lørdag 24. mars 2012

Over and over


Isn't it good to be human
When you know by making foolish mistakes
You're in constant motion 
When in thinking that you're ever so late
You're never so late

mandag 19. mars 2012

Fargeriket

Det er ikkje berre berre å blande den perfekte lillafargen. Sjølv med bakgrunn frå tegning, form og farge (Philip) og media og kommunikasjon (meg sjølv) slik at begrep som RGB og CMYK har betydning for oss begge, og med ein nyetablert kontrastvegg i stua, ville ikkje den perfekte lillafargen komme utan kamp.


Prosjekt; restaurere tante Emmas gamle hjørneskap har underholdt oss i eit par veker. Det kom inn døra i sin  originale drakt fra 60-tallet, og var møtt med stor motstand. Philip er aldri så feminin og kreativ som når det gjeld interiør, til min store glede, og på kort tid var vi einige om korleis det måtte bli.





Designet er enkelt: kvit basisfarge og mange loddrette striper i ulike farger. Meir nøyaktig raudt, grått, gult, grønt blått og ja - lilla.




Etter mykje fram og tilbake, knusing av glasset i skapdøra, sliping, tre lag grunning, tom for maskeringstape TRE ganger, feil pensel, riktig pensel, feil farge, riktig farge, avispapir over heile kjøkkengolvet og kommentarer som "jeg tror kanskje jeg skal gjøre resten av flikkearbeidet, ikke for å være frekk eller noe, men du er så jævlig klønete"(Philip) er vi snart i mål. Skapet står i stua, og ser ut som rekvisita fra Charlie og sjokoladefabrikken. Nytt glass ventes denne veka. Eit ørlite lag til med lakk, så er vi i mål.


Resultatet ser du deler av her! Større bilde kjem når glassruta er på plass. Stay tuned.

onsdag 22. februar 2012

§ Ytringsfrihet og anna fjas

I går var ein uvurderlig inspirerande dag på jobb. Dessverre gjekk eg glipp av Mads Gilberts forrykande ord til ungdommen på Nordahl Grieg VGS på mandag, men i går fekk eg delta i eit meir enn spennande tolkeoppdrag. Paneldebatten mellom Eskil Pedersen (AUF), Einar Drægebø (bistandsadvokat for AUF Hordaland sine overlevende) og diverse redaksjonsansvarlige for BT, VG og TV2 tok plass i aulaen ved den vidaregåande skulen i Fana, og eg var ei av dei heldige tolkejentene som fekk formidle vidare til teiknspråk kva som var (og er) tanken bak mange mange medieoppslag i tida etter 22. juli 2011.



Anledningen er framtidskonferansen som skulen arrangerer kvart år. Fleire profilerte foredragsholdere blir invitert til å snakke om det dei veit mest om. Programmet går over tre dagar og har både forskning, teknologi, naturvern, helse, bistand, media, utdanning og arbeidsliv som aktuelle tema.


Det heile har fått meg til å tenke lovverket. Samtlige foredragsholdere henviser til lovtekster, rettigheter, rettssaker, konvensjoner og etikk. Norge har eit strengt lovverk på mange områder. Og det strammes framleis inn. Eit foredrag av Georg Apenes kunne informere oss om lovendringsforslag under behandling omfatter at man ikkje skal ha tillatelse til å sitte på kunnskap som er ansett som "unormal" for deg som person, dersom den samme kunnskapen kan knyttes til forsøk på eller planlegging av terroristiske handlinger. I praksis betyr det at du kan bli straffa for å eige ei kjemibok dersom du ikkje er kjemistudent - boka kan jo tross alt lære deg korleis du skal produsere sprengstoff på gutterommet.

Norges grunnlov av 17. mai 1814 står i dag i sin heilhet, og på originalspråket, som vårt lovgrunnlag. Den står som lex superior i juridisk vurdering, altså "loven over alle lover". I praksis er den derimot ikkje mykje i bruk. Likevel bygger alle lover og forskrifter som vi faktisk kjenner til i dag, på grunnlova. Det einaste vi framleis direkte tek i bruk er lova om ytringsfridom og også ordninga med folkesuverenitetsprinsipper, og korleis stortinget eg bygd opp. Hadde vi derimot tatt i bruk grunnlova som førande konstitusjon i dag, ville for eksempel ingen damer kunne stemme ved valget.



Men ytringsfridom, den var vi kjapt ute med! Advokat Jon Wessel-Aas holdt foredrag om ytringsfriheten i dagens digitale kommunikasjon, og peika blant anna på DLT (datalagringsdirektivet) som ein trussel for ytringsfridomen i framtida. Ikkje fordi den vil forsvinne, men fordi ingen lenger vil våge å motsette seg majoriteten i samfunnet og i aller minste grad staten, for uansett kor anonym du opptrer vil du kunne bli spora opp. Datalagringsdirektivet er mange nordmenn likegyldige til. Mange politisk underutvikla land ser til Norge når dei treng eit forbilde for sin egen stats framtid. Dei aller aller fleste blir skikkelig forvirra når dei forstår at vi er i ferd med å innføre ein politikk som tillater sporing av samtlige bevegelser som utføres av kvar einaste person. Akkurat kva denne reaksjonen bør fortelle oss er eg ikkje sikker på, men at vi er lett å få tak i, det er det ingen tvil om.

