mandag 11. april 2011

Ein for orgelet og ein for meg

Desse jentetur-greiene vil virkelig ingen ende ta. Etter at eg kom heim fra Bottrop var det knapt tid til å vaske undertøyet før sekken igjen skulle snøres og denne gangen var det Oslo som skulle få storfint besøk.



Eg, Sunniva, Siv (bedre kjent som SSS) og vår sparringsparter Camilla ankom frå Vestlandet med tog og fly, for å gjere tigerstaden ("ooo, tigerstaden, eg er så imponert") utrygg. Daniel hadde på forhånd sendt tekstmelding til reiseleder Idol-Siv med advarsler om voldtekstbølgen i Oslo. Ingen problem, tenkte vi. Spesielt siden vi er høglytte, usjarmerande vestlendinger med ryggsekk og joggesko på by'n. Kven vil voldta oss uansett?



Skyggen av ei lyktestople som ligna på lysestaken i Skjønnheten og Udyret. Sjarmerande sak! Midt på slottsplassen.



Hoppebilder utanfor slottet er obligatorisk når SSS er på fjasetur.


Vi fant Jan Thomas Studio i Parkveien. Han var dessverre ikkje på jobb denne dagen, så det var jo dritkjipt. Eg som hadde tenkt å ta bilde sammen med han og kanskje finne ut kva hudtype eg har. Sukk!


Südøst, der Sindre jobba. Kjempested! Årest første utepils nytes i ekstremt godt selskap og med konsertkribling i magen.




Alle gutters drøm; putekrig på jenterommet. Sånn er det berre. Alltid putekrig når jentene deler rom! Vi hadde også kreppetang med oss, slik at vi alle kunne stille i samme konsertkostyme. Kreppa hår og rutete klær. Foto av Sindre, som også koreograferte bildet.


Men fra spøk til alvor. Dette bildet er fra søndag formiddag på Aker Brygge, Jacob Aall.  Der vi satt og snakka om alle dei supre kjendisane vi hadde møtt i løpet av turen. Herregud på eit herlig repetoir! Han rødhåra i "Mannen som elsket Yngve", neeesten Jan Thomas og man skal jammen ikkje lenger enn inn på McDonalds før man treffer på ein nasjonalskatt som dette!


Christer Falck!!

(Ingen bilder av Kaizers? Hæ?) 

fredag 8. april 2011

Bro, bro, brille

MAKAN.


Heile dagen i går såg eg sånn ut:


No la eg merke til at eg har mykje kvitare auge enn tenner, og det er kanskje ikkje så sjarmerande? Eg skylder på vin og kaffi. Men uten vin og kaffi hadde livet ikkje blitt det samme. Men er det vin og kaffi som får meg til å sjå slik ut? Eller kan det ha vert det faktum at eg har brukt dei siste dagane på dette?


Vindtunnel er ein rar greie. Her betaler vi tusenvis av kroner for å oppholde oss i eit skikkelig bråkete rom i timevis. Gå rundt i heildekkande dress, stygge briller og hjelm med hardt skall, svette som ein gris og utsette seg for diverse ned- og oppturer i løpet av kort tid. Håret blir tørt, brusete og flokete. Man blir fysisk utmatta og psykisk anstrengt. I tillegg blir man blakk.

MEN DET DRITE EG I! HAHAHA!

Kjære Norsk Tipping.

Eg er fast spiller, og ønsker å få litt prioritet ang.
førstepremien i morra. Besta har sagt at eg kjem til
å vinne ein gang, viss eg berre spela ofte nok. Problemet
eg berre at eg trenge dei pengane no (og ikkje om 50 år).
Vennligst ta dette opp til vurdering snarest.
Kan betales direkte inn på konto til Indoor Skydiving Bottrop.
På forhånd takk!

MVH
Stine Hegrenes.

fredag 1. april 2011

Bottrop igjen!

Wow, tida går faktisk. Sjølv om våren lar vente på seg og Philip er i ein anna verdensdel. Sjølv om eg er i Mo i Rana og har ingenting å gjere på. Jammen godt vi bestemte oss allerede i januar for å dra på sesongavslutning i Bottrop 3.-6. april! Og med sesongavslutning meiner eg sjølvsagt vintersesongen, som fra og med i år består av hyppige vindtunellbesøk!


Etter sesongavslutning venter altså .... SESONGSTART!
Derfor har eg bestemt meg for å aldri vasse rundt og vente på den dagen eg skal bli ihuga vinterhopper, når eg kan ha sesong heile året på to ulike felt! Sunniva er heldigvis einig.

Gleda meg massivt til å komme heim i leiligheten i kveld og avslutte arbeidsveka med eit glass vin og pus på fanget. Kem vil ikkje komme heim til dette?


Dessuten tippa eg vi snart kan gå på fjellet igjen i Bergen. Då blir det løping på Lyderhorn, som her illustrert ved Philip (riktignok ikkje løpande) ein digg dag i 2009.



 Eller over vidden, som eg veit mange gjer på ski, men det trur eg berre er kjipt, så eg velger å vente på sommeren og gjere det til fots. Fint å ha føtter. Her også illustert ved Philip, ein vakker dag i 2009. (No framstår vi veldig spreke syns eg.)


