søndag 20. desember 2009
Ting? Kor?
Men så går eg gjennom bildene mine på dataen, og kva ser eg? Ingen ting! Massevis av folk og ein god dose naturbilder, men ingen verdens ting. Eg tar altså ikkje bilde av gjenstandar. Her skal eg gjere eit forsøk på å visualisere dei siste bildene eg har tatt som har ein gjenstand i fokus:
Dette er eit stjerneskuddhjul. Brukast nyttårskvelden på følgande måte:
1. Fest stjerneskudd
2. Fyr på
3. Start elektrisk motor som får sykkelhjula til å gå rundt
4. Nyt synet og takk bestefar for god fantasi
Erdinger weissbier alkoholfrei, veldig god sak.
Grillmat på Skåtøy 1.mai-helga i år. Og eg begynner å forstå koffor eg ikkje tar bilder av ting. Det er jo ufattelig kjedelig å sjå på. Eg har prøvd å finne eit bilde av veskene mine eller buksa, men det ser ikkje ut til at dei har latt seg avfotografere så hyppig. Så kos dåke meg grillings, akoholfri øl og nyttårshjul så lenge.
(Forresten så fant eg eit bilde av den russisk veska, men grunna ekstrem festing på Tuborg Greenfestival og Fatboy Slim sin utekonsert i St. Petersburg føler eg det er mitt ansvar å skåne dei andre på bildet for å bli distribuert over internett utan samtykke. Det er jo slett ikkje sikkert dei hugsar at dei var der eingang.)
Framleis god søndag!
mandag 14. desember 2009
Glad i å låne, flink til å pante
By the time I get home (ca 16.00) er det allereie eit høgt lydnivå i toppetasjen, og eg har to valg:
1. Bli med å drikke øl eit par tima, til dei stikker ut på Sotra på klassens julebord
2. Stikke
Det fins ingen mellomting. Heldigvis er klassen til Philip ein gjeng reale menneske med god humor og sans for fjas. Sannsynlegvis blir eg med å drikke ei øl eller to, før eg sender dei avgårde og kryssa fingra for at dei ikkje kjem tilbake for nachspiel når uteplassane stenger...
DÅ har vi litt pant, faktisk. I fjor hugsar eg at vi panta og spiste pizza for alle penga. Eg er i utgangspunktet flink til å levere tilbake når eg har lånt. Eit godt eksempel er sparebøssa mi. Der har eg eit x antal kronestykker på, og når det begynner å bli lenge sidan lønn, då er det godt å rote litt i sparebøssa og kjøpe trøstesjokolade. Men eg er god på å betale tilbake når eg har lånt pengar av meg sjølv.
lørdag 12. desember 2009
Slutt å kline på offentleg plass!
På vegen tilbake var det litt rush på bussen. Vi måtte stå, eller rettare sagt sitte på hjulbue-kassane fremst i bussen. Ingenting å klage på - ein heilt nydelig rosa himmel i skumringstimen, såg ut som eit silketeppe over sotra. Men så kom det eit skår i gleden. Eg hørte eit digert slafs rett ved mitt høgre øyre, og snudde meg til: dei nyforelska drittungane. Jenta var 17 og hinsides usikker på seg sjølv. Bleika hår, lue, uryddig sminke, tygga tyggis, sa nesten ingenting. Gutten var liten av størrelse, men ein svær pikk til sinns. Sikkert 19 år. Heilt tydeleg at det var han som gjorde jenta usikker på seg sjølv. Han såg ikkje glad ut. Dei klina heile vegen, konstant. Faen i helvete, slutt med det der folkens!! Grøss.
Mamma: "Det der kunne aldri Garret blitt med på!"
