lørdag 12. desember 2009

Slutt å kline på offentleg plass!

Det er sannsynlegvis ikkje så sunt for meg å vere på juleshopping. I dag hadde eg ingen plana, og blei derfor med mamma til Åsane for å sjekke ut julehandelen der. Overraskande nok var det ikkje 200 meter kø ved inngangen til Arken, men derimot passe romslig i butikkane. Eg var storfornøgd. Tenkte; dæven, eg har kanskje forhåndsdømt juleshopping ganske kraftig i år. Konklusjonen min no i ettertid er at eg aldri hadde vert så lett til sinns i butikkane i dag viss det ikkje var for at eg er ferdig med alle julegåvene. Så eg shoppa igrunn mest til meg sjølv.

På vegen tilbake var det litt rush på bussen. Vi måtte stå, eller rettare sagt sitte på hjulbue-kassane fremst i bussen. Ingenting å klage på - ein heilt nydelig rosa himmel i skumringstimen, såg ut som eit silketeppe over sotra. Men så kom det eit skår i gleden. Eg hørte eit digert slafs rett ved mitt høgre øyre, og snudde meg til: dei nyforelska drittungane. Jenta var 17 og hinsides usikker på seg sjølv. Bleika hår, lue, uryddig sminke, tygga tyggis, sa nesten ingenting. Gutten var liten av størrelse, men ein svær pikk til sinns. Sikkert 19 år. Heilt tydeleg at det var han som gjorde jenta usikker på seg sjølv. Han såg ikkje glad ut. Dei klina heile vegen, konstant. Faen i helvete, slutt med det der folkens!! Grøss.

Mamma: "Det der kunne aldri Garret blitt med på!"
Meg: "Flott."

3 kommentarer:

  1. hehe...ja kanskje like bra Garret ikkje hadde vore med på slikt :)

    Herleg å vere ferdig med julegåvene, sant? :)

    SvarSlett
  2. Er eg ein kjip jævel når eg faktisk ikkje forstår koffor dei GIDDE å kline heile veien frå Åsane til byn`n?:p Tydelig at dei hadde lite å snakke om då, tippa det blir slutt innan to månader:)

    SvarSlett
  3. Hahaha, eg såg et sånt par på ferga i dag! Dei satt inni ein ..eh... escort muligens og råklinte heile fergeturen. Og eg satt i bussen og titta ned på dei. Eg forøvrig fullstendig enig i at sånne jenter er klassisk usikre på seg sjøl. Litt av ein maske/uniform!

    SvarSlett