onsdag 27. april 2011

Min religion

Etter ein ukristelig vintersesong der antall fallskjermhopp kan telles på éi hand, og den stakkars fallskjermriggen min har stått i ein mørk sekk og snufsa for seg sjølv, var det på høg tid at sola dukka opp. Bonus at det tilfeldigvis omtrent samtidig landa ein velkjent Pilatus Porter på Bømoen og at årets tidlige fulldriftsstart sammenfalt med årets seine påke. Pangstart blei plutselig ...skuddsikkert! 

Eg pakka snippsekken og forlot Gravdal, Pjusk, jobb, internett og PC for påkeboogie på Voss. (Pusen hadde det forresten heilt strålande i påska, med barnevakt i toppetasjen og nydelig utevær, så det var ikkje noke stress). Lene plukka meg og Philip opp i ny doning og brant avgårde på ferie. Idet vi passerte Palmafossen blei vi sugd inn i Bømoen-bobla og..  resten av historien illustreres heretter!



Fine-Caroline og Pene-Lene er ikkje mindre fine og pene i fritt fall. Her tar dei grep til og med, og det før Caroline i det heile tatt har passert 100 hopp!


Her leika vi ein form for tikken i lufta. "Skolissa" eg har i handa (pullup'en) snappes og leveres mellom hopperne i lufta. Her illustrert av Kjetil som kjem og tar den fra meg. Like etterpå leveres den videre til Lene. Gøy!


Dette trena vi på i tunnel i vinter - carving! Her med grep og ein høgt konsentrert doktor i fysikk.


Hot, happy man!


Torsdag kveld blei det innhopp og vi ante lite om kor vi skulle før vi hang i skjerm. Det vinterdekka landskapet avslørte kjapt at vi var i Myrkdalen og skulle lande rett ved parkeringsplassen og Pudder Kafé. (Midt i bildet ca.) Genialt innhopp og store kontraster til dei varme "sommerdagane" på Bømoen!


PERFEKT headup-exit med grep. Sprøtt at vi fiksa det på første forsøk. Kan det vere flaks? Er vi rett og slett skitgode? Eller har vi faktisk erverva oss exit-kunnskaper i tunnel i vinter?! (Lite sannsynlig though.)


Lene prøver å kle på seg i fritt fall. Ofte er det kjempelurt å ha riggen på seg når man skal trekke. Då er det ikkje så good med vandrende beinstropper!


Eg og Philip gjorde mitt til no kanskje kulaste fallskjermhopp. Headdownexit, over i carve med grep, til headup, fly inn eit grep, Philip over i headdown og fly inn enda eit grep. Mannen er jo så lykkelig at han viser tommel opp feil vei! Hahaha!



Dette ser vitterlig ikkje heilt korrekt ut? Jaja.


Petter lova meg å sjå opp på flyet og følge med på at eg vinka til han i frittfall. Flink gutt!


Pilotane på Bømoen har det også gøy!


Mitt kanskje 2. kulaste fallskjermhopp til no - tracking med gutta! Endelig kom eg inn og holdt slot'en min heile hoppet! No var det plutselig ikkje vanskelig i det heile tatt. Ordentlig digg var det!


 Litt magehopping må til når Spot On Cup krever sitt bidrag. Her i ein litt skeiv exit, som vi omsider stabiliserte rett vei. Flågeutsikta mi er ofte ganske bra i lufta. Porter er ikkje så verst det heller.


Men av og til, som for eksempel her (i 8.000 fot skal vi tru høgdemåleren min) får vi lyst på litt god gammaldags nærkontakt. Sunniva klamrer seg til meg mens Lene inntar fallstilling (hehe) i motsatt køyreretning og havner i Sunniva sin luft, også kalt bombing.  Heldigvis ikkje eit hardt møte! Syns eg hugser at vi i all hovedsak driver med vertikal flyging i fritt fall, og godt er kanskje det?


Siste effektive hoppedag ordna vi oss eit lavhopp med flagg. Sunniva holder flagget på magen i exit og slipper det ut i lufta når skjermen er på plass. Trening mot 17. mai må til når man muligens skal lande i Lungegårdsvatnet og representere fallskjermhopping i den store folkemengda!

Onsdag til mandag sjekka eg verken mail eller facebook, og når eg omsider gjorde det, oppdaga eg kvifor eg ikkje hadde trengt å gjere det. Ingenting viktig i innboksen! Vintersesongens udekka hoppebehov stabiliserte seg etter 21 hopp i påken, men satte også igang hungeren etter meir. Digg å vere i lufta igjen - dette er så avgjort min form for religion!

tirsdag 19. april 2011

Nære på å dobbeltbooke!

