attraksjon med parkeringsplass, inngangsbillett, souvenirbutikk og restaurant on site, var det fantastisk flott å sjå på :) 




Men det stoppa ikkje der folkens!! Vel inne på motorveien igjen (etter ein sjuk distanse på typiske vestlandsveier med 100km/t-grense) var det tid for å stoppe innom Moneygall! For dei som ikkje veit det, er Moneygall den vesle landsbyen der forfedrene til Obama kjem fra. Derfor var også Obama himself, med heile Air Force One og Michelle og 23 biler og eit helikopter, på besøk der i slutten av mai. Dei var også innom ein av dei tre små pub’ane som fins langs den einaste gata i heile landsbyen. DER skulle eg og mamma inn og ta ein kikk. Vi var ikkje aleine, for å sei det sånn.



(Obama betalte ein pint and a glass of Guinness til seg sjølv og Michelle med ein 50€-seddel, og ba betjeningen om å  ”keep the change”. Godt å høyre at mannen kan å tipse!)
Så kom vi heim etterpå, og då bestilte vi like gjerne chinese delivery til middag, og eg fikk gjensyn med min elskede chicken kung po, som eg ikkje finner i Norge. Så såg vi ein dårlig jentefilm og så sovna vi.

Dag 5: Diverse-dagen. Man får jo aldri tid til alt her i denne byen. Så torsdagen tok eg ansvar for å skvise inn litt meir typiske Dublin-ting. Først stod vi seint opp og kosa oss med lang frokost. Så stakk eg og mamma i Phoenix Park og løp to runda rundt eit kjempejorde med 8 hurlingbaner på. Så dusja vi og stakk til byen og shoppa litt meir. Så stakk vi heim og laga digg wok til middag. Men SÅ, folkens.... Så stakk eg og mamma, pent pynta, på Shelbourne Greyhound Stadium og kosa oss dønn ihel. Aaaah!



Dag 6: Tilbake til Norge! No sitter eg på flyplassen og venta på boarding. I Norge venter Flying Chicks på Æra, og på mandag kjem Philip heim fra Baku. Masse å glede seg til med andre ord. 

Takk for denne gang mamma og Garret, dåke er noken herlige folk! 

onsdag 1. juni 2011

Back - at last!

Eg skal ikkje legge skjul på det folkens: blogging er berre middels gøy. Masse mindre gøy enn å lese andre sine blogga, for eksempel Sunniva eller Idol-Siv sine. Men samtidig ganske masse gøyere enn å kjede seg. Så den siste måneden har eg ironisk nok hatt nok å henge fingra i, ettersom det tilsynelatande, for alle dei ivrige bloggleserene mine, ikkje har skjedd noke i livet mitt i det heile tatt.


Kalenderen på veggen på kjøkkenet har sett slik ut i mai. Det vil sei; noke på timeplanen nesten kvar dag. Enten det har vert jobb, hopping på Voss, fjasetur til London eller berre sosial moro i Bergensområdet. Og ein eksamen, vel å merke. Og samtidig er Philip'en min i Aserbaijan, og eg vil trygt påstå at det er ein direkte sammenheng mellom hans manglande tilstedeværelse og min fulle timeplan. No er vi straks inne i 4. veka for denne gang, og eg syns faktisk det går veldig bra.

17. mai blei ein flopp i år. Etter intens oppvarming til å lande i Lille Lungegårdsvann i fallskjerm på den store nasjonaldagen, blei drømmen vår (eg, Sunniva, Glenn og Ole) grusa i ca 1000 fot over Fyllingsdalen på vei mot sentrum, idet vi hadde skyene rundt oss på alle kanter. Kan nevnes at vi før takeoff stod under vingene på flyet for å skjerme oss fra haglbygene og vindkastene på 33 knop (minor details). Så blei det kebab til middag og bunad og fest, men då vi kom var alle dritings allerede og det var umulig å holde tritt. Så når eg endelig hadde begynt å finne god-formen blei vi kasta ut av naschpiel, ca kl. 22. Den dagen går lett i glømmeboka for min del!

Då vil eg heller slå eit slag for London-turen eg foretok meg 11.-14. mai, for å besøke Karoline og Poppi i Bethnal Green.




Ein heilt fortryllande opplevelse. Takk Karoline, eg gleda meg allerede til neste gang!

Av andre ting som har skjedd sidan sist kan eg rett og slett gjere det eg er best på: liste opp ting.
* Kom på 5. plass i sklia på Vannkanten, med tida 09:25 (Sølve vant med 09:04)
* Fått GoPro'en min fra USA!
* Nesten blitt askefast i Oslo, men det ordna seg i siste sekund
* Kjøpt ny sofa som eg trur blir perfekt i stua i Gravdal
* Rekna matte med Sunniva, og tatt eksamen i R1 (igjen *host*)
* Fått 10.000 kroner fra Norges Idrettsforbund i fallskjermstipend
* Gått i stykker eit par bunadsko

Lova å prøve å komme på banen igjen med blogginga folkens, men sånn som timeplanen ser ut framover kan eg rett og slett ikkje love noke. Bra for meg, ikkje fullt så bra for mine slukørede fans.

Until then - stay safe og GOD SOMMER!