mandag 27. september 2010

If it's not on tape, it didn't happen...

Eit velkjent uttrykk i fallskjermmiljøet. Ein kan anta at det oppstod fordi fallskjermklubben utelukkande har det meste på video. Det er alltid ein eller anna luring som har video- eller fotokamera i umiddelbar nærhet når det skjer noko. Men i går skulle unntaket som bekrefta regelen sjølvsagt skje.

Vi står på Bømoen og følger spent med på landingane etter eit Malvinløft. Det er litt gusting i vinden, og den kjem frå ein velkjent turbulent retning. Dei kjem inn og landar fint, berre litt trekkspeltendensar på enkelte. Halvard kjem flygande innover og landar nærmt feltet, rett ved dei to trærne som har slakkline mellom seg. Det er litt småturbulent, og litt panisk velger hna å flare ganske kjapt like over bakken. I samme sekund tar vinden seg litt opp, og han blir kasta tilbake opp i lufta, kanskje 3-4 meter. Flare'n er brukt opp, og det ser ut til å bli eit nådeløst møte med moder jord. Men ifølge hoduvpersonen sjølv, var han til tross for høglytte rop,  "HELVETE!!" heilt klar på sine alternativer. Han blei kasta mot venstre, og der står det ...


(hold fast)

Ei trampoline. Omkrinsa av sikkerhetsnetting for barn, og 6-7 stenger på rundt 2-3 meter rundt, for å holde nettingen oppe. Men mannen er faen så treffsikker. Han landa MIDT i mellom alle faremomentene. Får seg ein vennlig sprett og ruller av kanten og ut gjennom sikkerhetsnettet. Neste gang treffer han bakken, men er straks på beina og hevder det ikkje gjorde vondt. Tilbake står publikum og lurer på om det er ok å le så vi griner.  Åshild som var på samme løftet løper for å sjekke om han er heil (legestudent og usedvanlig praktisk å ha med å gjere i slike situasjonar). Konklusjonen er null skader. Tandempassasjeren som står klar til å gå på neste løft har overhode ikkje peiling på kor mykje gratis underhaldning han har fått med i prisen.

Eg er lei for at eg ikkje kan illustrere dette stuntet. Ta gjerne direkte kontakt med Halvard for å høyre historien frå den aktuelle vinkelen. No må eg finne på noke som kan få meg til å slutte å le.

1 kommentar:

  1. Hahahaha! Er dette eit eksempel på flaks eller berre ekstrem treffsikkerheit? Og tenk om det hadde stått ungar på trampolina då: hopp-hopp, oi, der kom det en mann frå lufta og ville vere med og, gitt!

    SvarSlett