fredag 23. oktober 2009

Pus og Muse

I dag er det fredag. Av ein eller anna framleis ukjend årsak, er eg på jobb. Her er det fleire folk bak bardisken enn det er utanfor, foreløpig. Men ettersom det er fredag, så tenker eg at det ramlar inn både slitne stamgjester, ungfoler med falsk legitimasjon, skjenkekontroll og tidlegare ansatte i løpet av dei neste timane.


Oh. Robyn og han eine i Röyksopp var innom og spurte etter fyrstikker i sta. Eg gav dei fyrstikker og dei takka pent, lånte dassen og gjekk. Eit celebert toalettbesøk, med andre ord. Eg hadde ikkje peiling på dette før Thomas informerte meg om det etterpå. Haha!


Denne veka har vore eit sant slit, men no er den snart over. I morra klokka 07.58 sitter eg på toget til Oslo. Ved sidan av meg sitter Philip - ein ufatteleg bra fyr. I lomma har vi tannbørstene våre, ei rein truse, fotoapparat og billetter til MUSE i Spektrum på søndag. Dette har eg både gleda meg til, og fortjent.
Men denne veka har også vore ganske så koseleg. Eg og Philip har vore pusevakt for Edvard Lurkepus, som er katta til mamma, Garret og Karoline. Ho har vore litt deperimert, men ikkje meir enn at ho framleis malar konstant. (Men det er vel naturleg å vere trist pus når ein må vere inne i ein leilighet i Bergen sentrum i ei veke i strekk.) Verdens finaste pus? Ja!

Til slutt: eit bilde av ein kjekkas.

1 kommentar:

  1. Haha, dette innlegget likte! Eg kan ikkje heilt sette fingeren på ka eg likte, men eg likte det:) Ellers lika eg og tingen med å reise med ei rein truse og en tannbørste i lomma! Håpa du koste deg på Muse-konsert med han derre bra fyren;)

    SvarSlett