Meg: "Flott."
fredag 20. november 2009
Juleshopping på internett
Praksis er straks over. Fysikkeksamen blei omhyggeleg feira med juleøl og taco på tirsdag, etter ein velfortjent karakter 5. Snart er det jul, og til nyttår blir det bryllaupsfest på Runde med Torkild og Ragnhild som hovudpersonar. Eg gleda meg heilt hinsides til fleire ting, rangert i tidsperspektivet "langt fram i tid til i dag":
- Resten av livet
- Russland neste sommer
- Bli ufaglært og begynne å jobbe frilans som tolk
- Muse- og ellospakke i posten
- Lasagne til middag seinare i dag
Sunniva og Siv er forresten eit ekstra stort sakn no i desse juletider. Akk, eg får vel sjå Love Actually med Philip då, men det blir sikkert kjedelig og tårefritt og heilt uten first price-cola.. Kanskje Sunniva vil bli med? Bedre med to S'a enn ...fire? (Stine, Sunniva, Siv og Sillyme?)
tirsdag 10. november 2009
Motebloggdebutant
Resultatet blei denne fabelaktige t-skjorta..
..som eg var på jakt etter når vi (eg og Muse) var i spektrum i oktober, men på grunn av togtider og omtrent 8000 folk foran meg i kø, blei det til at eg lot det passere. Men no har eg altså investert i ei finfin fargerik t-skjorte. Total pris med frakt blei 23.60£ og eg anser dette som eit godt kjøp.
Sånn ellers skjer det ikkje så mykje på motefronten. Eg har vert i fjøset med Besta ein tur, og då prøvde eg ein ganske kul kjeledress.
God tur til Moskva, Sunniva. Eg er ikkje missunneleg i det heile tatt. Er det nokon som har lyst å vere i mine sko ei lita stund? Dei er størrelse 37 og godt brukt no om dagane. Ta konakt for å oppleve kjensla av å ikkje ha eit liv!
torsdag 5. november 2009
Nokon som veit?
Det var kjempefint vær og eg tenkte "dette er den siste ordentlege sommerdagen". Og så hugsar eg ikkje så masse meir.
Men tilbake til Sunniva og Sindre. Vi besøkte han på jobb, og klokka var vel begynt å bli litt over midnatt og vel så det. Eg hugsar den rosa-oransje drinken, den smakte godt! Tippa vi satt og lo og prata, og plutseleg var det ein ting som var så viktig at vi måtte ta bilete av at det var ein avtale. Og no har vi altså den fotografiske ekvivalenten til å "legge det på ein lur plass".
Tips?
tirsdag 3. november 2009
Ting tar seg opp
Praksis er i korte trekk litt slitsomt, meir nyttig og mest av alt alvorlig gøy. Eg og Valgeir har blitt kasta ut i tolkelivet, og allereie i dag (dag 2 av totalt 35) har vi tolka heile skuletimar aleine. Vi får fortløpande tilbakemeldingar og rettleiing, og er kjenner at dette sannsynlegvis er siste gang læringskurva mi skal stige brått. Fårhåpentlegvis. Praksisen krever ca 80% av min totale dagsenergi. Det betyr 20% igjen til å handle, lage middag, gå på matte- og fysikkurs, vere sosial osv. Med andre ord: dette er livet mitt dei neste vekene. Men, eg tek det ikkje så tungt. Eg håpar berre sjefen forstår at eg ikkje har kapasitet til å jobbe nattevakt i helgene i tillegg.
Eit bilete er på sin plass:
Her er eg og Ufo i Stavanger på besøk hos Philip hausten 2006. I denne augneblinken undrar vi oss over den klassiske "poseskuffen", som ein finn i dei fleste heimar. Vi kom aldri til bunns i den skuffa. Det var virkelig drøye mengder poser oppi der. Ufo, håpar du har det bra :)
lørdag 31. oktober 2009
Kjensla av å vere heilt aleine
Så langt har eg brukt sjukedagane mine til å gjere følgande: vaske kle, tippe lotto, sjå på tv, øve med på å tolke litt (skal i praksis frå mandag av), bestille ellos-pakke, prøve alle kjolene mine, barbere leggar, sukke høgt, lese to kapittel i fysikkboka og funnet ut alle dei nyttige bruksområdene til eit putetrekk.
