torsdag 4. februar 2010

Snop og grønnsaker..?

I dag når eg kom på jobb (praksis) låg det ein pose knaskegulrøtter, ein fox og ein kick på pulten min, sammen med ein lapp: "Uten mat og drikke - duger helten ikke". Tok ikkje lang tid før eg skjønte at det var min kjære rettleiar Lene sitt forsøk på smisk. Eg måtte inn på kontoret og fortelle ho at ho hadde misforstått, og at det vanligvis er studentane som må smiske med rettleiarane i praksis. Dette hadde ho ingen forståelse for, og argumenterte for ein meir rettferdig smiskefordeling.

 
  
I går var eg og Philip på skøytebana på Slåtthaug. Ufattelig koselig! Vi skøyta både forlengs og baklens, med og utan piruettar, i over ein time. Så blei det kaldt. Philip er ein fantastisk fyr. Min beste venn. På vei heim til foreldra hans traff vi Einar og Chica som var ute på rusletur. Einar hadde på seg ei skikkelig stygg jakke, som visstnok hadde fått han og Philip kasta ut fra Holmenkollen ein gang på 90-tallet fordi politiet syns han såg så shabby ut.

Stemningsbilete frå piruettrening på Skøyebana (brøytekanten opptrer her som "mjuk landing", dog litt misvisande).

 
 

tirsdag 2. februar 2010

Pride and prejudice - and zombies

Dagane i praksis byr ofte på fullstendig hjernekverning, evigvarande latteranfall, utallige kaffikoppar, lange dagar, søvnlause netter og ustabil internettilkobling. Eg er fornøgd. I dag har er ruska opp i bachelorboka og begynt å tenke på den fysiske utforminga av oppgåva. Skal eg friske opp underoverskriftene med blå bakgrunn og kvit tekst? Skal eg lage kake- eller søylediagram? Skal eg Ha dynamikk i designet eller køyre trygt og tradisjonelt? Hamburgere eller pasta til middag? Eie eller leie? Neida, slapp av :-)

Eg vil poste eit bilete av meg sjølv og min kjære sjelevenn, Philip.

 
  
Til slutt vil eg prøve å lage ei liste over fem ting eg er ordentlig fornøgd med, med meg sjølv.

  • Eg er ein jævel på å fordele matvarer i to handleposar slik at dei blir akkurat like tunge.
  • Eg er skarp og nådelaus på å utnytte Bunnpris sitt datovare-tilbud. Har sannsynligvis spart 1000,- berre det siste halve året. 
  • På yogatimane får eg til omtrent alle bevegelsane!
  • Eg har ikkje shoppa noke som helst til meg sjølv på ca 1 mnd.
  • Eg har begynt på leseprosjektet mitt for i år - minst 30 bøker i 2010! Først ut: "Pride and prejudice and zombies", Jane Austen-klassikeren med litt ekstra tilbehør. Underholdning til tusen. 
No ramla eg i sofaen og blir der resten av kvelden. Skremmande kor tungt det er å vere i praksis når timeplanen er tom. (Som mine kollegaer på Slåtthaug seier; det er dei dagane som er verst, for då har vi så masse tid til å sitte på kontoret og le.)

søndag 31. januar 2010

Klatremus 4+!

I dag har eg gjort noke eg har utsatt så lenge at det er pinlig. Nei, ikkje tannlegen. Heller ikkje frisøren, gynekologen, psykologen (?), treningsstudio eller familiebesøk. Eg har vert i klatrehallen. Det burde vel ikkje vere noke å utsette? Sjølvsagt ikkje! Eg har berre utsatt det fordi det er langt vekk fra sentrum og eg veit ikkje kor eg skal gå frå busstoppen. I tillegg er det dyrt, og ein må låne sko (som andre med veldig stor sannsynlighet har svetta i før deg. Enjoy.)


Men i dag var eg, Daniel og Sunniva på klatretur. Min aller første, og Daniel sin aller første. Dermed blei Sunniva sikredame, mens vi ferske fekk boltre oss fritt langs dei mange veggane og fargerike taka. (Ikkje tak som i "tak over hodet", men som i "grep på klatreveggen".) Eg fekk låne sko av Sunniva. Trivdes kjempegodt, og er allerede på ebay for å sjekke ut brukt klatreutstyr, utenom sko såklart. Dei vil eg gjerne ha nye. Gleda meg til å ta fatt på ein ny hobby!

Dagens prestasjonar: lære seg knuter, buddycheck, korleis henge opp eit nytt tau i ei rute (prefekt gjennomført av Sunniva under sikring av Erik, med to ivrige elevar som publikum), klatre rute 4+.



Bildeserie følger:






















 Sunniva imponera med utstyrsopplæring















Eg imponera - første klatretur!

 
Instruktør og sikringssjef Sunniva med eit representativt humør

 
D-DOG nesten på toppen! Tøffingen!

