torsdag 4. februar 2010

Snop og grønnsaker..?

I dag når eg kom på jobb (praksis) låg det ein pose knaskegulrøtter, ein fox og ein kick på pulten min, sammen med ein lapp: "Uten mat og drikke - duger helten ikke". Tok ikkje lang tid før eg skjønte at det var min kjære rettleiar Lene sitt forsøk på smisk. Eg måtte inn på kontoret og fortelle ho at ho hadde misforstått, og at det vanligvis er studentane som må smiske med rettleiarane i praksis. Dette hadde ho ingen forståelse for, og argumenterte for ein meir rettferdig smiskefordeling.

 
  
I går var eg og Philip på skøytebana på Slåtthaug. Ufattelig koselig! Vi skøyta både forlengs og baklens, med og utan piruettar, i over ein time. Så blei det kaldt. Philip er ein fantastisk fyr. Min beste venn. På vei heim til foreldra hans traff vi Einar og Chica som var ute på rusletur. Einar hadde på seg ei skikkelig stygg jakke, som visstnok hadde fått han og Philip kasta ut fra Holmenkollen ein gang på 90-tallet fordi politiet syns han såg så shabby ut.

Stemningsbilete frå piruettrening på Skøyebana (brøytekanten opptrer her som "mjuk landing", dog litt misvisande).

 
 

2 kommentarer:

  1. Haha, eg las innlegget ditt for femte gang tror eg også la eg merke til nåke nytt: Du har på deg veldig trang bukse til deg å vere på det skøytebildet! Ellers takk for ein kjempekveld :)

    SvarSlett
  2. Hahahhaha! Det tenkte eg og på, første gang eg las det:p Og så tenkte eg: dæven, her har vi tilfelle av lange, fine bein! (men det er jo kun fordi vi ikkje ser at ho er hjulbeint frå denne vinkelen:p)

    SvarSlett