onsdag 15. september 2010

Dei siste vekene...

 ... har eg vert innom fem forskjellige hotell rundt omkring i landet. Til fornøyelse (og forundring) kunne bl.a. hotell Panorama i Trondheim skilte med både popcornmaskin og softismaskin, free of charge, for alle gjestane. Ellers har eg oppdaga at det slett ikkje er obligatorisk med denslags service for å tilfredsstille meg. Gje meg eit reint håndkle og ei god dyne, så kan eg sove neste kvar som helst.



Eg har tatt kjørt bil, buss, trikk, tog, fly, båt og sykkel, samt spasert ein god del. Og stått i heis. Av og til er heisane lange, og av og til er dei korte. Den heisen som var i Tyholt-tårnet i Trondheim var ganske lang, og tok oss 75 meter over bakken for å nyte utsikta over byen medan vi åt på Egon. Så roterte den i tillegg, til min store oppdagelse.
Den roterte ca ein runde i timen. Det føltes litt som eit solur, når vi omsiden hadde rotert halvanna runde og eg kunne vite kva klokka var.

Frilanslivet er ikkje så ille, men det kan vere ganske så utmattande å aldri vere heilt asvlappa. Derfor er eg takknemlig for å skulle tilbringe dei neste to vekene heime, bortsett frå ein kort tur til Stavanger med Kaia, og forhåpentlegvis treffe Ragnhild og kanskje også Camilla?

Siv: Eg og Camilla gjekk oss faktisk nesten vill i Venezia. Dessuten gadd vi ikkje å leige sånne gondolbåta, for den båten som gjekk i skyttel mellom byen og parkeringsplassen (ja, ein måtte køyre inn på eit svært parkeringsområde og ta båten derifrå) var eigentleg meir enn nok på det skitne vatnet. Sjå no berre sjølv:


"Hvor er willy?"
Og så åt vi ein pasta som smakte ingenting og kosta alt. Alt eg hadde i lommeboka iallfall. Så sånn var det!

3 kommentarer:

  1. Haha, at du åt ein pasta som kosta alt du hadde i lommeboka hausten 2007 seier meir om lommeboka di på den tida enn om prisnivået i Venezia, drister eg meg til å tenke;) Ellers er eg litt misunnelig på norgeserfaringa du får, har sjølv reist pinlig lite innenlands bortsett fra rett linje bergen-jotunheimen-rondane-oslo etc. Tenker forresten debutere på bybanen imåra, eg gler meg! Spørs om eg gidder drasse på tau, men 20kr er da ikkje så ille å ofre ;)

    SvarSlett
  2. Hahaha, eg drister meg til å tenke det samme som Sunniva når det gjeld pengenivået i lommeboka di på den tida, men eg sat vel igrunn igjen med samme følelsen på den pastaen nokre gonger ja:P

    Og Sunniva: lykke til med bybane-debuten!

    SvarSlett
  3. Karolinski Hegreneski5. november 2010 kl. 02:53

    Ugg. Nokon sinne vore i TV-tårnet i Berlin? Samma greia. Du prøver og 'nyte' en pils, men eigentleg trur du konstant du ventar på å få eit epilepsi-anfall. Kvalmande roterande greier.

    SvarSlett