fredag 3. desember 2010

Gjeldsslave og ein drømmelelighet rikare!

Shit. Kva har vi gjort?

"Enda ein visning", tenkte eg og Philip på onsdag når vi møttes i Gravdal i fire-tida. Vi har vert på mange av dei i det siste. Av og til har vi måtte jobbe med å bevare fatninga og innsjå at eit nytt bad til 200.000,- kanskje ikkje er ein veldig god idé, sjølv om kjøkkenet var brukbart. Det har gått bra så langt. Men vi har blitt kjempekritiske til standard, beliggenhet, nabolag osv., og det skal alvorlig masse til før ALT er godt nok.

Men denne gangen klaffa det. Etter ein kjapp budrunde rista vi av oss dei andre interesserte i det vi bød 1.750.000,- for denne godbiten:





No går eg rundt i lykkerus, og tråla det som fins av bolig- og interiørmagasin samt interiørblogger og ikea-katalog. Pusen ligge på sofaen og mala med stjerner i augene. Ho blei happy når ho skjønte at ho skulle få flytte til ein plass som har ordet "Laks" i seg. (Laksevåg).

Den neste måneden ser uryddig ut. Kontrakter skal signeres, posten skal omdirigeres, ut- og innfytting skal organiseres, ikea-tur må planlegges, strøm- og internettleverandør må bestilles, kjøleskap og oppvaskmaskin må kjøpes (pent brukt hopefully), litt krangling må vel vere plass til, men mest av alt: vi skal begynne å bygge oss ein heim, og eg trur dette blir ein lang og veldig spennande opplevelse!

torsdag 2. desember 2010

Herlig dag på fjellet



I går stod eg opp og tusla på fjellet. Det er nesten ingenting som føles bedre enn det. Eg hadde tenkt meg ut Fløyen på forhånd, men når eg gjekk ut døra og fekk sola i ansiktet krevde kroppen meir enn Fløyen. Så eg gjekk like gjerne på Ulriken istedenfor. Til tross for 8 minusgrader syns eg heile stemninga reflekterte seinsommeren meir enn vinteren.

Satte meg på restauranten på toppen; skyskraperen. Kjøpte meg ein kopp kaffi og fekk varmen i kroppen igjen. Der kunne eg blitt sittande i timevis! Men då hadde eg berre blitt stiv og tatt banen ned igjen, og ærlig talt.. Det er jo litt bortkasta når man kan rusle ned igjen óg ;)

 

Til Idol-Siv: eg signerte gjesteboka i restauranten med den årlege 1.desember-meldinga som eg og Sunniva får på sms tiiidlig om morningen. Det slår aldri feil! Då er det jul!


Fancy peis


Store delar av stien var frosse til is, men det var heilt sweet å rusle ute på kanten. Forøvrig gjekk eg "utsikten" på veg opp, og dalen på veg ned. Isen var berre i dalen.


Ein deilig tilfeldighet at ei av vognene til Ulriksbana kom innom motivet mitt akkurat når eg knipsa :-) Skal ikkje så masse til altså - ein liten rusletur på fjellet i vintersola, og vips så er man blitt naturfotograf.


På slutten av dagen gjekk eg, Philip, Sunniva, Daniel, Richard og Lene + kollega på Huset Pub og testa ut årets juleølsamling der oppe. I år beståande av Hansa Juleøl og Nøgne Ø's Underlig Jul. Eg må sei Nøgne Ø er ganske smakfullt, men kanskje litt i meste laget. Gleda meg til å smake juleøl frå Ægir (om den fins). Hurra for juleølsesong!

mandag 29. november 2010

Den etterlengta kinokvelden!

I dag har eg tatt med med Philip inn i ei mørk hule og holdt han fanga der i to og ein halv time... Kan også kalles Harry Potter and the Deathly Hallows, og eg har gleda meg leeeenge til dette!




Til tross for filmens noget middels tempererte anmeldelser, vil eg personlig meine at den levde opp til forventningane. Den kan ikkje sjåast på som ein "enhet", og man vil ikkje ha veldig stort utbytte av filmen om man ikkje har lest bøkene i forkant. Det kan sikkert legge ein demper på stemninga for folk som blir sliten av å lese Woman eller Cosmopolitan, for ikkje å snakke om at boka har 821 sider og ingen bilder.

Men der har dei overraska både meg og Philip. I filmen var det eit klart fleirtal av episoder som vi "kjente oss igjen i" frå boka, i forhold til ting vi stilte spørsmålsteikn ved. Mange av scenene er så detaljert beskrevet i boka at det føltes som deja vu å sjå bildene frå filmen. Mundungus Fletcher derimot, han mangla ein halv meter på høgden, minst!

