mandag 28. februar 2011

Days like this

Jajaja, eg veit. Facebook har tatt fullstendig overhånd og eg har nesten glømt at eg har ein blogg å følge opp. Men til alles store glede kan eg altså treffast der óg, etter minst 4 års vellykka avhold. Eit svakt øyeblikk, samt mange nye kolleger og venner fra fjern og nær var det som skulle til.


 Eg er tilbake i Nord. Her er det speilblank is med 20 cm djupe vanndammar på, liten kuling på kysten og  eit sant helvete å komme seg frå a til b, men det er PLUSSGRADER og det er LYST UTE. Det redder meg frå den sikre depresjon. I tillegg har eg planar om å tilbringe ettermiddagen i svømmehallen og der er det uansett vått. Så det skal eg ikkje klage på. Som bildet viser (Tromsø i slutten av mai i fjor) kan det vere ganske så fresht i Nord-Norge også. Bildet er tatt ca kl. 02.00.


Fredag var ein fin dag. Etter ei lang arbeidsveke med alt for masse busskøyring (to timar kvar dag) inviterte eg og Philip på pitapizza og vin hos oss. Anledningen var forspill til Shaun Bartlett og co på Madam Felle, og Caroline stilte opp med skjørt og vin og overnattingsplaner. Vi heiv oss tidlig avgårde på buss til byn, der Mubbz kommenterte sin egen status (herregud Stine) ved å sei; "Hehehehe, eg kan ikkje huske sist eg satt på bussen til byn en fredagskveld før klokken åtte og var småbrisen på vin"...



Konserten var ein knallsuksess, og det strømma inn folk frå fallskjermklubben heile kvelden. Til slutt måtte vi bruke scena som krakk, for det var ikkje plass andre steder. Vi stakk deretter på Huset for å drikke oss gode og (enda meir) brisne, men Mubbz holdt på å ramle i bordplata etter få minutters hardt arbeid med å holde augene åpne, og vi forstod straks konsekvensen av å sitte på bussen til byn en fredagskveld før klokka åtte, småbrisen på vin. Det er jo slitsomt for ein travel tobarnsmor som er oppe klokka seks kvar dag! Ho fekk nøklane mine og stakk heim. Det tok meg ca fire minutt å innsjå at eg burde blitt med. Så eg heiv meg rundt og stilte meg ved bussholdeplassen på Møhlenpris og venta på nattbussen. Som aldri kom. Eg trur til og med eg sov litt der eg stod og venta. Til slutt gav eg opp og gjekk tilbake til Philip, som eg sjølvsagt kjefta på, og så ordna han pirattaxi og prøvde seg på å gjere alt godt med ein stratos. Det funka ikkje. Men så var vi plutselig heime og då var alt bra igjen.



TAKK til Shaun og gutta for konserten, som kom veldig overraskande men på eit prefekt tidspunkt.
No skal eg tilbake til arbeidsoppgåvene mine, som akkurat no består i følgande: sjekke ut rikspakken og andre tv-abonnement, lage budsjett for sameiet (eg er kasserer, hehe), lese DetNye, fakturere jobben, sjekke finn.no for møbler og seilbåter, ringe Gravdal Båtforening og spørre om pris på båtplass, lese nyheter, håpe på mindre nedbør til eg skal gå heim igjen og diverse andre unyttige ting.
Tolk ja? Indeed.



NB: Beklager den ikkje-eksisterande sammenhengen mellom tekst og bilde i dette innlegget.




mandag 7. februar 2011

Bergen Fjellfykarlaug og basehopping generelt

Etter at Yngve forsvant har eg fleire ganga tenkt; stopp. Basehoppinga har på ein måte tapt seg litt, og eg trur kanskje eg aldri kjem til å gjere det igjen. Eg veit at det er fleire i fallskjermklubben og basemiljøet som ikkje heilt veit korleis dei skal ta stilling til hoppinga i framtida. Enn så lenge har vi berre utsatt å bestemme oss, fordi det uansett er vintersesong. Men våren er rett rundt hjørnet. Sjølv om eg trur eg har bestemt meg, vil eg sei at eg har vanvittig respekt for alle som bestemmer seg for å fortsette.

Håpa bildene kan tale for seg.















Fordi det er ekstremt! Det er ekstremt sosialt. Ekstremt spennande. Ekstremt langt vekk frå kvardagsrutiner. Ekstremt intenst. Ekstremt personlighetsforsterkande. Ekstremt deilig (å falle, men det veit jo alle). Ekstremt vakkert (naturmessig). Ekstremt god trening. Ekstremt fine folk.

Eller kanskje eg ikkje er heilt ferdig med dette likevel?

torsdag 3. februar 2011

Quítese la ropa, por favor!

No har eg gått til innkjøp av den høgst nødvendige spanske fraseboka, sjølv om vi er langt over halvvegs i opphaldet. Eg har begynt å skjønna litt av teikninga, men syns tysk går spansk ein høg gang når det kjem til gjenkjennelse og gjetting av ord og betydninga av dei. Skulle hatt Sunniva her!

Ellers er solkysten som eg tidligare har nevnt; full av nordmenn. "Lille Norge" er det mange som kaller det. Den lille byen Albir ligger mellom Valencia og Alicante, like nord for Benidorm. Området er totalturistifisert (eit ord eg nettopp laga), som betyr at opprinneleg kultur og språk er vaska bort til fordel for tilreisande. Spanjolane her er ikkje eingang spanske - dei er rumenere eller nederlendere, eller til og med norske. Ja, det har skjedd at eg har komt i spansk-frase-snakk med ein butikkselger som omsider viste seg å vere fra Kirkenes.





For å illustrere galskapen har eg knipsa litt rundt omkring når vi har passert sjapper i gatene. I tillegg blei eg og min kjekke kollega Siri stoppa på gata i dag av ein mann som satt på eit bord ved ein uterestaurant. Han var ein eldre herre med avis og solbriller som kikka opp på oss og sa; "Heihei - dere ser norske ut!".

No er dagen over, og eg kjenner at kroppen har tatt både sol og sikkert rundt to mil med vandring i gatene i dag også. Vi har det kjempefint og nyter livet på statens rekning.

Hasta luego, amigos!

onsdag 2. februar 2011

I love my job


Solkysten i Spania!

Pros: Ein kul jobb. Overkommelig utetemperatur. Appelsintrær i gatene. Rullestein på stranda. Spa-avdeling på hotellet. SOL heile dagen. Billig mat og drikke. Vasse-i-strandkanten-temperatur. Eit språk som minna meg om fantastiske Yngve.

Cons: Nordmenn overalt!! Klisjéen eksisterer i beste velgåande.