tirsdag 1. mars 2011

Verdens mest fleksible frisørsalong?

Eg vil gjerne benytte anledningen til å slå eit slag for ein god venn av meg. Han er kjekk, morsom, interessant, stilig og veldig tøff. Han heiter Anders Tvedt og driver som frisør i salongen T-Contur i Øvregaten. Eg kjenner Anders gjennom Voss Fallskjermklubb, og dei siste åra har vi hatt fallskjermmiljøet til felles - og så har han jo blitt min faste frisør så klart!



Anders er stort sett sjølvlært som frisør, og har arbeida som frisør i mange år. Han har auge for det estetiske, og ser straks kva som må gjerast i ein flisete lugg eller falmen farge. Han arbeida på Vogue ein periode, og har bl.a. pryda dei svære plakatane med brudebilder som har vert i utstilling langs Hotell Norge i lang tid. Han styla for eksempel skuespillerne i den norske spelefilmen "Vegas" frå 2009.

 


Men han har også styla meg i nokre år no. Og eg er til stadighet forbløffa over hans evne til å gjere meg fornøgd. Til og med overgangen fra langt krøllete hår til hjelmsveis klarte han å ro i land som ein suksess, for ikkje å gløyme dei radikale raudfargane eg har pryda stussen med i snart eit år.




Anders er ein fallskjermboms. Han lever i ein rosa falmen campingvogn stort sett heile perioden frå tidlig mai og ut august, og der lever han på raudvin og grillmat. Ein karakter på feltet, som har opparbeida seg status som fallskjermfrisør. "Klipp for eit hopp" slo kraftig an sesongen 2010, der folka på feltet gjekk rundt og var fjong på håret til stadighet. (Uvant på eit fallskjermsenter, yes sir.) Då rigga Anders opp klappstol og håndkle i fri natur, diska opp med raudvin og raude bær, ein liten radio i bakgrunnen og utsikt mot landingsfeltet for dagens siste løft.




Fleksibelfrisøren; eg digga konseptet! Sjekk ut Anders på facebook:

T-contur på facebook
Bestill time på: 450 84 951



Bildene er lånt litt frå Anders si facebookside og litt frå Sunniva sin blogg

2 kommentarer:

  1. Oi, heile to nye blogginnlegg! Så kjekt! Flott hyllest til Anders, tipsboksen min inneholder no 2000 kr, så no har eg råd til å betale sertifikata mine, og skal sporenstreks spare tips til frisørtime. Satser på det kjem i boks før vi drar til Tyskland, for her trengs det ettervekstfiks :D

    Ellers takk for ein flott konsertkveld:D Artig å høre slutten også.

    SvarSlett
  2. Wow, der må jeg stikke innom engang å få fikset håret mitt:) eller så fleksibel som han er så tar han vel med seg rødvin'en og kommer hjem og fikser?:)Du er ihvertfall en god ambassadør må jeg si!

    SvarSlett