onsdag 31. august 2011

Smak og behag

Enkelte ting kan argumenteres for på ein sånn måte at det blir delvis forståelig. For eksempel det faktum at vi ikkje enda har kjøpt oss bil. Eller at eg ikkje har tenkt å feire jul i Norge i år. At det kanskje blir litt voldsomt å satse livet sitt på å bli jagerflypilot. Og så videre.

Ein ting eg derimot aldri heilt kjem til å forstå, er kva samtlige husmødre og interiørdesignspirer tenkte på når dei dekorerte hus og heim rundtom i landet frå omtrent etterkrigstid og fram til 90-tallet.
For å illustrere dette vil eg gjerne introdusere deg for huset til mine kjære besteforeldre. I tapet-utgåva!














Kan dette virkelig argumenteres for? Var besteforeldra mine utilregnelige i gjerningsøyeblikket? Anyone?

onsdag 17. august 2011

Detox needed

Kva dag er det i dag? Onsdag ja? Javel. Skal sei det er lenge til neste sommer, gitt.

Skal eg prøve å oppsummere årets sommer, må det blir kortfatta. Heilt sidan 2005 har eg kvart einaste år tenkt at "yess, denne sommeren har vert den beste sommeren i mitt liv", og 2011 var ingen unntak. Eg og Sunniva har mange ganga spurt oss sjølv kor det skal ende - kor lenge kan det holde på å berre bli bedre og bedre?!


Det begynte med påken (okei, no er eg langt tilbake i tid, men reint temperaturmessig var det her sommeren begynte. Og slutta). Påken på Voss i år var legendarisk. Så kom mai, og eg reiste på spontantur til Karoline i London. Deretter var det 17. mai (fiasko) og litt jobbing før eg stakk til Dublin og besøkte min fine familie i begynnelsen av juni. På returen til Norge stakk eg like gjerne innom Flying Chicks, der vi hoppa i tordenvær og drakk oss fulle. Like etterpå kom Philip heim (hurra) og vi stakk til Voss. Så begynte veko. Så stakk Philip til Baku igjen (buhuu) og så regna det heile veko (buhuu). Men vi gleda oss til det blir vindtunnel på Voss i 2012, så slipper vi å hate regndagane på Voss nokonsinne igjen!

 

Etter den katastrofale veko, med innslag av diverse film-, lese- og familiespillaktiviteter (for ikkje å nevne festeaktivitetene, men til og med festinga blei halvhjerta) var det på tide med ...tja... for eksempel 27 varmegrader, vindstille og knallsol i Strømstad-traktene. Lett! Eg heiv meg med Jan og Beechen fra Voss til Näsinge, eit lite hoppfelt med eit stort hjerte i Sverige. Der kom eg meg liksom aldri vekk fra. Sjølv om turen blei aldri så lite annerledes enn planlagt, tok det heile 10 dagar før eg klarte å surre meg heimover. Og korleis klarte eg det? Ved å treffe på Tonny på Nordbysenteret, tilfeldigvis med snuta retta mot Voss og ledig plass i bilen (hurra). Trengte ikkje spele lotto den dagen heller.


Vel heime fekk eg konversert litt med Sunniva og bestemte meg for å dra til Førde for å treffe igjen klassen fra videregåande etter fem år. Det var trivelig og Siv imponera som tapas-chef. Så stakk eg til Besta og Besten og hang der i dagevis, det var det første innslaget av mental detox eg hadde i sommer. Reiste heim til Bergen dagen før Philip kom heim igjen (hurra) og så plutselig blei folk massakrert på Østlandet (buhuu). Makan.

Eg og Philip var heime noken daga og vaska klær, men så bar det til Voss igjen og VFF - Voss Freefly Festival. Og eg har ikkje så masse meir å sei enn; DÆVEN DØTTE. Og mamma kom på overraskelsesbesøk fra Irland, har aldri blitt så surprised før i mitt liv :-) Kjempekoselig.
Avslutta VFF-festen på lørdag med å plukke opp Philip fra bålområdet ca kl. 08.00 søndag morgen (hurra).





Eit par daga heime var det einaste vi fekk, før Philip stakk til Baku igjen (buhuu) og eg stakk på NM (hurra) med eit einaste mål; å få pallplassering. Målet var liksom ikkje så håplaust gjennomførbart med berre tre påmeldte lag, men alt anna enn bronse ville jo bli ein bonus. Så når eg søndag formiddag satt på flyet til mitt 2. detox for i sommer; jobbveke i Mo i Rana, med gullmedaljen rundt halsen (hurra) blei eg jo gratulert av både sikkerhetsvakter og piloten på widerøe-ruta eg flaug.



Eg har møtt så mange fantastiske mennesker. Mine skada venner har det bra, alle sammen. Eg har hoppa 130 fallskjermhopp til tross for generelt drittvær. Eg har tilbragt tid med viktige familiemedlem. Eg har møtt igjen gamle klassekamerater. Bada i elva. Klatra i trær. Løpt langt og masse. Kvitta meg med noken personlige issues. Grått. Fnist. Lært å stå på hendene. Blitt norgesmester.


Så no sitte eg her og lurer på kas dag det er, for første gang siden slutten av mai. Sol-opp-sol-ned har vert meir enn bra nok for meg i sommer. Men no begynner hausten, som eg ovehode ikkje grua meg til; tvert imot. Denne hausten skal eg fly alvorlig masse i vindtunnel, reise rundt og tolke ein heil del, besøke Philip i Aserbaijan og svippe innom Dubai på turen, henge litt i den herlige leiligheten vår og plutselig blei det jul.

(Må stikke. På tide å drikke te og å lese bok om uttøying.)