tirsdag 23. november 2010

Dag 9 i kulda

Det er vel grenser for kor lenge ein kan vere begeistra for å jakte på nordlyset. All form for intensitet dabba av etter lang kamp uten resultat. Så no sitte eg her på hotellrommet, dag 9 i Nord-Norge (av 12, vel å merke) uten så mykje som ein snurt av nordlyset å loggføre.

I mellomtida har eg gjort andre ting enn å leite etter nordlyset. I går sjekka eg ut tilbudet "damenes aften" i det flotte bassenganlegget i Ranahallen. Frå kl. 19-20.30 kvar mandag er dørene åpne KUN for damer. Belysninga dempes og musikkanlegget forsyner publikum med rolig musikk. Perfekt ramme for kjappe 1000 meter i distansebassenget, for deretter å svinse rundt i varmebassenget og strekke ut, samt slenge seg i badstu i deilige 20 minutter heilt på tampen. Sweet konsept :-) (Trur mannen som var badevakt likte det óg.)


Her er eit knips frå Andreas sin bursdagsfest. (Kor er Andreas, lurer du kanskje på? Vel. Han var der ein eller anna plass.) Samme kveld fekk eg min aller første vertinnegave, frå Siv og Andreas som kom på vorspiel hos meg sammen med Sunnihval og D-Dog. Gaven var brettspelet kokkelimonke, og eg rundspelte dei alle mann! Eg utfordra den som måtte ønske. Forøvrig var D-Dog ein enkel match, ettersom han alltid begynte å le høgt når hans eget svaralternativ blei lest opp. Og om ikkje DET var giveaway nok, så var svaralternativet i seg sjølv ofte ruta mot Daniel sin tankegang og fantasi. Anbefales!

No begynne eg snart å telle timane til flyet mitt går på fredag. Det skal ta av 16.24 frå Røssvoll flyplass i Mo i Rana, og er i Bergen like etter kl. åtte.

 

Håpa alt går fint og så blir det julebord med Stilken og Mubba på lørdag! Dette var det einaste bildet eg fant av alle tre. Tatt på Koengen '09 på Coldplaykonsert. Good times!

7 kommentarer:

  1. Hahaha, kongebilde det første der :D
    Det må forresten vere inspirerande å vere mannlig badevakt når det kun er kvinner mellom 19.00-20.30! Haha, kult konsept.

    Og D-dog, du har ikkje SJANS i nåke rematch!

    SvarSlett
  2. Viss dokke trudde D-dog var dårlig og giweawayish når vi spelte hos deg Stine skulle dokke ha sett han i spelkveld med meg, Geirfinn og Grethe. Til slutt prøvde han å kamuflere seg bak ei pute for å kvele latteren, men alle visste likevel kva som var Daniel sitt svar ettersom puta rista kvar gang det kom. Hehehe.

    Julebord til helga altså! Dvs ingen vossahelg på deg? Eg lurer på å dra til voss. Blir i såfall første vossahelg på 2 år viss vi ser bort fra påsken (og det gjer vi jo). ABout time! Men hadde vert enda bedre om dokke var der også. Blir iallfall bra å få deg heim igjen!

    SvarSlett
  3. Ingen Vossahelg på meg. Satsa lørdagen på å fnise med Mubba og Stilken, samt fjase på vorspiel med hårpynt og kjoleprøving i ekte julebordstil. Søndagen vies til Harry Potter i kinosalen og Grey's Anatomy i sofakroken. Kan nesten ikkje vente! Men Vossahelg høyres fjongt ut, og eg gleda meg til eg kan bli med :)

    SvarSlett
  4. "Til slutt prøvde han å kamuflere seg bak ei pute for å kvele latteren, men alle visste likevel kva som var Daniel sitt svar ettersom puta rista kvar gang det kom."

    .. vil dette sei at D-dog faktisk har spelt kokkelimonke før, men laaata som om at han aldri hadde sett det før hos Stine? Snedig! Høhø :D

    SvarSlett
  5. Og btw Stine er du og Philip invitert på Nissefest den 18. desember. Copy and paste frå facebook:

    "Tradisjonen tru, blir det servert nissegraut klokka 19, og gløgg skal vi varte opp med så lenge det er att i kjelen.

    Dei vanlege kriteria gjeld for nissefest:
    - Alle skal sjå ut som ein nisse, minimum nissehue.
    - Ta med ei lita, innpakka gåve, maksimumsverdi 25 kroner (her er det rom for mykje fjas)
    - Nisselova skal ein sjølvsagt kunne på rams http://www.youtube.com/watch?v=xAbccVGl0TA

    Fast følge er invitert, ingen andre utover dette - vi har ikkje uendeleg med plass. Nisseøl og andre styrkedråpar tek ein med sjølv.

    Det blir kåring av beste nisse, og her blir det vekta både utkledning, samt om ein spelar ut rolla si som nisse. Det skulle vere rom for fleire tolkingar.

    God nissefest!"

    SvarSlett