Eg vil avslutte dagens blogginnlegg med eit bilde som gjer meg til eit lykkeleg og optimistisk menneske midt i denne kvithaisjuka. På bildet ser du Walter øverst til venstre, meg under Walter og Sunniva midt i. Du ser det kanskje ikkje, men vi smiler.
fredag 30. oktober 2009
Progresjon
Sitter i influensatåka mi og kikka gjennom loggboka. (Sannsynligvis verdens beste underholdning, spør du meg.) Her er eit eksempel på progresjon i løpet av kort tid. Desse hoppa er utført samme dag, eit tidleg på dagen og eit seinare. Kjekt med progresjon!
No gav eg meg sjølv eit hett tips til korleis fylle denne kjipe sofadagen med noke interessant.. Eg skal sporenstreks begynne å leite etter flybillettar til Moskva neste sommer! Hurra!
(Fy flate, det kribla godt.)
torsdag 29. oktober 2009
Ode til familien
Dette bildet tok vi i august på The Guinness Brewery i sommer. Eg og Karoline tok flyet til Dublin og overraska mamma og Garret med ei vekes opphold.
Eg er kjempeglad i familien min. Den har i ein god del år bestått av Karoline, meg og mamma. Dei siste åra har Garret kom inn og tilført spennande og positive vibrasjoner. Eg vil også sei at Philip er ein del av min familie.
Forøvrig er eg veldig glad kvar gang Karoline gjer seg til på bilder. Det stiller meg i eit kjempefint lys.
tirsdag 27. oktober 2009
Haustfløyen
fredag 23. oktober 2009
Pus og Muse

søndag 11. oktober 2009
Tid kjøpes, det meste av interesse!
Eg har brukt litt tid i dag på å tenke over tida mi, og korleis eg disponerer den. Vi har trappa opp skulearbeidet i haust, og det kjennes både naudsynt og effektivt. Men korleis eg skal få tid til alle dei andre tinga eg skulle gjere i haust er eit framleis ubesvart spørsmål.
I mellomtida skal eg lage ei lita oppmuntrande liste over ting eg har:
- Ei vanvittig motiverande yogainstruktørjente. Superfresh!
- Problemstilling til bacheloroppgåva mi
- Mamma, Garret og Karoline i samme fylke!
- Arbeidslyst (manglar berre tid!)
- Sparekonto med navn "Russland 2010"
- Noken herlige jenter i klassen, som gjer skuledagane ekstra underhaldande
- Nylig blitt tante til Theodor
- Min fantastiske sejelevenn og kjæreste - Philip
- Mange nye venner i Bergen Fallskjermklubb
Everybody, Somebody, Anybody and Nobody
There was an important job to be done and Everybody was sure that Somebody would do it.
Anybody could have done it, but Nobody did it.
Somebody got angry about that because it was Everybody's job.
Everybody thought that Anybody could do it, but Nobody realized that Everybody wouldn't do it.
It ended up that Everybody blamed Somebody when Nobody did what Anybody could have done.
lørdag 12. september 2009
Are you british?
Stine: Unnskyld, men snakka dåke norsk?
Ein av dei: Ja (nikkar)
Stine: Ok, no er klokka snart ett, og då pleier vi å stenge bakgården. Dei som vil røyke må gå ut på framsida og all alkohol forblir heretter innendørs.
Alle fem: (ser ut som spørsmålstegn)
Ein av dei: Sorry... we don't speak norwegian..
Stine: Oh, but you just said.. Hmm.. Are you british?
Alle fem: yes
Stine: I thought so! (Forklarer alt på nytt, på engelsk.)
Eg diskutera saken med Sunniva, som kan bekrefte at dette faktisk ER eit britisk band, som er hyra inn til å spele under Phonofestivalen i Bergen, og som bur her på hotellet.
Ærlig talt, eg trudde ikkje det gjekk an å sjå SÅ britisk ut. Fem stykk!
mandag 17. august 2009
I fritt fall til hausten?
