fredag 25. juni 2010

Ufrivillig turist

Nytt design på bloggen! Ikkje upassande, om eg sjølv kan få kommentere det. Det er sommer og eg føler meg glad til sinns :-)

I natt hadde eg ein festlig opplevelse! For mange vil kanskje ein seks timer lang togforsinkelse vere katastrofalt, men eg sitter igjen med over 1000,- ekstra i lønn på grunn av strømbrudd på toglinjene mellom Myrdal og Mjølfjell. Eg skulle av på Voss og overnatte hos Karoline, og hadde ikkje noke hast. Guro derimot, skulle opp klokka halv åtte og ta buss til Stord for å synge i kor.


















Vi nådde Myrdal rundt klokka 21, og fekk umiddelbart beskjed om at det kom til å ta litt tid. Vi fekk først kaffi og te gratis i spisevogna, men etterkvart måtte dei utvide mattilbodet til pølser og sandwiches. Rundt fire tima seinare blei vi losa over i Flåmsbana. Vi havna dessverre i samme vogn som to amerikanere på tur, som hadde funne seg eit par norske berter å henge med. Og dei drakk wiskey frå pappkrus. Og sang. Og når ho norske blondina sa "oooh, I should have brought my guitar!!" blei eg straks glad for at ho ikkje hadde gjort det. Flåmsbana er nok ein bedre opplevelse på dagtid, sjølv om eg kunne skimte fossefall og siluettar av fjell der ute.

Taxi frå Flåm til Bergen, men eg hoppa av nedi vegen ved folkehøgskulen på Voss. Heime klokka 03.30, med over 1000,- i ekstra inntekt på grunn av reisetid og nattillegg. Fornøgd med det ja! Og dagen i dag har bestått av pusekos og støvsuging. I morra er det Norgescup'en i freefly på Voss, og eg skal delta med Sunniva og vårt formidable fallskjermteam Gratis Flåge.


Håpa det ikkje blir sånne hopp:
 

















Men eg håpa det blir sånne hopp:


















Og eg håpa eg kan få ein sånn ein gang:


2 kommentarer:

  1. Dæven, skal sei bloggen din har blitt oppdatert! Likte designet, og veldig fornøyd med heile to nye innlegg! Fekk skikkelig lyst å ta toget no faktisk. Men aller mest lyst til at du skal ta toget hit :D Hihi

    SvarSlett
  2. Meget passande design:) For ikkje å nemne at det må vere heilt ypperlig å få betalt for å sitte på eit tog og ete pølser og sandwiches!

    SvarSlett