mandag 5. juli 2010

Skjermflygerkvinnen

Veko er over for i år. Eg har ikkje veldig mange fleire kommentarar enn Sunniva har om saken, så eg kan anbefale å lese det direkte derifrå. Eg har overlevd årets ekstremsportveko med ca 8 enorme myggstikk, tøysko i pisseregn, mystisk heimebrygg i skogen, tannbørste på avveie og ein ganske bedugget telefon heim til mor for å forklare at vi har det bra. Og det hadde vi :-)

I tillegg til fest og fjas, har vi hoppa litt fallskjerm. Bildebevis følger.






















Ordentlig feminin stil, skjerm og hoppdress. Håpa på å utvikle meg som skjermkjører og begynne med swooping etterkvart.






















Sjå mamma, det er Karoline som landa!
















Gratis Flåge på creeper'en under mandagens Rookie-cup. Enten prata vi taktikk, eller så er det heftig sladring på gang.

(Takk til Trond Teigen for flotte bilder. Dei låg på facebook, så om det er eit problem at eg bruka dei, så kan du begynne med å fjerne dei deifrå. Ellers alt ok!)

New haircut

Klipte meg på fredag, etter ein liten dag med frustrasjon over frittfallfloker, slitte tupper og generell mangel på noke "nytt" reint utseendemessig. Flaks at eg hadde Anders i umiddelbar nærhet, som umiddelbart forstod kva eg var ute etter, og som har ein fin dreis på saks og kam.

Resultatet:























Ønska meg kommentar fra mamma og Idol-Siv, spesielt. Ka syns dåke?

fredag 25. juni 2010

Ufrivillig turist

Nytt design på bloggen! Ikkje upassande, om eg sjølv kan få kommentere det. Det er sommer og eg føler meg glad til sinns :-)

I natt hadde eg ein festlig opplevelse! For mange vil kanskje ein seks timer lang togforsinkelse vere katastrofalt, men eg sitter igjen med over 1000,- ekstra i lønn på grunn av strømbrudd på toglinjene mellom Myrdal og Mjølfjell. Eg skulle av på Voss og overnatte hos Karoline, og hadde ikkje noke hast. Guro derimot, skulle opp klokka halv åtte og ta buss til Stord for å synge i kor.


















Vi nådde Myrdal rundt klokka 21, og fekk umiddelbart beskjed om at det kom til å ta litt tid. Vi fekk først kaffi og te gratis i spisevogna, men etterkvart måtte dei utvide mattilbodet til pølser og sandwiches. Rundt fire tima seinare blei vi losa over i Flåmsbana. Vi havna dessverre i samme vogn som to amerikanere på tur, som hadde funne seg eit par norske berter å henge med. Og dei drakk wiskey frå pappkrus. Og sang. Og når ho norske blondina sa "oooh, I should have brought my guitar!!" blei eg straks glad for at ho ikkje hadde gjort det. Flåmsbana er nok ein bedre opplevelse på dagtid, sjølv om eg kunne skimte fossefall og siluettar av fjell der ute.

Taxi frå Flåm til Bergen, men eg hoppa av nedi vegen ved folkehøgskulen på Voss. Heime klokka 03.30, med over 1000,- i ekstra inntekt på grunn av reisetid og nattillegg. Fornøgd med det ja! Og dagen i dag har bestått av pusekos og støvsuging. I morra er det Norgescup'en i freefly på Voss, og eg skal delta med Sunniva og vårt formidable fallskjermteam Gratis Flåge.


Håpa det ikkje blir sånne hopp:
 

















Men eg håpa det blir sånne hopp:


















Og eg håpa eg kan få ein sånn ein gang:


onsdag 23. juni 2010

Ut på eventyr!


Etter ei heilt skremmande fantastisk fallskjermveke på Voss (takk til D-Dog og Sunniva for
 det) var det både sunt og nødvendig for meg å komme meg "ned på jorda" bokstavleg talt. Derfor tenkte eg at eit firedagers jobboppdrag i innlandshøgfjella skulle gjere susen.

Detaljane om kor eg er og kva eg driv med, får du ikkje. Det du derimot kan få, er eit knippe fotografi som viser korleis eg og min kollega Guro har det for tida. Bildeserie følger:








Før avreise heimefrå. Digg vær og god stemning!

 
Tidenes tøffaste tog med ordentlige togvindu!


Hemsen på hytta vår er ein godt egna buldresite!




Har igrunn ingen kommentar til dei siste tre bildene. Sjølvutløser, tolketrim, lange dagar. No er vi snart klar for middag og ein ny kveld utan veldige planar. Lenge leve frisk luft, hester i hagen og betaling til kl. 22.00 kvar kveld.

mandag 7. juni 2010

Temablogg: øl

Eg har starta eit nytt konsept: temablogg! Det er altså slik at eg skal velge eit tema (i dag er temaet øl) og så skal eg romstere i mine eigne fotoalbum og sjå kva eg kan finne av bilete som er aktuelle. Så skal eg velge ut dei eg likar best, og skrive ein kommentar til det aktuelle bildet.

DAGENS TEMA: ØL

Bilde 1: Gjett kva land desse gutta kjem frå!

Var det vanskeleg? Nei. Trudde ikkje det. Dei er irske, og jobba i baren når mamma og Garret gifta seg hausten 2006. Dagen blei feira utanfor Dublin, på eit flott hotell med fjong fest og levande musikk. Og bar, sjølvsagt. Historia bak biletet er lett - eg syns dei såg så irske ut at eg ville ha bilde av dei. Haha!

















