onsdag 17. november 2010

Fem fakta om Nord-Norge

Etter kun kort til i Nord-Norge for denne gang, føler eg likevel at eg har meir enn nok kompetanse til å skrive eit reint faktainnlegg om Mo i Rana og Nord-Norge sør for Bodø generelt.

1. TEMPERATUREN
Her er det sjeldan over på den raude sida av temperaturmålaren. Mo i Rana ligg ikkje meir enn to-tre steinkast frå svenskegrensa, og lengst inne i Ranafjorden (?) så det er både innlandsklima og kystklima i vakker forening. Så langt har det resultert i tørt og KALDT vær. Ein samtale mellom meg og min kollega i dag utspant seg slik;

Kollega: "Æ sjækka ikke målær'n før æ gikk ut, men æ tru den må vær over -10 grada". 

Stine: "Ka betyr det, egentlig? Altså, er det -9 eller -11 grader når det er "over -10" grader?"

Kollega: "Det dær va et søringspørsmål.. Nu blei æ bare forvirra!"


2. FISK
Dei ete faktisk ekstremt masse fisk, i alle slags utgåver. Seinast i går fekk eg vite om ein variant av fisk som har vore marinert i saltlake i to år før den er spiseklar. Og då skal den sjølvsagt etast rå. Grøss.

3. FRAMKOMSTMIDDEL
Eg var innom Gruben Ungdomsskole forleden for å sjekke ut den lokale klatreveggen. Utanfor skulen var det parkert 3-4 syklar (med vinterdekk for nordnorske forhold) og eit titals spark'a! Huska dåke sparkane? Akkurat som i "pirattaxi på Voss"-reklamane til Vossafår. Men her i Mo i Rana har dei fleste spark, og dei låser dei til lyktestopler og sykkelstativ med sykkellås! Alt man kan bli i godt humør av :o)

4. FLYPLASSEN
Dei fleste lesarane (les: dei to) har vert på Bringeland flyplass i reise-øyemed, dvs. for å sjekke inn, gå gjennom sikkerhetskontrollen, gå til gaten (kremt) og ta av med eit rutefly. Det kan samanliknast med å fly i Nord-Norge. Alle flyplassane er sånn, utenom Bodø og Tromsø. Så langt har eg vore innom flyplassen i Mo i Rana, Rørvik og Mosjøen, og neste fredag skal eg innom Brønnøysund på vei sørover. Det er av ulike årsaker at eg besøker desse plassane. For skulle eg ikkje berre til Mo i Rana? Jo! Men tru ikkje at du kjem deg dit du skal uten å a) mellomlande, eller b) snu og lande på alternativ flyplass og køyre buss til riktig plass, gjerne på grunn av været. Flyplassane er ca 12 meter i diameter og du må sjølvforsyne deg med kaffi og legge ein sjølvvalgt pengesum i isboksen ved sidan av. Og bagasjebandet er 3 meter langt.

5. DIALEKTA
Eg overhørte ein samtale. Og sjølv om eg allerede veit at dei seier rare ting som "vi e' fri for ost", og "æ bi' nok å kjøpe mæ bil", så blei eg imponert over den her:

Per: "Korr langt går denn hær løypa? Går'n innætter?"

Pål: "Jaa.. Denn går litt bortætter"

Per: "Ka me langsætter og rundt og foran dær?"

Pål: "Nei, bærre akkuratt rundt og innætter, før'n vrir sæ bakætter dær"

Per: "Det va de æ trudd, ja"

Stine (tenkte): HÆ!??
  

3 kommentarer:

  1. Hahahahaha! Fantastisk lesing! lo godt gjennom heile innlegget. Dei nordlendingdialogane var priceless. Vil gjerne vere i samme rom når du gjenforteller dei til Richard:D Høres ut som du koser deg forresten. Men gleder meg til du kjem heim igjen!

    SvarSlett
  2. Herlig! Eg lo godt når eg las gjennom dette :) Eg er igrunn glad eg ikkje er nordlending, dei er definitivt eit folkeslag for seg sjøl då - det skal dei ha.
    Og sparkane savna eg definitivt! Då vi var små brukte vi ofte spark, rundtomkring i bygda, til skulebussen osv :D

    And btw: når du skal til Brønnøysund må du lese Brønnøysund Avis. Harald Eia har faktisk lagt dei til som startside på pc`en sin, fordi dei har så mykje "artig lesestoff". Døme: "Hvem bæsja?", og "Svingen ble for krapp - lastebil måtte rygge!" osv:D

    SvarSlett
  3. Eg glømte et punkt! Skal heller improvisere det her: 6. SVENSKEGRENSA. Det er berre 3,5 mil til grensa herifrå. Det resulterer i at alle (!) har snus i overleppa til einkvar tid, samt diverse andre "svenskevarer" som eg aldri har hørt om. I tillegg fins det noke som dei kalla "trailær'n", som er ein trailer som står akkurat ved grenseovergangen (på svensk side) med tobakk og øl til ein billig penge for griske nordmenn. Ettersom butikken er litt lenger unna grensa. Heilt fabelaktig!!

    SvarSlett