onsdag 28. juli 2010

"Ser du har sansen for meg"

Long time no writing

Å fy flate, no kosa eg meg. Eg har ikkje ord for kor masse eg trives i min supre leilighet, heilt aleine, med radioen på og instant coffee i Førdefestivalkruset mitt.

Dei siste dagane har eg konsentrert meg hardt om å slappe av så masse som mulig. Forleden dag var eg og Philip unnom Fretex der eg skaffa meg fire fine bøker: Parfymen, Berlinerpoplene, Bokhandleren i Kabul og sist men slett ikkje minst.. Mytteriet på Bounty! Dagane går med til å lese bøker, tråle etter gode jobboppdrag (kor er det blitt av alle dei døve no i fellesferien?!) og nyte regnet. Og mimre om tidenes mest energikrevande sommerferie. Her illustrert av Daniel aka D-Dog og Sunniva i vindtunnellen utanfor Moskva. Her flaksa vi rundt i to dagar med totalt to (!) timar i fritt fall under hard coaching. Oh my. 

Noko som til slutt resulterte i at eg og Sunniva kunne gjere dette
Gratis Flåge er herved eit fullverdig lag med kamera på riktig hode. Lene aka Lenin er vår lagkaptein og smånervøse kameradame før NM 10.-14. august, mens eg og Sunniva ser på heile opptøyet som MORO og gleda oss til bankett og fest. 

I Russland fant vi fem bikkjer. Dei var pittesmå og forlatt av både biologiske og menneskelege "foreldre" og overlatt til eit liv som hoppfelthunder med ansvar for seg sjølv. Vi kunne jo ikkje anna enn å elske dei, og døpte dei D-Dog (han feite), P-Momma (veslejenta), Arild/Adolf (den einaste kvite), Noname og Åshild. Akkurat koffor den eine blei heitande Åshild er meg ubekjent. Philip (den menneskelege P-Momma) og P-Momma the doggie fant tonen og det var kjekt å sjå Philip smelte. Ikkje ofte det skjer :-)

Siste hoppedagen hadde Philip reservetrekk. Det utspant seg etter eit hopp ingen hadde trua på, men som gjekk så til dei grader BRA at alle lo i separasjon. Philip lo mest av alle, og hiksta idet skjermen kom ut - først den eine veien, så den andre, og viste seg uverdig å samle på. Eg og Sunniva satte vår stolthet i å få bragt alt utstyret tilbake til den uheldige kjæresten min, og landa like gjerne rett ved fribag og skjerm eit stykke unna. For ein dag! Det resulterte i ein kasse, som grunna temperatur og smakskvalitet vart sett i dusjen med iskaldt vatn over seg. Eg ler fremdeles av det siste hoppet, over ei veke etter. 

tirsdag 6. juli 2010

Temablogg: bilder av Sunniva og Philip

Velkommen til eit nytt temablogginnlegg. Årsaka til at eg blogga masse akkurat no, er at eg stikke til lasaronferie til Russland i morra og blir vekke i 14 daga.

Tema for dagens blogg er altså bilder av Sunniva og Philip. Kravet er at bildet skal inneholde både Philip og Sunniva samtidig. Bildets historie er sjølvsagt også kortfattelig beskrevet. Gled dåke!


Bilde 1: Klassisk Philip og Sunniva på fest. Sunniva utvikla ein gang tidlig på 2000-talet ein effektiv posering for slankande effekt i ansiktet. Teknikken består i å spise deg sjølv opp frå innsida. Resultatet er slike fantastiske modellfoto, og Philip har adoptert teknikken i all evighet. Her avfotografert i fallskjermkollektivet under ein legendarisk danse-og-tøyse-fest i 2006. Ellers har eg mange slike tilsvarande foto i diverse album.


Bilde 2: Overnatting i klubbhuset til Førde flyklubb i forbindelse med helikopterhopping i romjula 2007. Ein snasen tradisjon! Ein kan sjå i det fjerne at begge prøver seg på poseringsteknikken for slankande effekt.



Bilde 3: Ai-ai! Dette kan sjå ut som ein voldtekt eller kanskje eit yogakurs. Det var det nesten! Dette er den russiske freeflybabe'n Olga (visstnok ei av dei beste) som prøva å lære vekk korrekt ryggflygingsposisjon til bruk i tunnel samme kveld/natt. Og i forhold til korleis eg følte meg etter 1 time i tunnellen midt på natta, så er kanskje voldtekt ein grei samanlikning. Men fy så kjekt!





Bilde 4: Nyttårsdafta hos Åsmund 07/08. Her samla vi alle dei finaste folka og drakk sjampis, dansa, herja og tukla med fyrverkeri heile natta. Sunniva sitter i sofaen og Philip i stolen ved peisen, om nokon skulle lure på det. Og ja, det begynt å bli vanskelig å finne fleire bilder no!


Bilde 5: Ekstremsporveko 2009! Dette er korleis skogen med teltområdet til Bergen Fallskjermklubb ser ut. Philip ligger og slapper av i hengekøya, og Sunniva sitter i stolen til venstre i bildet med ei bok. Teltet i bakgrunnen er bebodd av Sindre.


Bilde 6: To av mine absolutte favorittpersona i heile verden, og dei lika til og med kvarandre! Kor flaks går det an å ha ;)



Kom gjerne med forslag til tema eg kan ta opp i min temablogg! God sommer til alle eg ikkje snakka med dei neste vekene.

Blue skies!

mandag 5. juli 2010

Skjermflygerkvinnen

Veko er over for i år. Eg har ikkje veldig mange fleire kommentarar enn Sunniva har om saken, så eg kan anbefale å lese det direkte derifrå. Eg har overlevd årets ekstremsportveko med ca 8 enorme myggstikk, tøysko i pisseregn, mystisk heimebrygg i skogen, tannbørste på avveie og ein ganske bedugget telefon heim til mor for å forklare at vi har det bra. Og det hadde vi :-)

I tillegg til fest og fjas, har vi hoppa litt fallskjerm. Bildebevis følger.






















Ordentlig feminin stil, skjerm og hoppdress. Håpa på å utvikle meg som skjermkjører og begynne med swooping etterkvart.






















Sjå mamma, det er Karoline som landa!
















Gratis Flåge på creeper'en under mandagens Rookie-cup. Enten prata vi taktikk, eller så er det heftig sladring på gang.

(Takk til Trond Teigen for flotte bilder. Dei låg på facebook, så om det er eit problem at eg bruka dei, så kan du begynne med å fjerne dei deifrå. Ellers alt ok!)

New haircut

Klipte meg på fredag, etter ein liten dag med frustrasjon over frittfallfloker, slitte tupper og generell mangel på noke "nytt" reint utseendemessig. Flaks at eg hadde Anders i umiddelbar nærhet, som umiddelbart forstod kva eg var ute etter, og som har ein fin dreis på saks og kam.

Resultatet:























Ønska meg kommentar fra mamma og Idol-Siv, spesielt. Ka syns dåke?