Ah! Heime igjen etter ein lang ferie i Dublin. Fantastisk å vere berre meg, mamma og Karoline i heile SEKS dagar i verdens kanskje mest avslappa storby. Bildeserie følger!
Spørsmål til bildene kan rettast direkte her i kommentarfeltet. Som dåke kan sjå har Karoline ordna håret sitt og fått dreadlocks på ein negersjappe, akkurat som eg gjorde når eg var i Dublin for fire år sidan. Det blei kjempefint. Jenta i stolen ved Karoline heiter Grainne (staves det sånn?) og kjem fra Irland. Ho ligna litt på meg syns eg..
Vi var på det lokale hoppfeltet på søndag. Der var det enorm aktivitet med OFSK sin porter fra i sommer! Den var i full back-to-back heile dagen, og eg og Karoline sneik oss på eit løft :) Vi fekk komme til kjapt fordi servicen der var heilt utan sidestykke. Ufattelig bra mottakelse og kjapp ordning av registrering og manifestering. Eg lånte meg ein Silouette 170 og gjorde ein to'er med min søster. Hurra!
Flyturen tilbake blei ikkje som bestilt. Etter ein smertefri tur fra Dublin og Køben (jaja, nesten smertefri då.. Det var jo trist å sei hadet til mamma på flyplassen så klart!) var det tid for trøbbel. 10 minutt før boarding får eg ein sms: "Ditt fly er kansellert, hilsen SAS". Deretter fulgte uvisshet, og heldigvis kom eg til i helpdesken til SAS uten for mange timer venting. Så blei eg ordna på ein ny rute: via Oslo til Bergen. Huttetu seier eg berre. Tre fly på ein dag. Heldigvis gjekk det smooth på begge fly, og på flyplassane. Det redda nesten dagen min at pappan til Philip kom og henta meg på Flesland og kjørte meg til sentrum med den store kofferten min. Takk Einar, du er skjønn :-)
No har Karoline flytta bort til mamma i uviss framtid. Kjem snart på besøk igjen folkens! Takk for denne gang! Kjempeglad i dåke, Karoline, mamma og Garret.
onsdag 6. oktober 2010
mandag 27. september 2010
If it's not on tape, it didn't happen...
Eit velkjent uttrykk i fallskjermmiljøet. Ein kan anta at det oppstod fordi fallskjermklubben utelukkande har det meste på video. Det er alltid ein eller anna luring som har video- eller fotokamera i umiddelbar nærhet når det skjer noko. Men i går skulle unntaket som bekrefta regelen sjølvsagt skje.
Vi står på Bømoen og følger spent med på landingane etter eit Malvinløft. Det er litt gusting i vinden, og den kjem frå ein velkjent turbulent retning. Dei kjem inn og landar fint, berre litt trekkspeltendensar på enkelte. Halvard kjem flygande innover og landar nærmt feltet, rett ved dei to trærne som har slakkline mellom seg. Det er litt småturbulent, og litt panisk velger hna å flare ganske kjapt like over bakken. I samme sekund tar vinden seg litt opp, og han blir kasta tilbake opp i lufta, kanskje 3-4 meter. Flare'n er brukt opp, og det ser ut til å bli eit nådeløst møte med moder jord. Men ifølge hoduvpersonen sjølv, var han til tross for høglytte rop, "HELVETE!!" heilt klar på sine alternativer. Han blei kasta mot venstre, og der står det ...
(hold fast)
Ei trampoline. Omkrinsa av sikkerhetsnetting for barn, og 6-7 stenger på rundt 2-3 meter rundt, for å holde nettingen oppe. Men mannen er faen så treffsikker. Han landa MIDT i mellom alle faremomentene. Får seg ein vennlig sprett og ruller av kanten og ut gjennom sikkerhetsnettet. Neste gang treffer han bakken, men er straks på beina og hevder det ikkje gjorde vondt. Tilbake står publikum og lurer på om det er ok å le så vi griner. Åshild som var på samme løftet løper for å sjekke om han er heil (legestudent og usedvanlig praktisk å ha med å gjere i slike situasjonar). Konklusjonen er null skader. Tandempassasjeren som står klar til å gå på neste løft har overhode ikkje peiling på kor mykje gratis underhaldning han har fått med i prisen.
Eg er lei for at eg ikkje kan illustrere dette stuntet. Ta gjerne direkte kontakt med Halvard for å høyre historien frå den aktuelle vinkelen. No må eg finne på noke som kan få meg til å slutte å le.

