torsdag 14. januar 2010

Akebrett kjøpes!

Bergen er for tida den mest forurensa byen i Europa. I dei store nettavisene har dei bilder av Bergensområdet med eit teppe av smog over seg. Vi kjenner det på lufta vi puster og vatnet vi drikker.














Bilde henta frå bt.no 

Eg har hatt masse tid til eigen disposisjon denne veka, også kalt "ansvar for eigen læring". Med andre ord: lite å gjere på. Det har resultert i hyppige yogatimer, deilige middagsrettar kvar dag, nyvaska leilighet og reine kle, bakverk i frysen og i går; ein morgenfrisk rusletur på Fløyen.

Eg valgte å ta ein tur på Fløyen for å sjekke ut denne smog'en med mine eigne auge. Eg grugleda meg til å sjå dette tjukke, lysegrå eksosteppet over byen eg elska så høgt. Siden det var såpass tidleg (lenge før lunsj) var eg det einaste mennesket eg la merke til på heile vegen opp! I tillegg til det faktum at Fløysvingane er livsfarlege å gå i no når det er akesesong. Eg tryna berre ein gang.

Når eg omsider kom på toppen var det mange fleire folk. Dei hadde benytta seg av bana, trur eg. Iallfall var det plutseleg masse ski, akebrett, fransktalande backpackere og pittesmå mennesker med refleksvest overalt. Eg satte meg på den faste benken min og rota fram dette fra sekken:

















 Brownies og kakao! Det einaste som fekk meg til å vandre videre istedenfor å snu når eg var komt halvvegs. (Ærlig talt, det var ein kamp mot glatt underlag.)

Men så var det store spørsmålet: kor eg denna smog'en som Bergens Tidende så vitterleg har fotografert tidlegare denne veka? Alt eg såg var dette:

















Ein solfylt, rein, klar og vakker vinterby. Skuffelsen var jo tilstede, men rasjonell og positiv som eg er (i store dimensjona for tida) blei eg jo igrunn ganske glad. Det må jo bety at byen begynner å bli rein igjen.

Eg gjekk ned igjen og. Det var definitivt det farligaste eg har gjort i vinter, om ein ser vekk ifrå julefeiringa eg hadde med familien 23. desember. (Slips-på-hodet-tilstander der ja.)
Eg vurderte faktisk å stille meg opp utanfor barnehagen på Fløyen med "akebrett kjøpes"-skilt. Eg garantera at det er tryggare å ake ned Fløyen enn å gå, til tross for at eg på vegen opp såg nok akebrettdelar (ratt, seter, ski, avknekte plastbitar) til å bygge meg eit delebrett.

3 kommentarer:

  1. Dette innlegget likte eg!:D
    Flott å sjå at byen held på å bli rein igjen. Men ærlig talt, kan bt dokumentere at det faktisk er SMOG som er avbilda, og ikkje heilt vanlig morgentåke? Dessuten er det Danmarksplass som er syndebukken, kanskje ikkje så rart med tanke på trafikken der..

    Ellers lika eg veldig godt måten du belønnar deg sjølv på! Eg skal garantert pakke sekken med kakao og "noko godt attåt" når eg skal kave meg opp Hafstadfjellet til helga:D
    Må likevel innrømme eg savnar Fløyen og Bergen når eg ser slike bilde. Dette er jo ein bra start på noko som må ha blitt ein bra dag:)

    SvarSlett
  2. Å så koselig! No blei eg inspirert. Har holdt meg langt unna fløysvingane siden eg kom til Bergen igjen for det er nok action å holde seg ståande i gatene i sentrum for tida, men kanskje på tide å ta den utfordringa.(utafor ake-rushtid vel å merke.) Einaste kritikk mot dette innlegget: Neste gang du pakker sekken og skal til å gå heimefra og til fløyen, send meg ein sms så blir eg med :D

    SvarSlett
  3. Det var ei stor utfordring ja, men det går jo mot vår og straks er det bar bakke igjen. Så Sunniva, eg tvila på det blir så mange fleire Fløytura før snøen er vekk.

    Forresten så har eg S i kveld, så då sjåast vi :)

    SvarSlett