tirsdag 3. november 2009

Ting tar seg opp

Vips, etter fem dagers sjukdom bar det ut i praksis og plutselig har eg ikkje oppdatert blogg lenger. Skal ikkje så masse til igrunn. Berre antydinga til eit ordentlig liv.

Praksis er i korte trekk litt slitsomt, meir nyttig og mest av alt alvorlig gøy. Eg og Valgeir har blitt kasta ut i tolkelivet, og allereie i dag (dag 2 av totalt 35) har vi tolka heile skuletimar aleine. Vi får fortløpande tilbakemeldingar og rettleiing, og er kjenner at dette sannsynlegvis er siste gang læringskurva mi skal stige brått. Fårhåpentlegvis. Praksisen krever ca 80% av min totale dagsenergi. Det betyr 20% igjen til å handle, lage middag, gå på matte- og fysikkurs, vere sosial osv. Med andre ord: dette er livet mitt dei neste vekene. Men, eg tek det ikkje så tungt. Eg håpar berre sjefen forstår at eg ikkje har kapasitet til å jobbe nattevakt i helgene i tillegg.

Eit bilete er på sin plass:















Her er eg og Ufo i Stavanger på besøk hos Philip hausten 2006. I denne augneblinken undrar vi oss over den klassiske "poseskuffen", som ein finn i dei fleste heimar. Vi kom aldri til bunns i den skuffa. Det var virkelig drøye mengder poser oppi der. Ufo, håpar du har det bra :)

4 kommentarer:

  1. Ah, den avslappande tida før alle blei politisk korrekte og ser stygt på deg om du ikkje har handlenett!

    SvarSlett
  2. Uff ja, den handlenett-tingen tar litt av syns eg! Får masse stygge blikk når eg spør om ekstra posa på butikken:p Handlenett er genialt altså, dei går ikkje hull på osv. Men man kan då ikkje bruke dei som bossposa? Dei er også totalt ubrukelige til å ake med. Så, lenge leve pose-skuffen!

    SvarSlett
  3. Haha sant! Pluss at fleste handlenettforkjempere er sånne psykologistudent-madrugada-lyttende politisk korrekte 19åringa som dusjer ekstra lenge i ekstra varmt vann og vasker sengetøy og dukene sine 2 ganger i veka og tar taxi heim fra byen, men likevel meiner dei dei har rett til å belære oss plastposefolk med nedlatande blikk, fordi dei har bidratt i miljøkampen med .... handlenett :D

    SvarSlett
  4. Hahaha, så enig, så enig!
    Btw Stine, jobb til deg: er det mulig å sette mailen min opp på lista over folk som veldig, gladelig gjerne vil ha mail kver gang nåken kommentera samme ting som meg? :)

    SvarSlett