I morgon er det skule igjen. Prøva å akklimatisere meg etter ein ubeskriveleg bra sommer, men det er neimen ikkje enkelt. Eg veit at det blir kjekt å komme igang med skule og å fullføre bachelorgraden, men når eg heile tida blir minna på dette:
...så kan ein trygt sei at kvardagen har mykje å bevise før den blir heilt rå. Heldigvis skal eg tilbake til Russland og hoppe meir fallskjerm neste sommer! (Berre 476 640 minutta igjen til 14. juli 2010, for ordens skyld.)
lørdag 15. august 2009
Å drikke te
I sommar har eg for første gong smakt te, og likt det. Tidlegare har eg smakt te, men ikkje heilt skjønt greia. Det smakar varmt vatn med eit hint av (fyll inn). Eg har alltid likt smak betre enn hint. Twist, heiter det vel på engelsk. "Sparkling water with a twist of lemon", for eksempel. For meg er te sånn, og inntil nyleg har dette ikkje vore godt nok.
Men under mitt 16 dagar lange opphald i Kolomna utanfor Moskva i juli endra eg meining. I restauranten på hoppfeltet serverte dei halvlitere med te, i mange ulike smakar. Det var berre å mjuke ut prinsippane og dynge på med sukker. Resultatet har vist seg i natt. Eg drakk ikkje kaffi heile dagen i går, og i fire-tida i natt kom eg på at eg ikkje hadde drukke kaffi i det heile tatt. Og så tok eg meg ein kopp med te.
Og hemmeligheten? Brunt sukker. Mmm!
lørdag 9. mai 2009
Sovetid
1. Folk renner inn og ut dørene som om vi var eit offentleg toalett på ei fredagsnatt. Makan.
2. Eg har berre ei nattevakt pga konfirmasjon på søndag, og hadde håpa å også få bytta vekk denne eine..
3. Eg har besøk av mamma og Karoline, Besta er i Bergen og har bursdag i dag, og Sunniva sa ho skulle besøke meg i natt men ho har eg ikkje sett snurten av.
4. Eksamen? Var det i år altså? Jaha.. Neste veke, sa du? Pokker heller.
I dag trur eg avisbudet har forsovet seg. Jarle fortalte meg om ein teknikk han hadde benytta seg av i sin tidligere avisbudjobb. Berre fest å fjas så lenge som ønskelig, og levér avisene på veg heim etter nachspiel. Burde jo passe sånn tidsmessig.
Godt eg ikkje skal bli mattegeni når eg blir stor. Ser jo det at lista består av fire ting og ikkje tre. Og når eg får tenkt meg litt om, så består punkt 3 av ytterlegare 3 underpunkt.
Da svidanja!
onsdag 29. april 2009
Det våres
Først: eg kom på enda eit punkt på "sanga eg har hørt for mange ganga i pub'en"-lista. Den makelause drittlåta "Bed of Roses" med Bon Jovi. Splitte mine bramseil!
All obligatorisk undervisning er ferdig for i vår, til både glede og skrekk. Det betyr eksamenstid, russetid, vårforkjølelse, akutt solbrente skuldre, konfirmasjonar, dyr utepils og ikkje-eksisterande treningslyst. Men det er jo så deilig å slippe å stå opp og gå på skulen kvar dag :-)
I morgon skal BFFL ut av vinterdvale. Vi drar til Gudvangen i morra kveld, og tidleg fredags morran tar vi til beins oppover dei slakke stiane og ut mot dei stupbratte fjellsidene. Været er ikkje heilt med oss, men vi satsar hardt på å fullføre tidleg, for så å dra på hyttetur resten av helga. Det låter som ein perfekt plan i mine øyrer!
Håret er blitt rødt.
søndag 19. april 2009
Topp fem
Etter nesten tre vekers pause er eg tilbake bak bardisken på Huset Pub midt i by'n. Med ny hårfarge, litt fregner i ansiktet og kroppen full av blåmerker (etter påkeboogie med lett festing og fallskjermhoppaktivitet) er det alltid kjekt å servere iskalde vårpils til stamgjester og andre kjekke mennesker.