Akk. Berre 8 mnd igjen til eventyret skal fullføres. Både gleda og grua meg, men forventningane til den siste filmen er unektelig høge. Men eg er håpefull :)

torsdag 25. november 2010

Har du hørt...

 ... om mannen som var så tynn at han berre hadde éi boble i boblejakka si?

 ... om sjølvmordsbomberen som slo til ... igjen!?

 ... om maleren som budde i eit dårleg strøk?


I could go on and on!

Berre EIN kveld igjen i Mo i Rana, og den skal tilbringast i badstu.

tirsdag 23. november 2010

Dag 9 i kulda

Det er vel grenser for kor lenge ein kan vere begeistra for å jakte på nordlyset. All form for intensitet dabba av etter lang kamp uten resultat. Så no sitte eg her på hotellrommet, dag 9 i Nord-Norge (av 12, vel å merke) uten så mykje som ein snurt av nordlyset å loggføre.

I mellomtida har eg gjort andre ting enn å leite etter nordlyset. I går sjekka eg ut tilbudet "damenes aften" i det flotte bassenganlegget i Ranahallen. Frå kl. 19-20.30 kvar mandag er dørene åpne KUN for damer. Belysninga dempes og musikkanlegget forsyner publikum med rolig musikk. Perfekt ramme for kjappe 1000 meter i distansebassenget, for deretter å svinse rundt i varmebassenget og strekke ut, samt slenge seg i badstu i deilige 20 minutter heilt på tampen. Sweet konsept :-) (Trur mannen som var badevakt likte det óg.)


Her er eit knips frå Andreas sin bursdagsfest. (Kor er Andreas, lurer du kanskje på? Vel. Han var der ein eller anna plass.) Samme kveld fekk eg min aller første vertinnegave, frå Siv og Andreas som kom på vorspiel hos meg sammen med Sunnihval og D-Dog. Gaven var brettspelet kokkelimonke, og eg rundspelte dei alle mann! Eg utfordra den som måtte ønske. Forøvrig var D-Dog ein enkel match, ettersom han alltid begynte å le høgt når hans eget svaralternativ blei lest opp. Og om ikkje DET var giveaway nok, så var svaralternativet i seg sjølv ofte ruta mot Daniel sin tankegang og fantasi. Anbefales!

No begynne eg snart å telle timane til flyet mitt går på fredag. Det skal ta av 16.24 frå Røssvoll flyplass i Mo i Rana, og er i Bergen like etter kl. åtte.

 

Håpa alt går fint og så blir det julebord med Stilken og Mubba på lørdag! Dette var det einaste bildet eg fant av alle tre. Tatt på Koengen '09 på Coldplaykonsert. Good times!

onsdag 17. november 2010

Fem fakta om Nord-Norge

Etter kun kort til i Nord-Norge for denne gang, føler eg likevel at eg har meir enn nok kompetanse til å skrive eit reint faktainnlegg om Mo i Rana og Nord-Norge sør for Bodø generelt.

1. TEMPERATUREN
Her er det sjeldan over på den raude sida av temperaturmålaren. Mo i Rana ligg ikkje meir enn to-tre steinkast frå svenskegrensa, og lengst inne i Ranafjorden (?) så det er både innlandsklima og kystklima i vakker forening. Så langt har det resultert i tørt og KALDT vær. Ein samtale mellom meg og min kollega i dag utspant seg slik;

Kollega: "Æ sjækka ikke målær'n før æ gikk ut, men æ tru den må vær over -10 grada". 

Stine: "Ka betyr det, egentlig? Altså, er det -9 eller -11 grader når det er "over -10" grader?"

Kollega: "Det dær va et søringspørsmål.. Nu blei æ bare forvirra!"


2. FISK
Dei ete faktisk ekstremt masse fisk, i alle slags utgåver. Seinast i går fekk eg vite om ein variant av fisk som har vore marinert i saltlake i to år før den er spiseklar. Og då skal den sjølvsagt etast rå. Grøss.

