mandag 7. juni 2010

Temablogg: øl

Eg har starta eit nytt konsept: temablogg! Det er altså slik at eg skal velge eit tema (i dag er temaet øl) og så skal eg romstere i mine eigne fotoalbum og sjå kva eg kan finne av bilete som er aktuelle. Så skal eg velge ut dei eg likar best, og skrive ein kommentar til det aktuelle bildet.

DAGENS TEMA: ØL

Bilde 1: Gjett kva land desse gutta kjem frå!

Var det vanskeleg? Nei. Trudde ikkje det. Dei er irske, og jobba i baren når mamma og Garret gifta seg hausten 2006. Dagen blei feira utanfor Dublin, på eit flott hotell med fjong fest og levande musikk. Og bar, sjølvsagt. Historia bak biletet er lett - eg syns dei såg så irske ut at eg ville ha bilde av dei. Haha!

















Bilde 2: Sommar på Bømoen

Aaah! 2006 var elva ved Bømoen perfekt! Eg hugsa det kjempegodt, vi bada masse og tok oss titt og ofte ein svipptur ut av kokande varme på feltet og inn i den svale og deilige elvebrisen. Her har eg laga fiskesnøre med ølflasker, som eg like etterpå slang uti det kjølige, rennande smeltevatnet. Smart?

















Bilde 3: Ein av mange tilfeldige studentfestar!

Korleis vi har klart å få tak i ei heil kasse øl er meg framleis ikkje bekjent, men eg hugsar at vi i hui og hast beina avgårde til Reserve-Philipp for ein fuktig aften, midt i veka på hausten i 2006. Sikkert før vi begynte å jobbe for Norsk Statistikk, det kan eg sjå på dei glade ansikta våre. Eg hugsa berre at det var ein kanonfin kveld med masse kvalitetsfolk.

















Bilde 4: Guinness!

Dublin, august 2009. Dette bildet kan tale for seg sjølv. Ein duggfrisk Guinness, rett frå produsentens eigen tank, i toppetasjen på Guinness Brewery, eller museet om du vil. Ai-ai! Eg har sånn Dublin-lengsel at eg ikkje veit kor eg skal gjere av meg..!

















Bilde 5: Hippie i St. Petersburg

Eg gjekk gjennom alle bildene frå denne kvelden for å finne ein god kandidat til bloggen. Dette var eit av bilda der verken meg eller Anna framstod som håplaust drita, sjølv om det var det vi var. Eg må le. Denne dagen skapte eg, Anna, Benedicte og Sunniva eit av mine aller beste minner. TAKK JENTER! (Legg forresten merke til t-skjorta, buksa, veska, hårbandet, håret, sminka og kor godt vi glir inn på det grønne underlaget. Har sjelden følt meg så hippie før!)

















No oppfordrar eg deg til å lage temablogg! Kan anbefalst. Kjekt å sjå gjennom gamle bilder på dataen.
Skal snart stupe i seng. I morra er det finværsdag på Bømoen, og trening med Gratis Flåge. Can't wait!

4 kommentarer:

  1. Haha, temablogg kan vi like! Og at dei dei to guttane på første bildet enten var a)britiske eller b)irske herska det ingen tvil om!
    Ellers syns eg du hadde fint, langt hår på bilde nr. 4, og at du såg heilt innforj#¤%ig ut på det siste :D

    SvarSlett
  2. Tilogmed ein som aldri har vert der blir Dublin-sjuk av bilde 4! Den øla ser fantastisk god ut!

    SvarSlett
  3. Haha for eit fantastisk innlegg, masse gode minner! Ellers er eg stiv og støl i heile meg i dag, og har foreløbig grounda meg sjølv med te og bok og mac i kroken i stua. Slett ikkje verst det heller. Lever lenge på sistehoppet i går, drømte faktisk om Porteren i stup i natt, bortsett fra at i drømmen sveiva Valerio ned vinduet og vinka til oss opp ned. Haha :D Savner deg her allerede, team mate!

    SvarSlett
  4. Fantastisk Stinemor, Guinness-dagen i Dublin er et minne for livet! Vi hadde det supergøy!Du er kreativ må jeg si, tema-blogg er "luddi" (bergensk og betyr lurt);)

    SvarSlett