mandag 29. november 2010

Den etterlengta kinokvelden!

I dag har eg tatt med med Philip inn i ei mørk hule og holdt han fanga der i to og ein halv time... Kan også kalles Harry Potter and the Deathly Hallows, og eg har gleda meg leeeenge til dette!




Til tross for filmens noget middels tempererte anmeldelser, vil eg personlig meine at den levde opp til forventningane. Den kan ikkje sjåast på som ein "enhet", og man vil ikkje ha veldig stort utbytte av filmen om man ikkje har lest bøkene i forkant. Det kan sikkert legge ein demper på stemninga for folk som blir sliten av å lese Woman eller Cosmopolitan, for ikkje å snakke om at boka har 821 sider og ingen bilder.

Men der har dei overraska både meg og Philip. I filmen var det eit klart fleirtal av episoder som vi "kjente oss igjen i" frå boka, i forhold til ting vi stilte spørsmålsteikn ved. Mange av scenene er så detaljert beskrevet i boka at det føltes som deja vu å sjå bildene frå filmen. Mundungus Fletcher derimot, han mangla ein halv meter på høgden, minst!

Akk. Berre 8 mnd igjen til eventyret skal fullføres. Både gleda og grua meg, men forventningane til den siste filmen er unektelig høge. Men eg er håpefull :)

5 kommentarer:

  1. Akk, har ikkje komt så langt at eg har fått sett denne endå! Gledar meg vanvittig, og er kjempefornøgd med at dei har delt den inn i to filmar, så får vi forhåpentligvis med meir av det som er i boka :)
    Og er virkelig boka 821 sider? Haha, det føltes ikkje sånn i heile tatt! Hugsa eg mot slutten forsøkte å legge den vekk etter eitt og eitt kapittel, for at den skulle vare lenger :D

    SvarSlett
  2. Ah, godt tips! Har enda ikkje sett denne. Lever fortsatt på at eg, i kraft av å jobbe på Libris, las denne boka ei veke før resten av verden. Tror det er den veka eg har følt meg viktigst i heile mitt liv :D
    Ellers var eg og Daniel og Sandro og såg "Trolljegeren" på søndag - den var ekstremt masse kulere enn eg hadde trodd. Lenge siden eg har blitt så positivt overraska over ein film, og masse flotte fjellbilder fra Sogn og Fjordane.

    SvarSlett
  3. Ja! Philip og Martin var og såg Trolljegeren, og har anbefalt den veldig. Så eg tenkte kanskje neste bolk i Nord-Norge, at eg tar ein aleinetur på kino og ser den :)

    SvarSlett
  4. Då har eg sett filmen, og må igrunn sei meg fornøgd:) Men stakkars dei som går på kino uten å ha lest boka, dei kan umulig skjønne nåke som helst!
    Likte spesielt godt måten eventyret om "the deathly hallows" blei fortalt på:) Grugledar meg til siste film! Ingenting slår bøkene såklart, men eg ser på filmane som ein fin bonus :D

    SvarSlett
  5. Heilt einig! Den animasjonen av "the three brothers" var genial. Eller som eg sa til Philip: "Mange høge, tynne, mørke menn..Det lika vi" :)

    SvarSlett