Bilde 2: Sommar på Bømoen

Aaah! 2006 var elva ved Bømoen perfekt! Eg hugsa det kjempegodt, vi bada masse og tok oss titt og ofte ein svipptur ut av kokande varme på feltet og inn i den svale og deilige elvebrisen. Her har eg laga fiskesnøre med ølflasker, som eg like etterpå slang uti det kjølige, rennande smeltevatnet. Smart?

















Bilde 3: Ein av mange tilfeldige studentfestar!

Korleis vi har klart å få tak i ei heil kasse øl er meg framleis ikkje bekjent, men eg hugsar at vi i hui og hast beina avgårde til Reserve-Philipp for ein fuktig aften, midt i veka på hausten i 2006. Sikkert før vi begynte å jobbe for Norsk Statistikk, det kan eg sjå på dei glade ansikta våre. Eg hugsa berre at det var ein kanonfin kveld med masse kvalitetsfolk.

















Bilde 4: Guinness!

Dublin, august 2009. Dette bildet kan tale for seg sjølv. Ein duggfrisk Guinness, rett frå produsentens eigen tank, i toppetasjen på Guinness Brewery, eller museet om du vil. Ai-ai! Eg har sånn Dublin-lengsel at eg ikkje veit kor eg skal gjere av meg..!

















Bilde 5: Hippie i St. Petersburg

Eg gjekk gjennom alle bildene frå denne kvelden for å finne ein god kandidat til bloggen. Dette var eit av bilda der verken meg eller Anna framstod som håplaust drita, sjølv om det var det vi var. Eg må le. Denne dagen skapte eg, Anna, Benedicte og Sunniva eit av mine aller beste minner. TAKK JENTER! (Legg forresten merke til t-skjorta, buksa, veska, hårbandet, håret, sminka og kor godt vi glir inn på det grønne underlaget. Har sjelden følt meg så hippie før!)

















No oppfordrar eg deg til å lage temablogg! Kan anbefalst. Kjekt å sjå gjennom gamle bilder på dataen.
Skal snart stupe i seng. I morra er det finværsdag på Bømoen, og trening med Gratis Flåge. Can't wait!

fredag 4. juni 2010

Gått fra vettet?

Dagen har komt. Dagen eg ikkje har heilt sett fram til, fordi den både er skummel og i mange tilfelle usikker. Eg snakkar om dagen for siste eksamen på eit fulltids bavhelorstudium. Dagen for å gå frå student til "ferdig utdanna" innanfor det faget ein har tråla gjennom kvar dag og kvar natt dei siste tre åra (og fire, i mitt tilfelle!). Det er ikkje berre berre å skulle godta seg sjølv som noko anna enn student. Kva med SIB-medlemskap og studentkort på bussen? Herregud, eg er då berre 22 år og langt ifrå klar for å betale ned på studielånet mitt?

Shit. What to do.

















Den fine tolkeklassa mi. Nede frå venstre: Mona, Nina og Kaia. Oppe frå venstre: Kristin, Guro, meg, Andreas, Kirsten og Ragnhild. Eva Marie var ikkje tilstede.

Men eg har då allereie føresett at dette skulle skje. Så eg har rett og slett ordna meg med vidare studier, i tillegg til min nyerverva jobb som frilans teiknspråktolk i Hordaland. Eg skal til og med fortsette på samme skule, berre ei anna avdeling. Frå bachelorprogram i tolking for døve, døvblinde og døvblitte går eg herved over til avdeling for ingeniørfag og forkurs. Eg skal bli smart i tillegg til flink. Genialt, tenker eg. Kan med andre ord få stipend, trene på SIB, kjøpe billig busskort og håve inn gryn på den godt betalte jobben min. Spørsmålet er vel heller: skal eg studere på si, eller jobbe på si?






















 I eit uttrykk heiter det å "gå fra vettet". Eg lurer iblant på om eg har gjort det. I det minste har eg rota det vekk og det ligg kanskje langt nedi sekken min i ei ubrukt lomme, men eg trur eg har det med meg overalt.

onsdag 26. mai 2010

Ekstreme samlere

Eg sitte for øyeblikket i sofaen og gleda meg til praktisk eksamen i morra. Har gått gjennom alt av nødvendig førebuing opptil fleire ganga, samt at eg har alvorlig god tid på meg til å øve i morra før eksamen. Skal inn 15.30!
Philip og Espen sitte i stua og skriver "takk til"-liste for bacheloroppgåva si. Eg trur eg fekk pressa inn ein "takk for isen, Stine", ettersom eg i opptil fleire tilfelle har servert is til Espen når han har vert på besøk. Føles jammen greit å vere motivator! Fins det ei utdanning for det, forresten?

Så eg sitte og ser tv. Har blitt mykje av det i det siste. I dag er det "ekstreme samlere" på TV3 som får oppmerksomheten min. Makan til folk! Eg trudde mamma var ganske vill på samling, men etter at vi flytta frå vårt gamle liv i Modalen kvitta vi oss med det meste av gammalt rusk  fekk eg eit heilt nytt inntrykk av mamma, meir som "kaster" enn "samler". Foreldra til Philip er nok litt verre. Dei har loft, kjeller, garasje og bod i hagen. Ifølge Philip fins det ein søppelpose på loftet med skøyter i alle størrelser. Forundra ikkje meg!

Men i desse folka sine tilfelle har eg ikkje ord. Greit at dei er sosialt utstøtte og går på trygd, er skilt osv., men dette her er hårreisande. Faktisk så meiner eg "ekstreme samlere" er feil bruk av programtittel. Folka har riktignok jævlig skitne og ugjennomtrengeleg rotete hus. Men eg vil nødig kalle det "samling" når ein person velger å tørke seg i ræva og legge papiret på golvet istedenfor i do. Det er jo berre sjukt. Ekskrement for faen! Ingenting å samle på!

Og der var den frustrasjonen sluppe ut. Takk.