torsdag 5. november 2009

Nokon som veit?

Denne blogginga har gitt meg ny giv når det kjem til å kikke gjennom gamle bilete. Eg kom over eit som eg ikkje heilt forstår:




Dette er eit bilete av Sindre og Sunniva i Terminus Whiskeybar i september 2008. Denne kvelden var eg og Sunniva representanter fra Huset Pub når Hansa arrangerte vinsmaking på Verftet. Vi pynta oss og gjekk ut sammen med Sten og Jarle.



 Det var ein trivelig dag! Eg huska at vi syns den dyraste vinen var den beste. (Men etter å ha vert med på vinsmaking opptil fleire ganga har eg jo skjønt at den beste vinen ofte er den dyraste. Utrivelig ofte.)
Det var kjempefint vær og eg tenkte "dette er den siste ordentlege sommerdagen". Og så hugsar eg ikkje så masse meir.

Men tilbake til Sunniva og Sindre. Vi besøkte han på jobb, og klokka var vel begynt å bli litt over midnatt og vel så det. Eg hugsar den rosa-oransje drinken, den smakte godt! Tippa vi satt og lo og prata, og plutseleg var det ein ting som var så viktig at vi måtte ta bilete av at det var ein avtale. Og no har vi altså den fotografiske ekvivalenten til å "legge det på ein lur plass".

Tips?

3 kommentarer:

  1. Mannen i baren viste seg å vere broren til "BJØRN SUNDQUIST- DU HER!?", og Sunniva avtalte at dersom ho drakk opp alt som var i skapet bak han, skulle ho få kaldkvele han (Bjørn altså) med eit handlenett:D
    Flott bruk av ord frå matematikken/kjemien:p (jamfør ekvivalenten)

    SvarSlett
  2. Ein mystisk gåte ja. Det eg husker best var at vi maste og maste på Sindre for å få han til å stenge puben på Terminus, for så å dra han med oss på vår pub, kor han lydig helte ned på to jeger og ein halvliter, også bestemte vi oss for at vi var litt for slitne til å feste videre. Tidenes partypartnere :D

    SvarSlett
  3. Hahaha, eg ler! Stakkars fyr..!

    SvarSlett