tirsdag 5. januar 2010

Pusefjas















 Edward Lurkepus aka Pjusken, korrekturleser bacheloroppgåva mi.


Dette innlegget er eine og aleine dedikert til familiekatta. Ho heiter Edward Lurkepus, og har sitt eige pass. Ho er vaksinert for utenlandsreiser og er slett ikkje småbereist (til katte å vere). Ho snakka både norsk og engelsk flytande, og ser ut til å kommunisere med både unge, gamle og på alle tenkelege dialektar.

Til tross for navnet har ho født fleire kull med topp intelligente kattungar, alle gitt bort til nøye utvalde personar med kraftige morsinstinkt og pedagogiske anlegg. (Viktig med god oppdragelse). Alt papirarbeidet i forbindelse med desse adopsjonane er det sjølvsagt Edward som har stått for. Ho er nemlig ganske så hardt arbeidande, til å vere såpass kattete. ("Kattelivet, akk! Sove, spise, kose og drite", seier folk. "Yeah right", seier Edward.)

Eg og Philip er så heldige å få dele livsfilosofiane våre med Edward i desse tider. Karoline hadde overhode ikkje hjarte til å sette ho igjen på Voss i jula, og tok ho like gjerne med på ferie til by'n. Bereist ja? Ho har budd i Dublin nokre år, men trivs best på den norske landsbygda. Musekebab er livretten, men ho spytta ikkje i skåla om ho får våtmat fra whiskas heller. Ifølge Karoline er det reker som lurer fram gliset hos denne katta, men ho er ikkje ei 45 år gammal, livsvant globetrottar frå Vestlandet for ingenting heller. Skal vere litt flott!

Her forleden dag tok ho fram bacheloroppgåva mi og las gjennom den, streka under alle feil og noterte litt tips i margen. Eg skal sende neste utkast til ho på mail (lurkepuz@hotmail.com) så ho kan følge med på utviklinga. Ho skal i tillegg lære meg litt tips til korleis eg kan sjarmere Philip med blikk og ynde. Ho gjer det heile tida, nemlig.

Katta mi er 1000 ganga bedre enn 85% av menneska eg veit om her i verda. Yeah!

3 kommentarer:

  1. Hahaha, eg ler! Lurkepuz@hotmail.com! :D

    SvarSlett
  2. For eit herlig innlegg! Pusekatter er fantastiske. Ka ville vel sofaligging vert uten :)

    SvarSlett
  3. åå Stinemor, den var kjempesøt!!

    SvarSlett