mandag 28. februar 2011

Days like this

Jajaja, eg veit. Facebook har tatt fullstendig overhånd og eg har nesten glømt at eg har ein blogg å følge opp. Men til alles store glede kan eg altså treffast der óg, etter minst 4 års vellykka avhold. Eit svakt øyeblikk, samt mange nye kolleger og venner fra fjern og nær var det som skulle til.


 Eg er tilbake i Nord. Her er det speilblank is med 20 cm djupe vanndammar på, liten kuling på kysten og  eit sant helvete å komme seg frå a til b, men det er PLUSSGRADER og det er LYST UTE. Det redder meg frå den sikre depresjon. I tillegg har eg planar om å tilbringe ettermiddagen i svømmehallen og der er det uansett vått. Så det skal eg ikkje klage på. Som bildet viser (Tromsø i slutten av mai i fjor) kan det vere ganske så fresht i Nord-Norge også. Bildet er tatt ca kl. 02.00.


Fredag var ein fin dag. Etter ei lang arbeidsveke med alt for masse busskøyring (to timar kvar dag) inviterte eg og Philip på pitapizza og vin hos oss. Anledningen var forspill til Shaun Bartlett og co på Madam Felle, og Caroline stilte opp med skjørt og vin og overnattingsplaner. Vi heiv oss tidlig avgårde på buss til byn, der Mubbz kommenterte sin egen status (herregud Stine) ved å sei; "Hehehehe, eg kan ikkje huske sist eg satt på bussen til byn en fredagskveld før klokken åtte og var småbrisen på vin"...



Konserten var ein knallsuksess, og det strømma inn folk frå fallskjermklubben heile kvelden. Til slutt måtte vi bruke scena som krakk, for det var ikkje plass andre steder. Vi stakk deretter på Huset for å drikke oss gode og (enda meir) brisne, men Mubbz holdt på å ramle i bordplata etter få minutters hardt arbeid med å holde augene åpne, og vi forstod straks konsekvensen av å sitte på bussen til byn en fredagskveld før klokka åtte, småbrisen på vin. Det er jo slitsomt for ein travel tobarnsmor som er oppe klokka seks kvar dag! Ho fekk nøklane mine og stakk heim. Det tok meg ca fire minutt å innsjå at eg burde blitt med. Så eg heiv meg rundt og stilte meg ved bussholdeplassen på Møhlenpris og venta på nattbussen. Som aldri kom. Eg trur til og med eg sov litt der eg stod og venta. Til slutt gav eg opp og gjekk tilbake til Philip, som eg sjølvsagt kjefta på, og så ordna han pirattaxi og prøvde seg på å gjere alt godt med ein stratos. Det funka ikkje. Men så var vi plutselig heime og då var alt bra igjen.



TAKK til Shaun og gutta for konserten, som kom veldig overraskande men på eit prefekt tidspunkt.
No skal eg tilbake til arbeidsoppgåvene mine, som akkurat no består i følgande: sjekke ut rikspakken og andre tv-abonnement, lage budsjett for sameiet (eg er kasserer, hehe), lese DetNye, fakturere jobben, sjekke finn.no for møbler og seilbåter, ringe Gravdal Båtforening og spørre om pris på båtplass, lese nyheter, håpe på mindre nedbør til eg skal gå heim igjen og diverse andre unyttige ting.
Tolk ja? Indeed.



NB: Beklager den ikkje-eksisterande sammenhengen mellom tekst og bilde i dette innlegget.




6 kommentarer:

  1. Det er offisielt snart vår - tjohei!
    Herlig samling av bilder. Må seg eg LER høgt av kjendisjegerane ved sida av (ein av norges kjekkaste menn) Kåre Magnus! Hahaha, vi har då vitterlig forandra oss litt! Kan ikkje huske at eg hadde så trillrund ansiktsform på vgs?:p Ikkje det, bollekjakane er fortsatt intakt :D

    SvarSlett
  2. Fy flate, huska du den dagen eller? Backstagebabes som flaug rundt og knipsa og intervjua.. Legg merke til Ali i bakgrunnen. STARSTRUCK!!

    SvarSlett
  3. Haha, dåke er kjempeskjønne:) synes Kåre Magnus så ut som en konfirmant, kjente han faktisk ikke igjen (er det han på tv?) men han ser nå veldig fornøyd ut omringet av de tre S'ene! Ja nå har jeg ventet på blogg-innlegg Stine, det har gått alt for lang tid!! Ta det som et kompliment! FB er tidkrevende, det går seg til etterhvert hvis du har litt selvdisiplin!:) Kos deg i nord, håper du får se nordlys!

    SvarSlett
  4. Satan, eg ler. Hahaha. BLOGG MEIR FACEBOOK MINDRE

    SvarSlett
  5. BLOGG MEIR FACEBOOK MINDRE
    /Andreas

    SvarSlett