onsdag 15. september 2010
Dei siste vekene...
... har eg vert innom fem forskjellige hotell rundt omkring i landet. Til fornøyelse (og forundring) kunne bl.a. hotell Panorama i Trondheim skilte med både popcornmaskin og softismaskin, free of charge, for alle gjestane. Ellers har eg oppdaga at det slett ikkje er obligatorisk med denslags service for å tilfredsstille meg. Gje meg eit reint håndkle og ei god dyne, så kan eg sove neste kvar som helst.
Eg har tatt kjørt bil, buss, trikk, tog, fly, båt og sykkel, samt spasert ein god del. Og stått i heis. Av og til er heisane lange, og av og til er dei korte. Den heisen som var i Tyholt-tårnet i Trondheim var ganske lang, og tok oss 75 meter over bakken for å nyte utsikta over byen medan vi åt på Egon. Så roterte den i tillegg, til min store oppdagelse.
Den roterte ca ein runde i timen. Det føltes litt som eit solur, når vi omsiden hadde rotert halvanna runde og eg kunne vite kva klokka var.
Frilanslivet er ikkje så ille, men det kan vere ganske så utmattande å aldri vere heilt asvlappa. Derfor er eg takknemlig for å skulle tilbringe dei neste to vekene heime, bortsett frå ein kort tur til Stavanger med Kaia, og forhåpentlegvis treffe Ragnhild og kanskje også Camilla?
Siv: Eg og Camilla gjekk oss faktisk nesten vill i Venezia. Dessuten gadd vi ikkje å leige sånne gondolbåta, for den båten som gjekk i skyttel mellom byen og parkeringsplassen (ja, ein måtte køyre inn på eit svært parkeringsområde og ta båten derifrå) var eigentleg meir enn nok på det skitne vatnet. Sjå no berre sjølv:
"Hvor er willy?"
Og så åt vi ein pasta som smakte ingenting og kosta alt. Alt eg hadde i lommeboka iallfall. Så sånn var det!

fredag 10. september 2010
Hermetiske pærer
Eg trudde eg skulle daue av latter i går på jobb. Eg havna i eit ganske koselig kaffeslaberas med heimesmurte brødskiver og denslags. Ganske grei jobb igrunn, så seint på ein torsdag. Men så kom det: åresalg.
Eg har ikkje vert med på åresalg sidan eg var med Besta i Kvammen kapell for kanskje 15 år sidan. Det var jo alltid spennande, og eg kan endå hugse rektor Einar som holdt oss på pinebenken med den trekkegreia, som er ein liten trekloss med kuler inni og så skal dei ristast og snus opp ned sånn at alle "hull" blir fylt med ei kule. Så kan den låsast og deretter lesast talla opp. Ekstrem-bingo, på ein måte.
Fant eit bilde av ein sånn! Skjønna ka eg meina?
Vel, uansett. Det var åresalg og premier. Eg syns igrunn det berre var nostalgisk og trivelig, heilt til min kollega bøyer seg over meg og seier: "Dæven.. Han vant ein boks hermetiske pærer..". Det var det einaste som ikkje stemte med mine erindringar av basarlivet som barn. Eg hugsar svære heimehekla sengetepper, strikkegensere, kaker, bøker, kunst og nips. Som oftast var det heimelaga ting og tang. Og gjerne store nytte- eller praktgjenstandar. Men her hadde altså ein av deltakarane stukke av med ein boks hermetiske pærer. Og dei var ikkje heimelaga. Tvert imot var dei kjøpt på Europris, etter merket å bedømme. Eg hiksta så tårene trilla lenge etterpå, og prøvde alt eg kunne å stoppe. Det var ikkje enkelt. Eg ler faktisk litt fremdeles. Basar er rett og slett ikkje kva det eingang var.
No er det straks helg. I morgon er det feiring av Bergen Fallskjermklubb sin 40års-dag, og det skal gjerast med stil. Middag og kalas på hotell Terminus, og min første fest (!) på veldig, veldig lenge. Gleda meg!

onsdag 4. august 2010
Gratulerer
Nevnte eg at eg og Philip tenkte å skille oss først, og gifte oss etterpå? Like greit å vere ferdig med skiten.
tirsdag 3. august 2010
God morgon!
Deilig morgonstemning i stova mi, som vanleg. All bran og sitronte til frokost, Ronny på P3, heimekontor og lilla strømpebukse setter meg i knallhumør!

Ser for meg at dei siste 30 sidene i boka er slukt og fordøyd i løpet av formiddagen. Kan anbefale boka! Den er skrive i 1932 og truleg ikkje revidert så veldig sidan den gang. Eit språkleg og kulturelt klenodium!

mandag 2. august 2010
Helg på Hegreneset
Ikkje rart eg våkna klokka 07.30 i dag! Etter å ha brukt dei siste dagane til intet mindre enn soving, spising, lesing og kosing, kan ein vel ikkje forvente noke meir?
Eg tok med meg Philip til Sunnfjord for å gjere det eg vanligvis gjer når eg er i Sunnfjord. Ingenting.
Eller jo, når eg tenker meg om så måtte vi faktisk jage kyr.
Foruten det, var det lite som kunne reknast som energi- eller konsentrasjonskrevande aktiviteter. Kjekt å sjå besta og besten igjen som alltid! Dei er så spreke og fine, spesielt besten som forbanna den bærbare pc'en sin fordi den ikkje ville skru seg på. Besta imponerte med spanskkunnskapane sine, for ho venta besøk av kjæresten til sønnen sin neste veke, og ho kjem frå Cuba. Tommel opp!
Det ser ut til at jobbmarkedet tar seg pent opp igjen, og allereie laurdag skal eg kanskje streife landet for å oversette det vakre teiknspråket. Gleda meg veldig! Framover skal eg og Guro satse eindel på å ta tolkeoppdrag saman. Vi fekk tips frå vår evige tolkehelt, Per Olav, om å danne slike "team" som blir drevne på å tolke ilag. Så det blir bra for framtida, det er eg heilt overbevist om!
No skal eg gjere heilt vanlege ting som alle husmørde gjer når dei er aleine heime. (Vaske opp, støvsuge, vindushoppe på nett, gå rundt i høghela sko, dagdrømme, høyre på radio og liknande. Hurra!)

Abonner på:
Innlegg (Atom)