Sommeren er under planlegging, og i år skal det skje masse. Eg nevner; påke og sesongstart, GF-trening, Flying Chicks, Ekstremsportveko, Voss Freefly Festival, NM på Jarlsberg, Spot On Cup, Sverige-tur, tunnelcamp i juli (?), King boogie...ass!, og alt det andre. Det vil sei familiebesøk i Dublin, jobb, henge med Philip når han er heime og generelt tid til andre ting.



Eg holdt på å havne i saksa i dag når eg bestilte flybilletter tur/retur Dublin 5.-10. juni. Tenkte laaaangt bak i underbevisstheten at Flying Chicks skulle starte 13. juni og at det ville gi med eit godt slingringsmonn. Ikkje før eg hadde mottatt kvitteringa på e-post bladde eg opp i kalenderen min og såg til min store overraskelse at den skulle starte 10. juni! Sjølvsagt skulle den det! Ikkje mindre flaks at eg reiser innom Gardermoen på returen, så eg kan berre tusle ut til toget og få nokon til å plukke meg opp på Rena.

Note to self: det er jo ein grunn til at du har kalender då, ditt fjasetryne! Bruk den! 

mandag 18. april 2011

Påske og påke

Dagen i dag har vert heilt formidabel, sett vekk frå det faktum at vi sannsynligvis har rotter i taket. Men om ein tar i bruk "ute av syne, ute av sinn"-teknikken (som eg er mester i) så er dagen i dag heilt super. Fordi?

På grunn av fri og feriestemning! Som frilansarbeider kan eg ikkje sette meg inn i den samme påskeferie-følelsen som dei fleste andre kan. Men eg merka det i atmosfæren likevel, at no er det felles og mange skal gjennom tradisjonsrike events, deriblant med sjølv. Påkeboogie på Voss venta fra onsdag og så lenge det måtte friste. I fjor såg det slik ut når vi skulle pakke inn i bilen til D-Dog! Han er i Sevilla i år, men vi er ikkje dritmisunnelige.



På grunn av den russiske dama på Chica Store på Exhibition i Bergen, som voksa og plukka og til og med sminka (!) augebryna mine for ein spinkel hundrelapp! Ho hadde rett og slett russisk presisjon og peiling på faget. Anbefales!

Fordi eg traff Helge Jordal på Bystasjonen og han ser jo skikkelig herja ut. Eg smilte forsiktig i det eg passerte han, og han smilte tilbake. Det der trur eg er ein trivelig mann altså!

På grunn av at Philip er heime fra Azerbaijan og skal vere til over påske. Det å endelig ha noken andre å lage mat til (eg suge på å lage ordentlig mat når eg er aleine heime), noken som kan bli med på fjelltur eller intervalltrening, noken å klage til viss eg trenger det, noken å klemme viss eg trenger det og så videre. Diggin it!



Philip har til og med ordna presang til meg, i anledningen 4års-kjærestepar. Og kva er vel meir naturlig å gi enn eit trådlaust minitastatur? Ja du må gjerne le! Men det er definitivt få folk som kjenner meg like godt som Philip :-) Testa det ut i dette øyeblikk faktisk! Lydløst er det óg. Genialt rett og slett.

Fordi årets bikini er innkjøpt! Svart. Trenger igrunn ingen djupare forklaring - alle (jenter) veit kor kjekt dette er! (Bildene er fra hm.com)




Fordi været plutselig letta opp, og no er det blå himmel. Blå himmel i Gravdal på ettermiddagen er ikkje å forakte, rett og slett. Våren er her!



 No skal eg finne ut prisen på rottefeller. Tippa Clas Ohlson kan bidra på dette området! Enn så lenge; GOD PÅSKE og NYT DAGANE!

Slainte!

mandag 11. april 2011

Ein for orgelet og ein for meg

Desse jentetur-greiene vil virkelig ingen ende ta. Etter at eg kom heim fra Bottrop var det knapt tid til å vaske undertøyet før sekken igjen skulle snøres og denne gangen var det Oslo som skulle få storfint besøk.



Eg, Sunniva, Siv (bedre kjent som SSS) og vår sparringsparter Camilla ankom frå Vestlandet med tog og fly, for å gjere tigerstaden ("ooo, tigerstaden, eg er så imponert") utrygg. Daniel hadde på forhånd sendt tekstmelding til reiseleder Idol-Siv med advarsler om voldtekstbølgen i Oslo. Ingen problem, tenkte vi. Spesielt siden vi er høglytte, usjarmerande vestlendinger med ryggsekk og joggesko på by'n. Kven vil voldta oss uansett?



