mandag 18. april 2011

Påske og påke

Dagen i dag har vert heilt formidabel, sett vekk frå det faktum at vi sannsynligvis har rotter i taket. Men om ein tar i bruk "ute av syne, ute av sinn"-teknikken (som eg er mester i) så er dagen i dag heilt super. Fordi?

På grunn av fri og feriestemning! Som frilansarbeider kan eg ikkje sette meg inn i den samme påskeferie-følelsen som dei fleste andre kan. Men eg merka det i atmosfæren likevel, at no er det felles og mange skal gjennom tradisjonsrike events, deriblant med sjølv. Påkeboogie på Voss venta fra onsdag og så lenge det måtte friste. I fjor såg det slik ut når vi skulle pakke inn i bilen til D-Dog! Han er i Sevilla i år, men vi er ikkje dritmisunnelige.



På grunn av den russiske dama på Chica Store på Exhibition i Bergen, som voksa og plukka og til og med sminka (!) augebryna mine for ein spinkel hundrelapp! Ho hadde rett og slett russisk presisjon og peiling på faget. Anbefales!

Fordi eg traff Helge Jordal på Bystasjonen og han ser jo skikkelig herja ut. Eg smilte forsiktig i det eg passerte han, og han smilte tilbake. Det der trur eg er ein trivelig mann altså!

På grunn av at Philip er heime fra Azerbaijan og skal vere til over påske. Det å endelig ha noken andre å lage mat til (eg suge på å lage ordentlig mat når eg er aleine heime), noken som kan bli med på fjelltur eller intervalltrening, noken å klage til viss eg trenger det, noken å klemme viss eg trenger det og så videre. Diggin it!



Philip har til og med ordna presang til meg, i anledningen 4års-kjærestepar. Og kva er vel meir naturlig å gi enn eit trådlaust minitastatur? Ja du må gjerne le! Men det er definitivt få folk som kjenner meg like godt som Philip :-) Testa det ut i dette øyeblikk faktisk! Lydløst er det óg. Genialt rett og slett.

Fordi årets bikini er innkjøpt! Svart. Trenger igrunn ingen djupare forklaring - alle (jenter) veit kor kjekt dette er! (Bildene er fra hm.com)




Fordi været plutselig letta opp, og no er det blå himmel. Blå himmel i Gravdal på ettermiddagen er ikkje å forakte, rett og slett. Våren er her!



 No skal eg finne ut prisen på rottefeller. Tippa Clas Ohlson kan bidra på dette området! Enn så lenge; GOD PÅSKE og NYT DAGANE!

Slainte!

2 kommentarer:

  1. Herlig innlegg! Love it! Tror jammen eg må prøve meg på xhibition-napping eg og. Her i Førde er det knallsol og eg er i supersommerstemning (orker ikkje engang tenke på å gå på ski). Rekner med eg kjem til voss iløpet av helga, så snakkes vi der :)

    SvarSlett
  2. Veldig einig med Sunniva - kjempeherlig innlegg :) Lister altså, det gjer seg virkelig i ein blogg!

    SvarSlett