onsdag 26. mai 2010

Ekstreme samlere

Eg sitte for øyeblikket i sofaen og gleda meg til praktisk eksamen i morra. Har gått gjennom alt av nødvendig førebuing opptil fleire ganga, samt at eg har alvorlig god tid på meg til å øve i morra før eksamen. Skal inn 15.30!
Philip og Espen sitte i stua og skriver "takk til"-liste for bacheloroppgåva si. Eg trur eg fekk pressa inn ein "takk for isen, Stine", ettersom eg i opptil fleire tilfelle har servert is til Espen når han har vert på besøk. Føles jammen greit å vere motivator! Fins det ei utdanning for det, forresten?

Så eg sitte og ser tv. Har blitt mykje av det i det siste. I dag er det "ekstreme samlere" på TV3 som får oppmerksomheten min. Makan til folk! Eg trudde mamma var ganske vill på samling, men etter at vi flytta frå vårt gamle liv i Modalen kvitta vi oss med det meste av gammalt rusk  fekk eg eit heilt nytt inntrykk av mamma, meir som "kaster" enn "samler". Foreldra til Philip er nok litt verre. Dei har loft, kjeller, garasje og bod i hagen. Ifølge Philip fins det ein søppelpose på loftet med skøyter i alle størrelser. Forundra ikkje meg!

Men i desse folka sine tilfelle har eg ikkje ord. Greit at dei er sosialt utstøtte og går på trygd, er skilt osv., men dette her er hårreisande. Faktisk så meiner eg "ekstreme samlere" er feil bruk av programtittel. Folka har riktignok jævlig skitne og ugjennomtrengeleg rotete hus. Men eg vil nødig kalle det "samling" når ein person velger å tørke seg i ræva og legge papiret på golvet istedenfor i do. Det er jo berre sjukt. Ekskrement for faen! Ingenting å samle på!

Og der var den frustrasjonen sluppe ut. Takk.

3 kommentarer:

  1. Hoho, kjekt å kunne lese nytt innlegg på bloggen din når eg prøver å late som at eksamensoppgava mi ikkje finst! :D Lykke til med din praktiske eksamen forresten! (då eg var liten samla eg forresten på: brevpapir, forskjellige såper, fiiiine steinar, kinderegg-ting, pez-figurar og ufattelig mange fotballkort!)

    Psst: høyrer rykter om at du skal til Førde (!?) neste helg? Håpar på at du har tid til ei øl og litt fjas:) Evt berre ein lasagne på Abas!

    SvarSlett
  2. Hæ? Dopapir?! Brukt? ÆÆÆÆSJ. Eg samla på servietter, fotballkort, spice girls-bilder og ikkje minst kosedyr. Hadde over 120 kosedyr ved siste opptelling, og måtte la det gå på rundgang kem av dei som fekk sitte i kosedyr-setet bakpå sykkelen min slik at alle fekk frisk luft. Og for eit styr det var å lage julegaver til alle saman :S

    No samler eg på B-er på vitnemålet (skulle ein tru), hjelmer (skulle ein tru), matoppskrifter og GF-videoer. :D

    SvarSlett
  3. Eg samla på penga. Det er egentlig det einaste eg kan komme på.

    SvarSlett