tirsdag 10. november 2009

Motebloggdebutant

I dag skal eg debutere som moteblogger! Eg har nemlig shoppa på internett. Dette gjer eg ein gang iblant når eg i eit ukristeleg øyeblikk ikkje tenker på økonomien. Det var det som skjedde i dag når eg hang rundt på www.muse.mu, nemleg.

Resultatet blei denne fabelaktige t-skjorta..

 

..som eg var på jakt etter når vi (eg og Muse) var i spektrum i oktober, men på grunn av togtider og omtrent 8000 folk foran meg i kø, blei det til at eg lot det passere. Men no har eg altså investert i ei finfin fargerik t-skjorte. Total pris med frakt blei 23.60£ og eg anser dette som eit godt kjøp.

















Sånn ellers skjer det ikkje så mykje på motefronten. Eg har vert i fjøset med Besta ein tur, og då prøvde eg ein ganske kul kjeledress.

God tur til Moskva, Sunniva. Eg er ikkje missunneleg i det heile tatt. Er det nokon som har lyst å vere i mine sko ei lita stund? Dei er størrelse 37 og godt brukt no om dagane. Ta konakt for å oppleve kjensla av å ikkje ha eit liv!

4 kommentarer:

  1. Nr 1. Muse-tskjorta di var mykje kulare enn Muse-tskjorta mi, faen.
    Nr 2. Du såg meget sexy ut i kjeledress, vurdert yrke som bonde?
    Nr 3. Laug du deg nettopp ein skostørrelse ned? Eg trudde du hadde 38(altså samme som meg), sida vi av og til dreiv og bytta sko då vi budde ilag.
    3a: har føtta dine krympa?
    3b: har du alltid vore str 37, og det har gått meg hus forbi?!
    3c: kvifor vil eigentleg nokon lyge seg ned ein skostr? Forslag?

    SvarSlett
  2. Hei ditt troll. Kjekt at du kommentera på bloggen min berre få minutt etter at innlegget er lagt ut. Haha!

    Svar på 3a: Trur dei har krympa litt ja. Eg trudde eg var 38 heilt til eg kjøpte støvla i 38 og då hadde eg tjukkelabba på. Så etter det sjekka eg ut 37, og det funka som berre juling.

    Svar på 3b: Sjå førre svar.

    Svar på 3c: Det kan jo hende folk har litt dårlig sjølvbilete og vil ha små føtter for å føle seg betre. Eg har vel endå til gode å møte noken sånne.

    SvarSlett
  3. Stine! Beklager treig oppdatering herifra, men har ikkje hatt nett før. No føler eg meg som eit bedre bidrag til Gratis Flåge. Av ein eller anna grunn satt ryggflyginga på første forsøk, og etter ca ein halvtime med rygg og diverse overganger, gikk eg over på head-up i går, og skal fortsette med det i dag. Foreløbig er det litt frustrerende å fly med så lav hastighet, men litt gøy også, så no har eg lært å falle enda saktere enn vanlig ;) (litt usikker på ka eg skal bruke det til men...)

    Har hatt 50 min i går, 15 hittil i dag, og skal ha 15 til ikveld. Daniel er ein fantastisk coach, sjøl om han flyr i snitt tre timer om dagen. Ellers har alle framgang, Live nailer ryggflyging og Team Panic imponerer russiske instruktørene her.

    Menmen, koselig i tunnellen, men savner deg og Philip her! Og Yngve og kakene hans;)

    Hilser fra alle, litt ekstra fra Daniel.



    Forresten så toppa kjeledressen din dei fleste moteblogger, og eg trur ikkje nåken skryter av seg ein skostr?! Måtte vere for å forklare eventuell dårlig balanse ;)

    SvarSlett
  4. Du må jo hive inn bilde av besta òg ;) helst bilde av Hegreneset om du har.

    SvarSlett