3. FRAMKOMSTMIDDEL
Eg var innom Gruben Ungdomsskole forleden for å sjekke ut den lokale klatreveggen. Utanfor skulen var det parkert 3-4 syklar (med vinterdekk for nordnorske forhold) og eit titals spark'a! Huska dåke sparkane? Akkurat som i "pirattaxi på Voss"-reklamane til Vossafår. Men her i Mo i Rana har dei fleste spark, og dei låser dei til lyktestopler og sykkelstativ med sykkellås! Alt man kan bli i godt humør av :o)

4. FLYPLASSEN
Dei fleste lesarane (les: dei to) har vert på Bringeland flyplass i reise-øyemed, dvs. for å sjekke inn, gå gjennom sikkerhetskontrollen, gå til gaten (kremt) og ta av med eit rutefly. Det kan samanliknast med å fly i Nord-Norge. Alle flyplassane er sånn, utenom Bodø og Tromsø. Så langt har eg vore innom flyplassen i Mo i Rana, Rørvik og Mosjøen, og neste fredag skal eg innom Brønnøysund på vei sørover. Det er av ulike årsaker at eg besøker desse plassane. For skulle eg ikkje berre til Mo i Rana? Jo! Men tru ikkje at du kjem deg dit du skal uten å a) mellomlande, eller b) snu og lande på alternativ flyplass og køyre buss til riktig plass, gjerne på grunn av været. Flyplassane er ca 12 meter i diameter og du må sjølvforsyne deg med kaffi og legge ein sjølvvalgt pengesum i isboksen ved sidan av. Og bagasjebandet er 3 meter langt.

5. DIALEKTA
Eg overhørte ein samtale. Og sjølv om eg allerede veit at dei seier rare ting som "vi e' fri for ost", og "æ bi' nok å kjøpe mæ bil", så blei eg imponert over den her:

Per: "Korr langt går denn hær løypa? Går'n innætter?"

Pål: "Jaa.. Denn går litt bortætter"

Per: "Ka me langsætter og rundt og foran dær?"

Pål: "Nei, bærre akkuratt rundt og innætter, før'n vrir sæ bakætter dær"

Per: "Det va de æ trudd, ja"

Stine (tenkte): HÆ!??
  

tirsdag 9. november 2010

Dritking!

Ah. Det har tatt eit par dagar, men no er eg begynt å famle meg mot bakkenivå igjen etter ein svevande ferietur. Eg tok med meg Sunniva, Lene, Philip og Mubba (Caroline) til Tyskland på camp. Rett og slett. Det var ingen vanlig camp! Neinei, altså, det var ikkje ein konsentrasjonsleir! Eller var det det? ;-)


Like etter ankomst. Gratis Flåge har forvilla seg inn i eit vakum mellom Tyske smålandsbyer, der det av heilt uante årsaker befant seg ein vindtunnel, Nord-Europas største innendørsk skisenter, akeskinner innfelt i bakken, eit svært museum med bl.a. klatrevegg, og ein lokal pub. Og ein skymaskin. Vi kunne ikkje anna enn å håpe Skywalkers var til å stole på.


Sweet transport til og fra tunnel og leilighet. Mox og Anna lånte vekk stua si til ære for oss. Det resulterte i at vi måtte sitte baki denne bilen, i klappstoler. Eg og Lene satt på kvar vår klappstol og klappa, faktisk. Når eg tenker meg om :-)


Lene fekk fly to dagar før meg og Sunniva, ettersom ho hadde 1,5 timer meir enn oss på timeplanen. Så heile onsdagen og torsdagen var eg og Sunniva moralsk og psykisk støtte, både for Lene og for kvarandre. Her er Lene i antirommet, eller venterommet.


Krabbekrabbekrabbeklo i undik'en. Håvard "Mr. Dritking" og Lene "Vann over hodet" i full action. Syns ikkje det er så masse vann å spore lenger?



Stilken og Hvalen laga grimaser.


Her får Mubba undervisning før sin første flytur. Skulle vise seg å vere eit naturtalent, og type "sånn-skal-du-svinge"-undervisning blei straks bytta ut til fordel for meir avansert flyteknisk undervisning. Bra jobba!


Say "dritking"! 


Sunniva, Stine og Kristian. Vurderte å retusjere vekk Kristian og flytte inn Lene. Men så tok det jo ikkje meir enn ein liten halvtime, og plutselig var Lene der istedenfor Kristian!


 Tunnelområdet sett "from the inside". Dei svarte skyggene er bl.a. Mox i bevegelse, og dei fikserte ansiktene i sakkosekkane er bl.a. Nina, Håvard, Caroline og Philip.


Etter ein feeeeeit flytur lørdag kveld. Satt og kikka på Lene sin siste session mens vi drakk øl og vin, og omtrent 10 minutta etter dette bildet blei knipsa låg samtlige og sov. Utenom meg altså.


"I eller utenfor tunnel?" Av Mubba/Philip (Legg merke til at alle Flågene er med.)


