onsdag 4. august 2010

Gratulerer



Nevnte eg at eg og Philip tenkte å skille oss først, og gifte oss etterpå? Like greit å vere ferdig med skiten.

tirsdag 3. august 2010

God morgon!

Deilig morgonstemning i stova mi, som vanleg. All bran og sitronte til frokost, Ronny på P3, heimekontor og lilla strømpebukse setter meg i knallhumør!


Ser for meg at dei siste 30 sidene i boka er slukt og fordøyd i løpet av formiddagen. Kan anbefale boka! Den er skrive i 1932 og truleg ikkje revidert så veldig sidan den gang. Eit språkleg og kulturelt klenodium!

mandag 2. august 2010

Helg på Hegreneset

Ikkje rart eg våkna klokka 07.30 i dag! Etter å ha brukt dei siste dagane til intet mindre enn soving, spising, lesing og kosing, kan ein vel ikkje forvente noke meir?

Eg tok med meg Philip til Sunnfjord for å gjere det eg vanligvis gjer når eg er i Sunnfjord. Ingenting.
Eller jo, når eg tenker meg om så måtte vi faktisk jage kyr.

Foruten det, var det lite som kunne reknast som energi- eller konsentrasjonskrevande aktiviteter. Kjekt å sjå besta og besten igjen som alltid! Dei er så spreke og fine, spesielt besten som forbanna den bærbare pc'en sin fordi den ikkje ville skru seg på. Besta imponerte med spanskkunnskapane sine, for ho venta besøk av kjæresten til sønnen sin neste veke, og ho kjem frå Cuba. Tommel opp!






































Det ser ut til at jobbmarkedet tar seg pent opp igjen, og allereie laurdag skal eg kanskje streife landet for å oversette det vakre teiknspråket. Gleda meg veldig! Framover skal eg og Guro satse eindel på å ta tolkeoppdrag saman. Vi fekk tips frå vår evige tolkehelt, Per Olav, om å danne slike "team" som blir drevne på å tolke ilag. Så det blir bra for framtida, det er eg heilt overbevist om!

No skal eg gjere heilt vanlege ting som alle husmørde gjer når dei er aleine heime. (Vaske opp, støvsuge, vindushoppe på nett, gå rundt i høghela sko, dagdrømme, høyre på radio og liknande. Hurra!)