 
Jævla friskusgjeng.

onsdag 27. januar 2010

Tusen fine turer og én trist

Ei dame eg lika ordentlig godt (til friskus å vere) er Cecilie Skog. Ikkje berre har ho den mest imponerande manken eg har sett i mitt liv, men ho er også tøffare enn dei aller fleste tog. Ho har nett gitt ut boka "Tusen fine turer og én trist", på vegne av mannen Rolf Bae. Han omkom i eit isras på K2 i 2008, der Cecilie sjølv var med på ekspedisjon.


Les meir om drømmedama på  heimesida hennas


lørdag 23. januar 2010

Årest største fallskjermkalas

I dag er dagen: årsfesten til Bergen Fallskjermklubb. Festen der ein skal gå i kjole og pensko, drikke champagne  frå stettglas, treffe igjen gamle bekjente, klappe for talarane, danse swing, ha sex på offentlig toalett, overdrive alkoholinntaket, bli bært til nachspiel, slåss litt, spise nattmat, begynne å bli edru igjen i fem-tida på natta, drikke masse for å unngå å bli edru, ta første morrabussen heim, eventuelt bli på nachspiel til dagen gryr og invitere resten av gjengen med på Brød og Vin for å diskutere det som nettopp skjedde.
















  

No er klokka 11.35, og eg har allereie hatt papmreseanse i dusjen (all body shave, hårkur, ansikstmaske, neglelakk, augebryn m.m). No skal min kjære Philip og gjesten vår, Yngve, til Samnanger saman med Knut, Richard og Øystein. Der skal dei ramle av ei fjellhylle. Gutta sin måte å pampre seg på før årsfesten. Skulle gjerne blitt med, men er langt ifra psykisk tilstede for å gjere eit lavhopp i dag.


torsdag 14. januar 2010

Akebrett kjøpes!

Bergen er for tida den mest forurensa byen i Europa. I dei store nettavisene har dei bilder av Bergensområdet med eit teppe av smog over seg. Vi kjenner det på lufta vi puster og vatnet vi drikker.














Bilde henta frå bt.no 

Eg har hatt masse tid til eigen disposisjon denne veka, også kalt "ansvar for eigen læring". Med andre ord: lite å gjere på. Det har resultert i hyppige yogatimer, deilige middagsrettar kvar dag, nyvaska leilighet og reine kle, bakverk i frysen og i går; ein morgenfrisk rusletur på Fløyen.

Eg valgte å ta ein tur på Fløyen for å sjekke ut denne smog'en med mine eigne auge. Eg grugleda meg til å sjå dette tjukke, lysegrå eksosteppet over byen eg elska så høgt. Siden det var såpass tidleg (lenge før lunsj) var eg det einaste mennesket eg la merke til på heile vegen opp! I tillegg til det faktum at Fløysvingane er livsfarlege å gå i no når det er akesesong. Eg tryna berre ein gang.

Når eg omsider kom på toppen var det mange fleire folk. Dei hadde benytta seg av bana, trur eg. Iallfall var det plutseleg masse ski, akebrett, fransktalande backpackere og pittesmå mennesker med refleksvest overalt. Eg satte meg på den faste benken min og rota fram dette fra sekken:

















 Brownies og kakao! Det einaste som fekk meg til å vandre videre istedenfor å snu når eg var komt halvvegs. (Ærlig talt, det var ein kamp mot glatt underlag.)

Men så var det store spørsmålet: kor eg denna smog'en som Bergens Tidende så vitterleg har fotografert tidlegare denne veka? Alt eg såg var dette:

















Ein solfylt, rein, klar og vakker vinterby. Skuffelsen var jo tilstede, men rasjonell og positiv som eg er (i store dimensjona for tida) blei eg jo igrunn ganske glad. Det må jo bety at byen begynner å bli rein igjen.

Eg gjekk ned igjen og. Det var definitivt det farligaste eg har gjort i vinter, om ein ser vekk ifrå julefeiringa eg hadde med familien 23. desember. (Slips-på-hodet-tilstander der ja.)
Eg vurderte faktisk å stille meg opp utanfor barnehagen på Fløyen med "akebrett kjøpes"-skilt. Eg garantera at det er tryggare å ake ned Fløyen enn å gå, til tross for at eg på vegen opp såg nok akebrettdelar (ratt, seter, ski, avknekte plastbitar) til å bygge meg eit delebrett.

torsdag 7. januar 2010

















I dag fekk eg eit snodig, dog sjarmerande kompliment. Det var min kjære Philip som gjekk og tusla rundt i bokseren i dag morges då han såg på meg og sa: "Du burde vert stoppa ut."

Først tenkte eg; prata eg sååå masse?! Men han meinte jo berre at eg var søt.

Føyer seg inn i rekka av kule kompliment er har fått, ikkje langt unna Anders som farga håret mitt forleden dag og kommenterte den ufattelig nydelige kvitfargen eg hadde i huden. Som passa det raude håret perfekt. Heller bleik enn feik :o)