tirsdag 29. mars 2011

Stine lager reknskap og budsjett

I desse boligkjøp-og-god-inntekt-tider har Philip inspirert meg (eller tvunge meg) til å sette opp reknskap og budsjett. Mest for moro skyld, men kanskje litt for å sjekke kva månedslønna faktisk ender opp i. Philip er sjølvsagt eksperten, med kakediagram som seier kor mykje fallskjermhoppinga spiser av budsjettet- og det er faktisk ein stor del. Her illustrert av Pacman.



Her er noken av mine eigne økonomiske overraskelser (eller bekreftelser) eg har fått av å lage regnskap:

  • Eg har brukt meir penger på Illustrert Vitenskaps Historiemagasin enn på klær i 2011.
  • Min definitivt største utgiftspost er vindtunnell og eg har INGEN dårlig samvittighet for det! 
  • Det er billigere å eige enn å leige (som ein hvilken som helst avisartikkel ville sagt)
  • Når inntekta går opp, stiger forbruket. Det er ikkje dermed sagt at "forbruk" betyr shopping, ferier, mat på restaurant og bil. I Philip sitt tilfelle er det faktisk omvendt - han går ofte rundt og er lutfattig fordi han har satt alle pengane sine i fond. Haha! I mitt eget tilfelle er det som tidligere nevnt, vindtunnellflyging, det største kakestykket i mitt diagram.
  • Inntekta mi varierer omtrent like masse som humøret til Lene. Det seier vel litt. 



På grunn av denne varierande inntekta er det også vanskelig å lage budsjett. I tillegg er det håplaust å vite kor mykje eg må legge ut ifm jobb, og det er i tillegg kjedelig å ha ein plan for korleis pengane skal brukast eller ikkje brukast. Derfor driter eg i budsjett og kosa meg med regnskap istedenfor, som faktisk er kjempegøy og kan anbefalast dersom du er nysgjerrig på kva pengane ender opp i.


fredag 25. mars 2011

Prosjekt: "gult er kult"

Vi innser etter snart 3 mnd i den nye leiligheten at vegger og golv ikkje kan vere 100% plettfrie for evig og alltid. Vi fikk faktisk mamma til å hive møbelknotter under hælane på nyttårsafta (og det vil vi fortsette med altså), men vi kan ikkje sette oss ned og hyle fordi det kjem eit hakk i ein dørkarm!


Så med dette i tankane bestemte vi oss for å like gjerne feire den nyetablerte sjølvinnsikta med å male døra knallgul. Det ville jo sette standarden for å ødelegge det kvite gjennomgangstemaet i absolutt alle rom i heile huset.

Vi ordna med maling og diverse utstyr, og før vi visste ordet av det såg inngangspartiet vårt ut som dette.



Kjempetøft og morsomt. Faktisk så kjempetøft og morsomt at vi ikkje kunne få heilt nok. Skulle vi berre hive oss rundt og male alle dørene med det samme? Vinduskarmer? Eller kanskje ... om vi kunne finne noke anna som ...


Der ja!
Omsider var det kjøleskapet som måtte gi tapt for tittelen "hvitevare", og som no kan pryde kjøkkenet med nyreist stolthet. Det mottar daglig nye kompliment fra både beboere og gjester, og er utvilsomt fargeklatten i huset. Sammen med døra, så klart.


Ettermiddagen og kvelden skal tilbringes i mammas selskap, og med ekstravagant tilbehør som lasagne og rødvin. Vi skal på shopping på Skeidar i Åsane først, og eg regna med at å sette opp eit flatpakka garderobeskap kan få meg i arbeid resten av helga.


Forøvrig må eg klare meg utan han her på ubestemt tid. Han reiste med tidligflyet til Azerbaijan i går morges, og no sitte eg her og syns det er flaks at eg skal vere masse på reise denne mnd. (Mo i Rana, Tyskland, Oslo og Stavanger dei neste 3 vekene.)  

torsdag 17. mars 2011

I'm in London still...


Tar meg snart ein svipptur til London for å besøke Karoline. Turen eg og Philip hadde til London i juni 2007 var heilt nydelig, og no vil eg tilbake! Philip har budd i Acton og kunne derfor lose oss gjennom gatene og stedene med litt meir dybde enn normalt. No er det Karoline som får vise rundt, og det gleda eg meg til :-)

tirsdag 15. mars 2011

Sesongstartfeber


Av og til må eg berre minne meg sjølv på kvifor eg annankvar veke reiser mjølkeruta til verdens desidert minst sjarmerande navle; Mo i Rana, for å jobbe på dagtid og savne eit sosialt liv på kveldstid.

Eg tørrlegger meg, ser timevis på tv, spiser på restaurant kvar dag (NEI, det er ikkje så luksus som det høyres ut som), leser bøker og strikker til den store gullmedaljen. Og kva består den av? Lønn.

Ja, akkurat. Lønn nok til at eg kan øremerke midlene mine til fallskjermhopping og vindtunellflyging i selskap av verdens beste venner og i verdens flottaste natur. Og kanskje Gratis Flåge kan ta ein ordentlig gullmedalje ein gang?


Flott, det motiverte meg :-)

mandag 7. mars 2011

Temablogg: Søstrene Snuse

Velkommen til enda eit temablogginnlegg! Denne gangen gjer eg eit djupdykk i arkivet og hentar fram fotos av meg og mi kjære lillesøster Karoline. (Sånn at det er sagt Karoline; det er ei ære å bli valgt ut til temabloggen altså, berre så du veit det.)