Datalagringsdirektivet i praksis kan vere eit fantastisk verktøy på godt og vondt. Det som er skremmande er lovendringane som tillater innsyn i private data raskare enn før.

Ny dag på Nordahl Grieg er i gang, siste dag i årets framtidskonferanse. Bring it!

søndag 19. februar 2012

Bakegalskap

Denne helga har vert knall. Det heile starta med at eg skulle på jobb i går tidlig, ukristelig tidlig faktisk. Gleden var stor då eg ramla inn på kontoret og fekk mange rare blikk og kommentaren "skal du vere her no?". Aldri feil å reise heim frå jobb og legge seg igjen fordi det er for tidlig å egentlig stå opp.
(I ei bisetning kan det nevnast at eg kjørte den nye bilen vår (!) til jobb for første gang, og dermed var tok det også ca 11 minutt å køyre heim igjen.)


Heime var Philip ultraforfjamsa når eg sneik meg tilbake i senga og la meg til å sove igjen. Faktisk trudde han at han hadde sove vekk heile dagen. Ironisk nok var eg så oppspilt over å ha fri at eg ikkje fekk sove. Så eg gjorde like gjerne skulearbeid heile dagen til klokka var blitt halv to. Deretter tok eg meg ein løpetur. Både skulearbeid og løping var ikkje veldig hardt når eg heile tida kunne minne meg sjølv på at eg heva lønn på 256,-/timen heilt til klokka tre!

Kvelden kom og mens Philip satt i transe foran PC-skjermen og googla noke sånt som "living in the Georgian mountains for a month or two while skiing every day" tok eg meg ein dusj og gjorde meg klar for voksenmiddag hos Therese og Håkon. Igjen folkens; tusen milliona takk for digg middag og kjempeselskap. Sjølv om dei gamle  gjekk heim og overlot drækkinga til ølbryggjarlauget urimelig tidlig. Lova å vere litt mindre voksen neste gang!



I dag har eg tråla bloggverden og fått ny inspirasjon - derav nytt design og ikkje minst nytt innlegg. Presset blei ikkje mindre av at Philip drog med seg Daniel, Sandro og Yngre heim fra ein skøytetur på Slåtthaug, og Daniel presterer å kommentere den labre bloggaktiviteten min med nedlatande tone. Etterpå laga han kjempegod kakao, som var ferdig akkurat samtidig som mine rykande ferske heimelaga skillingsboller. Søndagen var komplett. Etterpå stakk alle mannfolka og no sitter eg her og nyter vinterhagen for meg sjølv og tenker at det er fint å vere meg.



Kom på eit sitat som min venn Audun Hetland (ein mann som kan gjere dei tristeste i godt humør) sa for mange år tilbake; "De beste planene er ofte de du må legge fordi de første planene gikk i vasken". 


På tide med te, TV-kveld og wordfeud til augene ramla ut.

fredag 13. januar 2012

Nytt år, ny stil?

Tida flyr når man har det kjekt!

Turen til Dubai vart kanonbra. Digg vær, fine folk og fallskjermhopping. Kan man be om meir? Ja, klart man kan! Billige taxiturar, milevis med spennande shopping, alle tenkelige (og utenkelige) restauranter og vanvittig bra service. Kan man DÅ be om meir? Nei igrunn ikkje. Men som sagt, moro var det!


Verdens høgaste byggverk, Burj Khalifa, tårner ein plass mellom 800 og 900 meter over bakken. Eg og Philip tok heisen opp i 124. etasje når vi var der i september. Det som er litt kuriøst er at arealet i etasjane mot toppen blir mindre og mindre. Faktisk veldig små. Eg tør ikkje gjette anna enn at toppetasjen er ein ettroms hybel.


Vi hang masse med tyskeren Niema og litt med hans kompis Gary fra Belgia. Her avbilda sammen med hans britiske venn som gav oss to (!) øl i hendene når vi kom inn i denne harrybaren. Sjipparen i knallhumør som alltid!




Vakkert og surrealistisk med landingsområdet og skylinen i bakgrunnen. Guttepjokken på bildet over er barn av to aktive fallskjermhoppere fra USA som er ansatt på feltet i Dubai. Han og søstra fjasa rundt på feltet og kosa seg i alles selskap. Her etter rullebrettkonkurranse med Philip.


Solnedgangen bak Philip på stranda. Skapte eit fantastisk lys kvar einaste kveld.


Dei siste bildene eg fant på kameraet var frå nyttårskvelden, som  vi feira i 23. etasje på eit fasjonabelt hotell med utsikt over dei viktigste fyrverkeria. Her budde Åsmund og Karen i sin to-etasjes suite med 4 balkonger. Vi bestilte mat for 550,- per pers, og likevel var vi overraska når dei kom med ein heilt bryllupsbuffet til oss.

Gøy med fest, gøy med tur til Dubai og gøy med nytt år og nye muligheter.
BRING IT ON.

(Det eg ikkje tenkte for masse på når eg var i Dubai, var at eg burde shoppe litt klær til å starte det nye året på NHH med. Det gjorde eg altså ikkje.)