fredag 10. september 2010

Hermetiske pærer

Eg trudde eg skulle daue av latter i går på jobb. Eg havna i eit ganske koselig kaffeslaberas med heimesmurte brødskiver og denslags. Ganske grei jobb igrunn, så seint på ein torsdag. Men så kom det: åresalg.

Eg har ikkje vert med på åresalg sidan eg var med Besta i Kvammen kapell for kanskje 15 år sidan. Det var jo alltid spennande, og eg kan endå hugse rektor Einar som holdt oss på pinebenken med den trekkegreia, som er ein liten trekloss med kuler inni og så skal dei ristast og snus opp ned sånn at alle "hull" blir fylt med ei kule. Så kan den låsast og deretter lesast talla opp. Ekstrem-bingo, på ein måte.

Fant eit bilde av ein sånn! Skjønna ka eg meina?

Vel, uansett. Det var åresalg og premier. Eg syns igrunn det berre var nostalgisk og trivelig, heilt til min kollega bøyer seg over meg og seier: "Dæven.. Han vant ein boks hermetiske pærer..". Det var det einaste som ikkje stemte med mine erindringar av basarlivet som barn. Eg hugsar svære heimehekla sengetepper, strikkegensere, kaker, bøker, kunst og nips. Som oftast var det heimelaga ting og tang. Og gjerne store nytte- eller praktgjenstandar. Men her hadde altså ein av deltakarane stukke av med ein boks hermetiske pærer. Og dei var ikkje heimelaga. Tvert imot var dei kjøpt på Europris, etter merket å bedømme. Eg hiksta så tårene trilla lenge etterpå, og prøvde alt eg kunne å stoppe. Det var ikkje enkelt. Eg ler faktisk litt fremdeles. Basar er rett og slett ikkje kva det eingang var.


No er det straks helg. I morgon er det feiring av Bergen Fallskjermklubb sin 40års-dag, og det skal gjerast med stil. Middag og kalas på hotell Terminus, og min første fest (!) på veldig, veldig lenge. Gleda meg!

1 kommentar:

  1. Hahahaha Stinemor, det kan ikke ha vært en ordentlig Sunnfjordbasar dette her. Veldig morsom historie og dessuten; hvordan kan du være sikker på at det er hermetiske pærer, hvor er etiketten? Og jeg husker godt Einar som hadde verdens viktigste jobb...

    SvarSlett