søndag 28. mars 2010

Påken er i gang

Eg skal enkelt og greit slenge ut helga i bilder:

Daniel viser muskler med Kari Traa-hoppdress


Hårfargeskalaen: rødtopp, brunette og blondine. Bedre kjent som Marianne, Lene og Hanna.


Stemningsbilde frå den nyasfalterte flystripa og deilige morgonværet på Bømoen!


YMCA-Sølve i fresh landing mellom bål, pakketelt og dei veldig mange sølepyttane. Denne gangen gjekk det som smurt.


Glade hoppetryner. Frå venstre: Anja, Marianne, Kjartan (5 hopp i dag, sjukt bra innsats!) og Håkon. Bildet er sånn ca 200% representativt for alle sammen.



No ventar oppgåveskriving fram til tirsdag/onsdag, og så er det straka vegen tilbake til Voss og hoppestemning, dugnad, vannlandingar, badstu, fellesmiddagar, påkks og mange glade folk. Hate to admit it, men akkurat no er eg ikkje så veldig høg i hatten her eg sitter i Bergen. Rett og slett feil sted til feil tid.

tirsdag 23. mars 2010

Penga tilbake på skatten!

Eg har som alltid ekstrem kontroll på pengane, og som ivrig skattebetaler skulle det berre mangle at eg får litt tilbake når skatteoppgjøret er utrekna. Eg får altså 5300,- i retur i år, og gleda meg til å spandere halvannan time i vindtunnell i Russland på meg sjølv for nøyaktig desse kronestykkene.

No skal eg på årsmøte i BSI (Bergen Studentidrettslag) og det er som vanlig kjelde til mykje kjedsomhet og langvarige metadebattar. Eg forbereda meg med å innta pizza og påskesjokolade, medan eg pakka boka mi og sudoku-heftet ned i veska. Akk! Håpa eg overlever, og vil i tilfelle feire med ein øl etterpå!


mandag 22. mars 2010

Blåmerker over heile kroppen

Hadde denne bloggen vert eit alvorlig og samfunsaktuelt forum for debatt, regna eg med folk hadde trudd overksifta mi handla om kvinnemishandling i heimen. Heldigvis har eg vett til å styre unna den type mannfolk, og trives med min kjære, som i eit hvilket som helst basketak må overgi seg i det eg begynner å kitle. Det seiast at kitling (bokm. inf. "å kile") er den nordiske torturmetoden. Alle veit jo om groteske asiatiske torturmetoder, og kor effektive dei er. Eg er likevel overbevist om at kitling kan framprovosere dei hemmeligste hemmelighetane i verden. Lure på om eg skal bli profesjonell kitleterrorist?


Nei, takke seg til. Blåmerker får eg jo av ingenting. Er det meldt liten kuling kan eg nesten ikkje gå ut. Akkurat huden min er ganske skjør, til tross for at resten av kroppen har holdt seg sammen i ein bit i snart 23 år. Eg har alltid blåmerker når eg har vert på jobb (i bar og hotellresepsjon) og etter at eg har vert på fest.


Syns å hugse at eg hadde blåmerker etter denne eksapaden i London i 2007; MUSE på Wembley Stadion.

Men i det siste har eg fått malplasserte og kraftige - men pittesmå - blåmerker av å klatre. Okei, i går fekk eg eit som var lett å forklare, då eg falt ganske langt, og blei litt blå mellom beina der selen stramma inn. Men kan noken forklare dei fire små som er i samme høgde på kvar side av knea?

Dagens deiligste minne:
Jentetur til Dublin i 2008, SSS på besøk hos mamma og Garret. Snapshot frå hundeløp på Newbridge, med smakfult flytande tilbehør. Eg lengta så det gjer ilt i kroppen. Sukk.

No venta ein heil dag (!) uten noke som helst på timeplanen. Det er ein fortryllande og nesten krevande følelse. Ka i alle daga skal eg finne på når ingen andre har laga planane for meg? Foreløpig ser dagen slik ut: stikke på MX sport og prøve å bruke opp mitt gavekort på 201,-, innom biblioteket og låne første boka i Disc World-serien, møte Sunniva på pub'en og bable, lage middag før Philip stikker på Flesland for å holde kurs, og kanskje lese resten av kvelden?


lørdag 20. mars 2010

20.03.2010

Eg har null viljestyrke. Dette har eg igrunn visst om heile tida, men blei ekstra bevisst idet eg siste laurdag avslutta E-vakta mi (pubvakt til 00.30) og satte meg ned for å prate litt med min kjære kollega Jarle. To minutt seinare kom Richard (kollega på den billige sida av baren) med to stk. "Magaluf", ein longdrink Jarle visstnok hadde meska seg med på ferie med kompisgjengen tidlegare. Sol og sommer og alt det der. Vodka, sprite og eplejuice. Igrunn ganske smakfullt! Ein Heineken-svinn, ein Murphy's Red og to hundre tusen ord seinare, fekk eg lyst på enda ein Magaluf. Og så kom det ein Sambuca-shot på disken, som eg ukritisk heiv i meg (!) og tenkte som så "Hehey, klokka er jo berre ett!! Keep 'em comin!!".
 
Dagen etterpå, ca 6-7 meter oppe i klatreveggen på Fantoft var det ein anna tanke som slo meg. "Dette var ein dårlig idé".

Etter ein suksessrik eksamen denne veka har eg framleis til gode å feire. Når eg torsdag ettermiddag fekk vite at eg hadde fått ein B i tolking, ledsaging og skildring for døvblinde (ja, tenk litt på den, du) holdt eg på å skrubbe toalettet. Deretter gjekk eg på jobb, og feira med ein eplemost.

Dette har totalt sett vert ein kald, brutal, langvarig og utmattande manndomsprøve. Nevnte eg kald? Eg snakka sjølvsagt om vinteren 2009-2010. Men det tar seg opp! Det går mot vår, folkens! Eg måtte faktisk i butikken og kjøpe meg nye støvlar for å vere på den sikre sida, no som snøsmeltinga tar til her i Bergen. Eg er så lykkeleg, takk og lov for REGN og PLUSSGRADER!


Alt regnet får meg til å ha lyst til å skrive lister. No blir det liste over ting eg har billetta til:
  • KENT i Greighallen 25. mars
  • Tog til Oslo 13.-16. mai (Yngvar og Trond skal gifte seg)
  • Russland (07.-21. iolia)
  • MUSE på Koengen 23. juli
  • MAIDEN på Koengen 11. august