mandag 31. januar 2011

Stille før stormen

Ah! Siste dag i Gravdal før eg skal ut på eit to-vekers jobbmaraton, eller jobbeventyr om du vil. Eg syns i alle fall at ei veke i Valencia, etterfulgt at ei veke i Nord-Norge, med alt dekka og god betaling er perfekt tidsfordriv for første halvdel av februar. Reiser kl. 05.30 i morra tidlig og kjem tilbake lørdag 12. eller søndag 13. februar.

I kveld skal eg og Philip meske oss med fullkonslasagne, rips til dessert og Greys Anatomy-episoder. Perfekt!

Leiligheten begynner å ta form. Og det er så kjekt! Vi køyrer fortsatt på med lego og 8-bit i stua, mens soverom, kjøkken, bad og vinterhage får slappe av litt meir.




Den kreative sida av meg har fått bein å gå på i det siste, noko som resulterte i at mine nyinnkjøpte lysestaker frå ein bruktbutikk i Mo i Rana endelig kom til rette!


Før maleprosjekt: brukte lysestaker til 5,-/stk kjøpt på bruktsjappa i Mo i Rana





Etter: fjong forandring! Rød, gul...


...grønn og blå!

Nei, no har det kanskje gått for langt. Ærlig talt - eg har vel ikkje begynt å interiørblogge? Berre ein pitteliten greie her heilt på slutten...


Tidenes kulaste knagg? Oh yes!

Ciao for now.

Helsing frå Edward Lurkepus

mandag 24. januar 2011

Skillscamp Bottrop - ass!


Vakum.


Akkurat no er eg omgitt av eit svært vakum. Eg burde jo visst bedre enn å reise på jobb kl. åtte dagen etter sein ankomst på Flesland etter totalt 10 (!) svimlande fabelaktige dagar i Bottrop, hvorav 4 timar totalt i tunnel. Men no er eg no komt meg opp, og her sitte eg, på Burger King på Bystasjonen og lurer enkelt og greit på kva som skjedde. Antiklimaks? Kind of.

Men verden er ikkje fortapt. Eg, Philip og Sunniva har allerede bestilt neste tunnelcamp under Skywalkers ærebødige åsyn, i begynnelsen av april. Då blir det gjenforening med deutsche erotische Gedichte (til Håvards store glede/fortvilelse/forvirrelse), the Skrævsjurs, Altbier, verdens koseligste dormroom, skinnjakkekulturen og non-stop vindtunnelldur i indre øyregang. HERLIG!!!

Fotoalbum følger!

Midt i Essen sentrum fant eg og Sunniva ein (trommevirvel) AKEBAKKE! 1 € for 1 tur, og Sunniva spanderte. Snille mannen på toppen tok bilde av oss før han dytta oss utfor. Syns å huske at eg tenkte "NO er eg i Tyskland" midt i galskapen der.


FETT ASS!! Venterommet i tunnellen, pryda av vår bedagelige coach Mox (glisetrynet) og spent elev Sunniva. Axel i bakgrunnen var på familieferie i tunnellen sammen med far og bror. Kjempetøft!


Ein komplett linka 3'way med Gratis Flåge og Annan. Sweet :-) Mot slutten fekk vi ein kraftig forkjærlighet for å invitere alle headup-godkjente inn for å linke sammen så mange som mulig. Det resulterte ofte i eit vakkert kaos, men på det meste var vi vel 8 mann i link der inne.


Billig og digg utenlandskosthold. Vi gjekk stort sett på Mc' Donalds når vi såg ein i nærleiken. Eller så tok vi rett og slett taxi til nærmaste når sulten meldte seg.


Digg bilde. Sunniva og Mox i carve - dette går rundt og rundt, med senterpunkt i midten. (Info for uinvidde lesere) og den første gangen eg prøvde det blei eg kjempekvalm!! Hahaha!!

 

Søtnosane, Gratis Flåge og vårt eminente støtte-/leikeapparat. Også kjent som "GF & HI", og deler av gjengen er kanskje bedre kjent som "The Skrævsjurs" på folkemunne i lokalområdene rundt Nordrheim-Westfalen.


Men vi kan vere søte viss vi vil! Her var vi på "Europas største shoppingsenter" (med unntak av ca alle andre shoppesenter eg har vert på) og kjøpte oss is. Legg merke til den fiffige skinnjakka eg klarte å kjøpe for 10€ etter at eg og Sunniva bestemte oss for å gå til anskaffelse av noke som ikkje var "oss sjølv". Sunniva enda opp med knehøge støvletta i blå fuskeskinn med metallknotta på. (Sjekk ut www.fairieswearboots.blogg.no, så får du nok vite meir etterkvart!)

No skal eg heim til Gravdal any minute og nyte stillheten og drikke kaffi mens eg utsetter alt som heiter arbeid. Tunnelgreiene må fordøyes, og eg er inneforstått med at det rett og slett kan ta litt tid.

Auf wiedersehen!