onsdag 27. oktober 2010

Alors on danse!

To-tre fridagar på rad åpna for å nesten kjede seg litt iblant. For min del betyr det for eksempel at eg laga fotostudio i stua og tar diggebilder av meg sjølv, heilt uaffektert, og eg innrømme lett at eg storkosa meg undervegs. Her er eit utvalg av resultatet: (legg merke til korleis eg har redigert alt i ein sephia-aktig fargetone, som gjer absolutt alle mennesker vakre, uansett utgangspunkt!)







Bakgrunnen for denne seansen var at eg ville sende fine bilder av meg sjølv til Philip som er offshore. Vi har nesten ikkje sett snurten av kvarandre på over ein mnd, og no gleda eg meg veldig til vi treffes i Tyskland (ja, av alle plassa) neste helg! I mellomtida har eg ein katt og store mengder kosemateriale (mat og drikke, snop, greys anatomy, korte tolkeoppdrag, matematikk, lesestoff i fast og flytande form ++) I går var eg i klatrehallen med Richard og Kjetil, men der var det sjukt masse folk. Tips - ikkje dra i Fantofthallen kl. 19 på ein tirsdag, då står du i kø. Så vi gjekk i buldrehallen for å varme opp. Og der dreit vi oss ut ved å bli gira og pumpe oss fullstendig, og etter ein halvtimes tid var vi ikkje i stand til å klatre noke særlig. Haha! Kjempegøy. Og i dag har eg kjent etterdønningane. Det har vert ein kamp å prøve å få opp skrukorken på melkekartongen.

Tilgi meg for å elske Rihanna - Te Amo. Den er så deilig fengande!

søndag 10. oktober 2010

Kjære Yngve

Takk for den tida vi har fått sammen med deg. Den 8. oktober var det brått over, men minnene vil vare ut i evigheten. Du er umistelig. Vi er utrøstelige. No står vi stille og venter på at kvardagen skal skylle over oss igjen. Og den er nådelaus. Vi var ikkje klare for å miste deg, vår aller beste venn.






onsdag 6. oktober 2010

DUB - CPH - OSL - BGO

Ah! Heime igjen etter ein lang ferie i Dublin. Fantastisk å vere berre meg, mamma og Karoline i heile SEKS dagar i verdens kanskje mest avslappa storby. Bildeserie følger!














Spørsmål til bildene kan rettast direkte her i kommentarfeltet. Som dåke kan sjå har Karoline ordna håret sitt og fått dreadlocks på ein negersjappe, akkurat som eg gjorde når eg var i Dublin for fire år sidan. Det blei kjempefint. Jenta i stolen ved Karoline heiter Grainne (staves det sånn?) og kjem fra Irland. Ho ligna litt på meg syns eg..

Vi var på det lokale hoppfeltet på søndag. Der var det enorm aktivitet med OFSK sin porter fra i sommer! Den var i full back-to-back heile dagen, og eg og Karoline sneik oss på eit løft :) Vi fekk komme til kjapt fordi servicen der var heilt utan sidestykke. Ufattelig bra mottakelse og kjapp ordning av registrering og manifestering. Eg lånte meg ein Silouette 170 og gjorde ein to'er med min søster. Hurra!

Flyturen tilbake blei ikkje som bestilt. Etter ein smertefri tur fra Dublin og Køben (jaja, nesten smertefri då.. Det var jo trist å sei hadet til mamma på flyplassen så klart!) var det tid for trøbbel. 10 minutt før boarding får eg ein sms: "Ditt fly er kansellert, hilsen SAS". Deretter fulgte uvisshet, og heldigvis kom eg til i helpdesken til SAS uten for mange timer venting. Så blei eg ordna på ein ny rute: via Oslo til Bergen. Huttetu seier eg berre. Tre fly på ein dag. Heldigvis gjekk det smooth på begge fly, og på flyplassane. Det redda nesten dagen min at pappan til Philip kom og henta meg på Flesland og kjørte meg til sentrum med den store kofferten min. Takk Einar, du er skjønn :-)

No har Karoline flytta bort til mamma i uviss framtid. Kjem snart på besøk igjen folkens! Takk for denne gang! Kjempeglad i dåke, Karoline, mamma og Garret.