I dag gjorde eg eit fallskjermhopp som gjekk litt på tryne, bokstavlig talt. Eg kasta ut alle hopparane på feil plass, og landa medvinds i ein hage utanfor Stend. Fekk meg noken deilige blåmerker, litt naseblod og ei kameralinse som blei revet av i landingsfallet. Det kom ein snill mann bort og hjalp meg med å plukke skjermen ned frå eit tre, og så kjørte han meg til Stend etterpå. Det var vel generelt dårlig stemning på hoppfeltet, og etter at ein tandem måtte ta av OG lande med flyet to ganga på rad (på ein dag) så kansellerte vi hoppinga. No er eg full i paracetamol og prøver å tenke positivt. Men alltid kjipt å ha dårlige opplevelser i ein så potensielt farlig sport.
Eg jobba med Jarle i helga. Han har ein heilt utrulig musikksmak. Eller, eg veit ikkje om eg kan spore alle desse låtane tilbake til Jarle direkte, men det er iallfall han som setter på spelelista som heiter "500 best rock songs" gang på gang.
Topp fem klisjélåter som eg og Sunniva alltid skrur av:
1. Scorpions - Wind of Change
2. Eye of the Tiger
3. Eric Clapton - Cocaine ("Anders! Vi har kommet til en norsk film-fest!")
4. Alt av Metallica
5. Alt halvfulle halvstamgjester begynner å synge med på, og spør om vi kan skru opp litt sånn at dei kan synge enda høgare.
søndag 29. mars 2009
Jobbmaraton!
Påska skal i år tilbringast på Voss, som i fjor og året før. Og året før. Her setter eg min lit til godt selskap, fint vær, varm badstu og kald øl. Kanskje eg tør driste meg til ein liten rusletur i Flåm eller Gudvangen, dersom sjansen byr seg?
I sist innlegg spurte eg "når blir den neste?". Det blei dessverre på torsdag. Ein vanvittig sympatisk fyr, har eg forstått. Eg kjente han ikkje, men gremmes over statistikken likevel.
Sunniva drar til Russland natt til mandag, og her sitter eg igjen i Norge og kunne glatt bytta vekk ei tå eller to for å bli med. Ho fekk med seg eit påskeegg på turen, komponert av meg, Siv og mamma. Camilla skal ha cred for å dukke opp på avskjedsfesten til Sunniva, sjølv om Sunniva ikkje kom. Og med tanke på at Camilla sjølv skal reise vekk i snarare 6 mnd, så blei heile episoden ganske snodig. "Shoes me", som Jarle pleier å sei. Men i egget er det iallfall masse snop, og ein småsjuk Sunniva blei lykkelig. No blir det påske i St. Petersburg også! Takk og lov for at eg har Påkeboogien. Men når sant skal seiast; Vasiljevski Ostrov, eg saknar deg.
I kveld drar eg, mamma og Karoline på Bergen Impro Laug og drikker øl. Knallfint.
tirsdag 3. mars 2009
Husarrest
I dag har eg gitt meg sjølv husarrest. Eg var ute med Kaia og Guro (fra klassen) i går, og drakk kanskje to øl for mykje. Iallfall trur eg Philip var ganske oppgitt over meg når eg kom heim i natt. Han meiner fullt ut at eg var kjelda for hans dårlege nattesøvn, ettersom eg låg og pusta han i ansiktet med min herlige ølånde.
Dermed har eg i dag husarrest. Får ikkje lov å gå ut. (Uff så trist.) Men Philip har laga middag til meg, og no er han ute ein tur og har lova å kjøpe sjokolade på veg heim. Det er ikkje (!) synd i meg.
Fikk vite i dag at ein bekjent har tatt kvelden. Ei base-ulykke i Sveits i helga. Når ein er med i eit så uforutsigbart miljø, er det berre eit tidsspørsmål når det gjeld dødsulykker. Når var forrige? Når blir den neste? Kven blir det? Eg har gått litt og tenkt på at eg har vert veldig heldig så langt. Ingen av mine næraste har hatt fatale ulykker enda. Men i dag blei eg rimelig trist. Roar var ein fin fyr, og no kan han slappe av.