Velger å avslutte dagens vimsete innlegg med eit stemningsbilde frå Lofoten. Berre 2t 25min igjen av arbeidsdagen! God helg.


tirsdag 29. mars 2011

Stine lager reknskap og budsjett

I desse boligkjøp-og-god-inntekt-tider har Philip inspirert meg (eller tvunge meg) til å sette opp reknskap og budsjett. Mest for moro skyld, men kanskje litt for å sjekke kva månedslønna faktisk ender opp i. Philip er sjølvsagt eksperten, med kakediagram som seier kor mykje fallskjermhoppinga spiser av budsjettet- og det er faktisk ein stor del. Her illustrert av Pacman.



Her er noken av mine eigne økonomiske overraskelser (eller bekreftelser) eg har fått av å lage regnskap:

  • Eg har brukt meir penger på Illustrert Vitenskaps Historiemagasin enn på klær i 2011.
  • Min definitivt største utgiftspost er vindtunnell og eg har INGEN dårlig samvittighet for det! 
  • Det er billigere å eige enn å leige (som ein hvilken som helst avisartikkel ville sagt)
  • Når inntekta går opp, stiger forbruket. Det er ikkje dermed sagt at "forbruk" betyr shopping, ferier, mat på restaurant og bil. I Philip sitt tilfelle er det faktisk omvendt - han går ofte rundt og er lutfattig fordi han har satt alle pengane sine i fond. Haha! I mitt eget tilfelle er det som tidligere nevnt, vindtunnellflyging, det største kakestykket i mitt diagram.
  • Inntekta mi varierer omtrent like masse som humøret til Lene. Det seier vel litt. 



På grunn av denne varierande inntekta er det også vanskelig å lage budsjett. I tillegg er det håplaust å vite kor mykje eg må legge ut ifm jobb, og det er i tillegg kjedelig å ha ein plan for korleis pengane skal brukast eller ikkje brukast. Derfor driter eg i budsjett og kosa meg med regnskap istedenfor, som faktisk er kjempegøy og kan anbefalast dersom du er nysgjerrig på kva pengane ender opp i.


fredag 25. mars 2011

Prosjekt: "gult er kult"

Vi innser etter snart 3 mnd i den nye leiligheten at vegger og golv ikkje kan vere 100% plettfrie for evig og alltid. Vi fikk faktisk mamma til å hive møbelknotter under hælane på nyttårsafta (og det vil vi fortsette med altså), men vi kan ikkje sette oss ned og hyle fordi det kjem eit hakk i ein dørkarm!


Så med dette i tankane bestemte vi oss for å like gjerne feire den nyetablerte sjølvinnsikta med å male døra knallgul. Det ville jo sette standarden for å ødelegge det kvite gjennomgangstemaet i absolutt alle rom i heile huset.

Vi ordna med maling og diverse utstyr, og før vi visste ordet av det såg inngangspartiet vårt ut som dette.



Kjempetøft og morsomt. Faktisk så kjempetøft og morsomt at vi ikkje kunne få heilt nok. Skulle vi berre hive oss rundt og male alle dørene med det samme? Vinduskarmer? Eller kanskje ... om vi kunne finne noke anna som ...


Der ja!
Omsider var det kjøleskapet som måtte gi tapt for tittelen "hvitevare", og som no kan pryde kjøkkenet med nyreist stolthet. Det mottar daglig nye kompliment fra både beboere og gjester, og er utvilsomt fargeklatten i huset. Sammen med døra, så klart.


Ettermiddagen og kvelden skal tilbringes i mammas selskap, og med ekstravagant tilbehør som lasagne og rødvin. Vi skal på shopping på Skeidar i Åsane først, og eg regna med at å sette opp eit flatpakka garderobeskap kan få meg i arbeid resten av helga.


Forøvrig må eg klare meg utan han her på ubestemt tid. Han reiste med tidligflyet til Azerbaijan i går morges, og no sitte eg her og syns det er flaks at eg skal vere masse på reise denne mnd. (Mo i Rana, Tyskland, Oslo og Stavanger dei neste 3 vekene.)  

torsdag 17. mars 2011

I'm in London still...


Tar meg snart ein svipptur til London for å besøke Karoline. Turen eg og Philip hadde til London i juni 2007 var heilt nydelig, og no vil eg tilbake! Philip har budd i Acton og kunne derfor lose oss gjennom gatene og stedene med litt meir dybde enn normalt. No er det Karoline som får vise rundt, og det gleda eg meg til :-)

tirsdag 15. mars 2011

Sesongstartfeber


Av og til må eg berre minne meg sjølv på kvifor eg annankvar veke reiser mjølkeruta til verdens desidert minst sjarmerande navle; Mo i Rana, for å jobbe på dagtid og savne eit sosialt liv på kveldstid.

Eg tørrlegger meg, ser timevis på tv, spiser på restaurant kvar dag (NEI, det er ikkje så luksus som det høyres ut som), leser bøker og strikker til den store gullmedaljen. Og kva består den av? Lønn.

Ja, akkurat. Lønn nok til at eg kan øremerke midlene mine til fallskjermhopping og vindtunellflyging i selskap av verdens beste venner og i verdens flottaste natur. Og kanskje Gratis Flåge kan ta ein ordentlig gullmedalje ein gang?


Flott, det motiverte meg :-)