torsdag 2. desember 2010

Herlig dag på fjellet



I går stod eg opp og tusla på fjellet. Det er nesten ingenting som føles bedre enn det. Eg hadde tenkt meg ut Fløyen på forhånd, men når eg gjekk ut døra og fekk sola i ansiktet krevde kroppen meir enn Fløyen. Så eg gjekk like gjerne på Ulriken istedenfor. Til tross for 8 minusgrader syns eg heile stemninga reflekterte seinsommeren meir enn vinteren.

Satte meg på restauranten på toppen; skyskraperen. Kjøpte meg ein kopp kaffi og fekk varmen i kroppen igjen. Der kunne eg blitt sittande i timevis! Men då hadde eg berre blitt stiv og tatt banen ned igjen, og ærlig talt.. Det er jo litt bortkasta når man kan rusle ned igjen óg ;)

 

Til Idol-Siv: eg signerte gjesteboka i restauranten med den årlege 1.desember-meldinga som eg og Sunniva får på sms tiiidlig om morningen. Det slår aldri feil! Då er det jul!


Fancy peis


Store delar av stien var frosse til is, men det var heilt sweet å rusle ute på kanten. Forøvrig gjekk eg "utsikten" på veg opp, og dalen på veg ned. Isen var berre i dalen.


Ein deilig tilfeldighet at ei av vognene til Ulriksbana kom innom motivet mitt akkurat når eg knipsa :-) Skal ikkje så masse til altså - ein liten rusletur på fjellet i vintersola, og vips så er man blitt naturfotograf.


På slutten av dagen gjekk eg, Philip, Sunniva, Daniel, Richard og Lene + kollega på Huset Pub og testa ut årets juleølsamling der oppe. I år beståande av Hansa Juleøl og Nøgne Ø's Underlig Jul. Eg må sei Nøgne Ø er ganske smakfullt, men kanskje litt i meste laget. Gleda meg til å smake juleøl frå Ægir (om den fins). Hurra for juleølsesong!

2 kommentarer:

  1. Lika at du faktisk tok "alle nissunger må opp å stå - ut og gå" så seriøst at du rusla deg ein tur på Ulriken :D Såg fantastisk ut!

    Ellers: http://kjempetorsken.files.wordpress.com/2010/11/c3a6girjulebrygg.jpg

    SvarSlett
  2. Hurra for Ægir Juleøl! Gleda meg til å smake!

    SvarSlett