Begynner med eit fint og representativt bilde av oss. Good old times! Idyllisk familieliv på Sagøyra. Dette var julekortbilde eit år eller to (eller tre). Frå venste; Jørgen, Karoline og meg. Men det ser dåke vel?



Idyllen fortsetter: i oktober i 2008 reiste vi til Amsterdam sammen med mamma og Garret for å feire mamma sin 35-årsdag. Det var kjempetrivelig og vi fekk ordentlig kjørt oss på familiesammenkomst.


Innhopp og fest hos Jon Gjerde i 2007 (trur eg). Syns igrunn bildet tala masse for seg. Her er det snakk om lillesøster på langt-under-myndig men som likevel er med å herje med fallskjermklubben og glir inn i miljøet som ingenting. Finfin dag det der :-) Frå venstre og rundt: Karoline, Reserve-Philipp, meg, Philip, Martin og i midten; Camilla.


Familien møtes ein gang iblant, men sjeldan uten god grunn. Her i Majas konfirmasjon (god grunn) i 2009, som vart feira i Kong Oscars gate på både den eine og andre sida av vegen. (Lett tilgang til halvlitere på Våget Fetevare.) Super dag. På bildet: Karoline, Malin, Aurora, meg og Monika. Men Karoline; sånn pannelugg er vel første og siste gang...?


Dublin på overraskelsesbesøk i 2009 - dette var så kult! Karoline hadde fått tlibake noke penga frå SAS etter ein greie på vei til Roskilde, og valgte å reise til Dublin for det som var til overs. Ho spanderte til og med litt på meg. Så vi reise over sammen uten å sei eit kvekk til mamma på forhånd! Der blei vi ei veke og snuska rundt i gatene i begynnelsen av august. DEILIG! Bildet er knipsa i den mørke alléen mellom pubgata og husgata, som er fast stoppested for å knipse bilder når man er på vei heim etter fire-fem pints. Kjempekjekt!


Oktober 2010: Også i Dublin, ved IPA (Irish Parachute Association). Vi blei behandla strålande, og fekk komme på løft tidlig sjølv etter mange mange mange ferdig manifesterte løft foran oss. Digg med første søsterhopp i det herlige Irland! Flyet var den samme porteren som Æra har hatt heile sommersesongen 2010.
Utsikta? Tja. Grønt. Sauer. Etc.


Dette var det einaste anstendige bildet eg fant av oss etter at eg og Philip hadde spontankjøpt leiligheten i desember i 2010. Dette skulle sjølvsagt feirast, så alle fine folk blei invitert til Martin for litt gin og fjas. Her må ha vert tidlig på kvelden, eller i ein av pausene vi hadde mellom dansinga. Dritbra fest, som enda med at alle 14 forspilldeltakarane prøvde å kjøpe øl med falske 50-lapper på pub'en seinare på kvelden, og både eg og Philip blei nekta servering. (Dette har eg sjølvsagt blitt fortalt.) Finfin feiring!


Avslutter med eit fint og representativt bilde av oss. Ingenting gale her i gården. Ekstremsport og fest? Vi to? Aldri. 

tirsdag 1. mars 2011

Verdens mest fleksible frisørsalong?

Eg vil gjerne benytte anledningen til å slå eit slag for ein god venn av meg. Han er kjekk, morsom, interessant, stilig og veldig tøff. Han heiter Anders Tvedt og driver som frisør i salongen T-Contur i Øvregaten. Eg kjenner Anders gjennom Voss Fallskjermklubb, og dei siste åra har vi hatt fallskjermmiljøet til felles - og så har han jo blitt min faste frisør så klart!



Anders er stort sett sjølvlært som frisør, og har arbeida som frisør i mange år. Han har auge for det estetiske, og ser straks kva som må gjerast i ein flisete lugg eller falmen farge. Han arbeida på Vogue ein periode, og har bl.a. pryda dei svære plakatane med brudebilder som har vert i utstilling langs Hotell Norge i lang tid. Han styla for eksempel skuespillerne i den norske spelefilmen "Vegas" frå 2009.

 


Men han har også styla meg i nokre år no. Og eg er til stadighet forbløffa over hans evne til å gjere meg fornøgd. Til og med overgangen fra langt krøllete hår til hjelmsveis klarte han å ro i land som ein suksess, for ikkje å gløyme dei radikale raudfargane eg har pryda stussen med i snart eit år.




Anders er ein fallskjermboms. Han lever i ein rosa falmen campingvogn stort sett heile perioden frå tidlig mai og ut august, og der lever han på raudvin og grillmat. Ein karakter på feltet, som har opparbeida seg status som fallskjermfrisør. "Klipp for eit hopp" slo kraftig an sesongen 2010, der folka på feltet gjekk rundt og var fjong på håret til stadighet. (Uvant på eit fallskjermsenter, yes sir.) Då rigga Anders opp klappstol og håndkle i fri natur, diska opp med raudvin og raude bær, ein liten radio i bakgrunnen og utsikt mot landingsfeltet for dagens siste løft.




Fleksibelfrisøren; eg digga konseptet! Sjekk ut Anders på facebook:

T-contur på facebook
Bestill time på: 450 84 951



Bildene er lånt litt frå Anders si facebookside og litt frå Sunniva sin blogg