tirsdag 2. februar 2010

Pride and prejudice - and zombies

Dagane i praksis byr ofte på fullstendig hjernekverning, evigvarande latteranfall, utallige kaffikoppar, lange dagar, søvnlause netter og ustabil internettilkobling. Eg er fornøgd. I dag har er ruska opp i bachelorboka og begynt å tenke på den fysiske utforminga av oppgåva. Skal eg friske opp underoverskriftene med blå bakgrunn og kvit tekst? Skal eg lage kake- eller søylediagram? Skal eg Ha dynamikk i designet eller køyre trygt og tradisjonelt? Hamburgere eller pasta til middag? Eie eller leie? Neida, slapp av :-)

Eg vil poste eit bilete av meg sjølv og min kjære sjelevenn, Philip.

 
  
Til slutt vil eg prøve å lage ei liste over fem ting eg er ordentlig fornøgd med, med meg sjølv.

  • Eg er ein jævel på å fordele matvarer i to handleposar slik at dei blir akkurat like tunge.
  • Eg er skarp og nådelaus på å utnytte Bunnpris sitt datovare-tilbud. Har sannsynligvis spart 1000,- berre det siste halve året. 
  • På yogatimane får eg til omtrent alle bevegelsane!
  • Eg har ikkje shoppa noke som helst til meg sjølv på ca 1 mnd.
  • Eg har begynt på leseprosjektet mitt for i år - minst 30 bøker i 2010! Først ut: "Pride and prejudice and zombies", Jane Austen-klassikeren med litt ekstra tilbehør. Underholdning til tusen. 
No ramla eg i sofaen og blir der resten av kvelden. Skremmande kor tungt det er å vere i praksis når timeplanen er tom. (Som mine kollegaer på Slåtthaug seier; det er dei dagane som er verst, for då har vi så masse tid til å sitte på kontoret og le.)

3 kommentarer:

  1. Kongeinnlegg! Litt av kvart og liste og bilde og nyttig info ;) Bra bokambisjon, og eg vil låne zombieboka etterpå!
    Er forresten med å klatre så fort som mulig ja, berre sei fra ein kveld du er passe utkvilt etter praksis! Evt ein kveld du treng meir energi. I dag har eg vert inne heile dag, det gir iallfall ikkje energi, men har fått lest skammelig masse iallfall. Snakkes snart!

    SvarSlett
  2. Kva med punktet: "Eg er vitterlig flink å blande saft, det blir perfekt, kvar gong."

    SvarSlett
  3. "Eg er skarp og nådelaus på å utnytte Bunnpris sitt datovare-tilbud. Har sannsynligvis spart 1000,- berre det siste halve året. "

    Korleis lyder dette tilbodet? Med tanke på kor god dei her i Førde er å holde kontroll på datostemplinga si, så trur eg dei gir vekk halve butikken :p

    SvarSlett