søndag 31. januar 2010

Klatremus 4+!

I dag har eg gjort noke eg har utsatt så lenge at det er pinlig. Nei, ikkje tannlegen. Heller ikkje frisøren, gynekologen, psykologen (?), treningsstudio eller familiebesøk. Eg har vert i klatrehallen. Det burde vel ikkje vere noke å utsette? Sjølvsagt ikkje! Eg har berre utsatt det fordi det er langt vekk fra sentrum og eg veit ikkje kor eg skal gå frå busstoppen. I tillegg er det dyrt, og ein må låne sko (som andre med veldig stor sannsynlighet har svetta i før deg. Enjoy.)


Men i dag var eg, Daniel og Sunniva på klatretur. Min aller første, og Daniel sin aller første. Dermed blei Sunniva sikredame, mens vi ferske fekk boltre oss fritt langs dei mange veggane og fargerike taka. (Ikkje tak som i "tak over hodet", men som i "grep på klatreveggen".) Eg fekk låne sko av Sunniva. Trivdes kjempegodt, og er allerede på ebay for å sjekke ut brukt klatreutstyr, utenom sko såklart. Dei vil eg gjerne ha nye. Gleda meg til å ta fatt på ein ny hobby!

Dagens prestasjonar: lære seg knuter, buddycheck, korleis henge opp eit nytt tau i ei rute (prefekt gjennomført av Sunniva under sikring av Erik, med to ivrige elevar som publikum), klatre rute 4+.



Bildeserie følger:






















 Sunniva imponera med utstyrsopplæring















Eg imponera - første klatretur!

 
Instruktør og sikringssjef Sunniva med eit representativt humør

 
D-DOG nesten på toppen! Tøffingen!

 
Jævla friskusgjeng.

2 kommentarer:

  1. Å så koselig innlegg! Herlig, og bildene blei jo kjempebra. Gleder meg allerede til neste gang.Vi år så sterk cyclo-takeaway at vi måtte ete is til desssert. ;) Ha ein flott kveld videre, klatretalent :D

    SvarSlett
  2. D-Dog!!!! Takk for at du hjelper meg med å få gjengnamnet mitt til å sticke! BAD TO DA BONE! D DOG!

    SvarSlett