Skyggen av ei lyktestople som ligna på lysestaken i Skjønnheten og Udyret. Sjarmerande sak! Midt på slottsplassen.



Hoppebilder utanfor slottet er obligatorisk når SSS er på fjasetur.


Vi fant Jan Thomas Studio i Parkveien. Han var dessverre ikkje på jobb denne dagen, så det var jo dritkjipt. Eg som hadde tenkt å ta bilde sammen med han og kanskje finne ut kva hudtype eg har. Sukk!


Südøst, der Sindre jobba. Kjempested! Årest første utepils nytes i ekstremt godt selskap og med konsertkribling i magen.




Alle gutters drøm; putekrig på jenterommet. Sånn er det berre. Alltid putekrig når jentene deler rom! Vi hadde også kreppetang med oss, slik at vi alle kunne stille i samme konsertkostyme. Kreppa hår og rutete klær. Foto av Sindre, som også koreograferte bildet.


Men fra spøk til alvor. Dette bildet er fra søndag formiddag på Aker Brygge, Jacob Aall.  Der vi satt og snakka om alle dei supre kjendisane vi hadde møtt i løpet av turen. Herregud på eit herlig repetoir! Han rødhåra i "Mannen som elsket Yngve", neeesten Jan Thomas og man skal jammen ikkje lenger enn inn på McDonalds før man treffer på ein nasjonalskatt som dette!


Christer Falck!!

(Ingen bilder av Kaizers? Hæ?) 

fredag 8. april 2011

Bro, bro, brille

MAKAN.


Heile dagen i går såg eg sånn ut:


No la eg merke til at eg har mykje kvitare auge enn tenner, og det er kanskje ikkje så sjarmerande? Eg skylder på vin og kaffi. Men uten vin og kaffi hadde livet ikkje blitt det samme. Men er det vin og kaffi som får meg til å sjå slik ut? Eller kan det ha vert det faktum at eg har brukt dei siste dagane på dette?


Vindtunnel er ein rar greie. Her betaler vi tusenvis av kroner for å oppholde oss i eit skikkelig bråkete rom i timevis. Gå rundt i heildekkande dress, stygge briller og hjelm med hardt skall, svette som ein gris og utsette seg for diverse ned- og oppturer i løpet av kort tid. Håret blir tørt, brusete og flokete. Man blir fysisk utmatta og psykisk anstrengt. I tillegg blir man blakk.

MEN DET DRITE EG I! HAHAHA!

Kjære Norsk Tipping.

Eg er fast spiller, og ønsker å få litt prioritet ang.
førstepremien i morra. Besta har sagt at eg kjem til
å vinne ein gang, viss eg berre spela ofte nok. Problemet
eg berre at eg trenge dei pengane no (og ikkje om 50 år).
Vennligst ta dette opp til vurdering snarest.
Kan betales direkte inn på konto til Indoor Skydiving Bottrop.
På forhånd takk!

MVH
Stine Hegrenes.

fredag 1. april 2011

Bottrop igjen!

Wow, tida går faktisk. Sjølv om våren lar vente på seg og Philip er i ein anna verdensdel. Sjølv om eg er i Mo i Rana og har ingenting å gjere på. Jammen godt vi bestemte oss allerede i januar for å dra på sesongavslutning i Bottrop 3.-6. april! Og med sesongavslutning meiner eg sjølvsagt vintersesongen, som fra og med i år består av hyppige vindtunellbesøk!


Etter sesongavslutning venter altså .... SESONGSTART!
Derfor har eg bestemt meg for å aldri vasse rundt og vente på den dagen eg skal bli ihuga vinterhopper, når eg kan ha sesong heile året på to ulike felt! Sunniva er heldigvis einig.

Gleda meg massivt til å komme heim i leiligheten i kveld og avslutte arbeidsveka med eit glass vin og pus på fanget. Kem vil ikkje komme heim til dette?


Dessuten tippa eg vi snart kan gå på fjellet igjen i Bergen. Då blir det løping på Lyderhorn, som her illustrert ved Philip (riktignok ikkje løpande) ein digg dag i 2009.



 Eller over vidden, som eg veit mange gjer på ski, men det trur eg berre er kjipt, så eg velger å vente på sommeren og gjere det til fots. Fint å ha føtter. Her også illustert ved Philip, ein vakker dag i 2009. (No framstår vi veldig spreke syns eg.)


Velger å avslutte dagens vimsete innlegg med eit stemningsbilde frå Lofoten. Berre 2t 25min igjen av arbeidsdagen! God helg.