Skywalkers tunnel camp bestod av seks jenter og Philip. (Vel, det var ein fyr til, men han fekk nakkekrage etter eit sleng i veggen på rygg). Laura from Italia had this awesome suit that needed to be in our star-suit-picture :-)


På dette bildet har verden stoppa opp. Her er meg, Sunniva, Lene, Kristian og Håvard linka sammen. Gratis Flåge og Skywalkers. Eg berre seier det - billett til camper i januar er bestilt og betalt. Can't wait!

onsdag 27. oktober 2010

Alors on danse!

To-tre fridagar på rad åpna for å nesten kjede seg litt iblant. For min del betyr det for eksempel at eg laga fotostudio i stua og tar diggebilder av meg sjølv, heilt uaffektert, og eg innrømme lett at eg storkosa meg undervegs. Her er eit utvalg av resultatet: (legg merke til korleis eg har redigert alt i ein sephia-aktig fargetone, som gjer absolutt alle mennesker vakre, uansett utgangspunkt!)







Bakgrunnen for denne seansen var at eg ville sende fine bilder av meg sjølv til Philip som er offshore. Vi har nesten ikkje sett snurten av kvarandre på over ein mnd, og no gleda eg meg veldig til vi treffes i Tyskland (ja, av alle plassa) neste helg! I mellomtida har eg ein katt og store mengder kosemateriale (mat og drikke, snop, greys anatomy, korte tolkeoppdrag, matematikk, lesestoff i fast og flytande form ++) I går var eg i klatrehallen med Richard og Kjetil, men der var det sjukt masse folk. Tips - ikkje dra i Fantofthallen kl. 19 på ein tirsdag, då står du i kø. Så vi gjekk i buldrehallen for å varme opp. Og der dreit vi oss ut ved å bli gira og pumpe oss fullstendig, og etter ein halvtimes tid var vi ikkje i stand til å klatre noke særlig. Haha! Kjempegøy. Og i dag har eg kjent etterdønningane. Det har vert ein kamp å prøve å få opp skrukorken på melkekartongen.

Tilgi meg for å elske Rihanna - Te Amo. Den er så deilig fengande!

søndag 10. oktober 2010

Kjære Yngve

Takk for den tida vi har fått sammen med deg. Den 8. oktober var det brått over, men minnene vil vare ut i evigheten. Du er umistelig. Vi er utrøstelige. No står vi stille og venter på at kvardagen skal skylle over oss igjen. Og den er nådelaus. Vi var ikkje klare for å miste deg, vår aller beste venn.






onsdag 6. oktober 2010

DUB - CPH - OSL - BGO

Ah! Heime igjen etter ein lang ferie i Dublin. Fantastisk å vere berre meg, mamma og Karoline i heile SEKS dagar i verdens kanskje mest avslappa storby. Bildeserie følger!














Spørsmål til bildene kan rettast direkte her i kommentarfeltet. Som dåke kan sjå har Karoline ordna håret sitt og fått dreadlocks på ein negersjappe, akkurat som eg gjorde når eg var i Dublin for fire år sidan. Det blei kjempefint. Jenta i stolen ved Karoline heiter Grainne (staves det sånn?) og kjem fra Irland. Ho ligna litt på meg syns eg..

Vi var på det lokale hoppfeltet på søndag. Der var det enorm aktivitet med OFSK sin porter fra i sommer! Den var i full back-to-back heile dagen, og eg og Karoline sneik oss på eit løft :) Vi fekk komme til kjapt fordi servicen der var heilt utan sidestykke. Ufattelig bra mottakelse og kjapp ordning av registrering og manifestering. Eg lånte meg ein Silouette 170 og gjorde ein to'er med min søster. Hurra!

Flyturen tilbake blei ikkje som bestilt. Etter ein smertefri tur fra Dublin og Køben (jaja, nesten smertefri då.. Det var jo trist å sei hadet til mamma på flyplassen så klart!) var det tid for trøbbel. 10 minutt før boarding får eg ein sms: "Ditt fly er kansellert, hilsen SAS". Deretter fulgte uvisshet, og heldigvis kom eg til i helpdesken til SAS uten for mange timer venting. Så blei eg ordna på ein ny rute: via Oslo til Bergen. Huttetu seier eg berre. Tre fly på ein dag. Heldigvis gjekk det smooth på begge fly, og på flyplassane. Det redda nesten dagen min at pappan til Philip kom og henta meg på Flesland og kjørte meg til sentrum med den store kofferten min. Takk Einar, du er skjønn :-)

No har Karoline flytta bort til mamma i uviss framtid. Kjem snart på besøk igjen folkens! Takk for denne gang! Kjempeglad i dåke, Karoline, mamma og Garret.