torsdag 4. februar 2010

Snop og grønnsaker..?

I dag når eg kom på jobb (praksis) låg det ein pose knaskegulrøtter, ein fox og ein kick på pulten min, sammen med ein lapp: "Uten mat og drikke - duger helten ikke". Tok ikkje lang tid før eg skjønte at det var min kjære rettleiar Lene sitt forsøk på smisk. Eg måtte inn på kontoret og fortelle ho at ho hadde misforstått, og at det vanligvis er studentane som må smiske med rettleiarane i praksis. Dette hadde ho ingen forståelse for, og argumenterte for ein meir rettferdig smiskefordeling.

 
  
I går var eg og Philip på skøytebana på Slåtthaug. Ufattelig koselig! Vi skøyta både forlengs og baklens, med og utan piruettar, i over ein time. Så blei det kaldt. Philip er ein fantastisk fyr. Min beste venn. På vei heim til foreldra hans traff vi Einar og Chica som var ute på rusletur. Einar hadde på seg ei skikkelig stygg jakke, som visstnok hadde fått han og Philip kasta ut fra Holmenkollen ein gang på 90-tallet fordi politiet syns han såg så shabby ut.

Stemningsbilete frå piruettrening på Skøyebana (brøytekanten opptrer her som "mjuk landing", dog litt misvisande).

 
 

tirsdag 2. februar 2010

Pride and prejudice - and zombies

Dagane i praksis byr ofte på fullstendig hjernekverning, evigvarande latteranfall, utallige kaffikoppar, lange dagar, søvnlause netter og ustabil internettilkobling. Eg er fornøgd. I dag har er ruska opp i bachelorboka og begynt å tenke på den fysiske utforminga av oppgåva. Skal eg friske opp underoverskriftene med blå bakgrunn og kvit tekst? Skal eg lage kake- eller søylediagram? Skal eg Ha dynamikk i designet eller køyre trygt og tradisjonelt? Hamburgere eller pasta til middag? Eie eller leie? Neida, slapp av :-)

Eg vil poste eit bilete av meg sjølv og min kjære sjelevenn, Philip.

 
  
Til slutt vil eg prøve å lage ei liste over fem ting eg er ordentlig fornøgd med, med meg sjølv.

  • Eg er ein jævel på å fordele matvarer i to handleposar slik at dei blir akkurat like tunge.
  • Eg er skarp og nådelaus på å utnytte Bunnpris sitt datovare-tilbud. Har sannsynligvis spart 1000,- berre det siste halve året. 
  • På yogatimane får eg til omtrent alle bevegelsane!
  • Eg har ikkje shoppa noke som helst til meg sjølv på ca 1 mnd.
  • Eg har begynt på leseprosjektet mitt for i år - minst 30 bøker i 2010! Først ut: "Pride and prejudice and zombies", Jane Austen-klassikeren med litt ekstra tilbehør. Underholdning til tusen. 
No ramla eg i sofaen og blir der resten av kvelden. Skremmande kor tungt det er å vere i praksis når timeplanen er tom. (Som mine kollegaer på Slåtthaug seier; det er dei dagane som er verst, for då har vi så masse tid til å sitte på kontoret og le.)